Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Menn styrer aksjeselskapa
Fordelinga mellom mannlege og kvinnelege styrerepresentantar har ikkje endra seg dei siste åra. Åtte av ti styrerepresentantar i aksjeselskap er menn, medan det er seks av ti i allmennaksjeselskap.
Den kvinnelege delen styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) ligg såleis på det nivået som er fastsett for krav til kjønnsrepresentasjon i ASA.
I aksjeselskapa (AS) er 17 prosent av styrerepresentantane kvinner. Den høgaste delen kvinnelege styrerepresentantar finn vi innanfor anna tenesteyting med 48 prosent, helse- og sosialtenester med 38 prosent og undervisning med 26 prosent av føretaka.
72 prosent av aksjeselskapa har berre mannlege styrerepresentantar. Dess større styret er, dess høgare er delen føretak som har båe menn og kvinner i styret.
Få kvinner er daglege leiarar
Også delen aksjeselskap som har ei kvinne som dagleg leiar, er uforandra på 15 prosent. Kvinner leiar seks av ti aksjeselskap innanfor anna tenesteyting og om lag fire av ti innanfor helse- og sosialtenester.
Delen kvinnelege leiarar i ASA ligg på 8 prosent. Denne delen auka med 3,2 prosentpoeng frå 2004 til 2012.
Tabeller:
- Tabell 1 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2012
- Tabell 2 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2012
- Tabell 3 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2012
- Tabell 4 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn. 1. januar 2012
- Tabell 5 Aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn. 1. januar 2012
- Tabell 6 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter storleiken på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantane sitt kjønn. 2011
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29