Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Menn styrer aksjeselskapa
Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar er uendra dei siste åra. Med 83 prosent dominerer mennene styreromma i aksjeselskapa. I allmennaksjeselskap er derimot 40 prosent av styrerepresentantane kvinner.
Dermed ligg delen kvinnelege styrerepresentantar i allmennaksjeselskapa (ASA) på det nivået kravet om kjønnsrepresentasjon i ASA fastset. Lova tok til å gjelde 1. januar 2008.
I aksjeselskap er 17 prosent av styrerepresentantane kvinner. Den høgaste delen kvinnelege styrerepresentantar finn vi innanfor anna tenesteyting, med 46 prosent, følgt av undervisning, med 37 prosent.
Flest menn i bygg og anlegg
Ni av ti styrerepresentantar innanfor byggje- og anleggsverksemd er menn. Med over 87 prosent av representantane dominerer òg menn i styra innanfor næringane jordbruk, skogbruk og fiske, bergverksdrift og utvinning, industri samt transport og lagring.
72 prosent av aksjeselskapa har berre menn i styra, og høgast del av desse finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 84 prosent av føretaka.
I allmennaksjeselskap er delen kvinnelege styrerepresentantar i alle næringar rundt 40 prosent og dermed ikkje høgare enn kravet om kjønnsrepresentasjon slår fast.
Kvinner i ASA har høgare utdanning
I allmennaksjeselskap har 72 prosent av kvinnene i styra utdanning utover vidaregåande skule. Tilsvarande tal for menn er 63 prosent. I aksjeselskap ligg delen kvinner som har tatt utdanning ved høgskolar eller universitet, på 46 prosent, som er 25 prosentpoeng lågare enn i allmennaksjeselskap.
Vanlegast med eitt styreverv
To av tre styrerepresentantar har berre eitt styreverv, medan nesten ein fjerdedel har to eller tre. 96 prosent av dei kvinnelege styrerepresentantane har inntil tre styreverv, mot 88 prosent av dei mannlege.
Førre publiseringaPubliseringa for aksjeselskap per 1. januar 2009 og nye aksjeselskap i 2008 finn ein her . |
Tabeller:
- Tabell 1 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2010
- Tabell 2 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2010
- Tabell 3 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn. 1. januar 2010
- Tabell 4 Daglege leiarar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2010
- Tabell 5 Styreleiarar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2010
- Tabell 6 Styreleiarar i AS og ASA, etter talet på roller som dagleg leiar og kjønn. 1. januar 2010
- Tabell 7 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2010
- Tabell 8 Nye AS og ASA, etter rollene til dagleg leiar og styrerepresentantane, tal på tilsette, næring og fylke. 2009
- Tabell 9 Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn. 1. januar 2010
- Tabell 10 Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sin landbakgrunn. 1. januar 2010
- Tabell 11 Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sin utdanning. 1. januar 2010
- Tabell 12 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn. 2009
- Tabell 13 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sin landbakgrunn. 2009
- Tabell 14 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sin utdanning. 2009
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29