Statistikk innhold
Statistikk om
Fagforeiningsmedlemmer og streikar
Statistikken gir tal på fagforeiningsmedlemmer, medlemmer av arbeidsgivarorganisasjonane samt arbeidskonfliktar (streikar og lockouts). Den er basert på frivillig rapportering frå fagforeiningane og frå arbeidsgivarorganisasjonane.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Streikar og lockoutarLast ned tabell som ...Streikar og lockoutar
2021 2022 2023 Endring siste to år Arbeidskonfliktar 12 5 5 -7 Arbeidstakarar i arbeidskonflikt 23 997 13 861 25 575 1 578 Tapte arbeidsdagar 116 250 188 230 75 350 -40 900 Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - FagforeiningsmedlemmerLast ned tabell som ...Fagforeiningsmedlemmer
2021 2022 2023 Endring siste år1 Alle arbeidstakarorganisasjonar 1 972 868 2 017 266 2 061 332 44 066 Landsorganisasjonen i Norge i alt 978 338 992 763 1 007 451 14 688 Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund i alt 230 348 235 649 243 317 7 668 UNIO Hovedorganisasjon for universitets- og høyskoleutdannede 388 220 396 330 398 201 1 871 Akademikerne i alt 243 293 255 006 265 424 10 418 Andre arbeidstakarorganisasjonar i alt 132 669 137 518 146 939 9 421 1Det varierer noko frå år til år kva for fagforeiningar som svarar på undersøkinga, særleg når det gjeld små foreiningar ikkje tilslutta nokon av dei fire store hovudsamanslutningane. Endringstal for gruppa «Andre fagforeiningar i alt» må derfor tolkast med varsemd. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 23. september 2024.
Tilsette i arbeidsgivarorganisasjonane
Tilsette i medlemsbedriftene omfattar alle tilsette uavhengig av om dei faktisk er sysselsette på teljingstidspunktet eller ikkje.
Medlemer i arbeidstakarorganisasjonane
Tal på medlemer i arbeidstakarorganisasjonar omfattar alle registrerte medlemer, også ikkje-yrkesaktive som studentar, pensjonistar med vidare per 31.12.
Hovudsamanslutning
Med hovudsamanslutning meinast ein samanslutning av fleire organisasjonar enten på arbeidstakar- eller arbeidsgivarsida.
Arbeidskonflikt
Med arbeidskonflikt meinast ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år blir rekna ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, blir talt som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsett neste år skal tas med i begge åra. I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meinast nedlegging av arbeidet frå dei tilsette si side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlege streikar, ulovlege streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar blir utestengt frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.
Arbeidstakarar
Med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meinast fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.
Talet på tapte arbeidsdagar
Varigheita av ein konflikt blir målt i talet på tapte arbeidsdagar, dvs. vyrkedagar per uke for den aktuelle gruppa i konflikt, ikkje kalenderdagar.
Næring er koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007).