I dei 5 Arbeidskonflikt: Med arbeidskonflikt meinast ein førebels arbeidsstans av minst ein dags varigheit som følgje av streik og/eller lockout. i 2022 gjekk totalt 188 230 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman i underkant av 13 900 arbeidstakarar. Faktaboksen nedst i artikkelen gir ei oversikt over dei av konfliktane som er registrert hos Riksmeklaren.
I åra med hovudoppgjer i perioden 2012-2020 gjekk i gjennomsnitt om lag 167 000 arbeidsdagar tapt som følgje av arbeidskonflikt. I same periode var det gjennomsnittlege talet på arbeidstakarar i konflikt 14 500, fordelt på 11 arbeidskonfliktar.
– For 2022 viser tala at det har vore fleire tapte arbeidsdagar, og samtidig færre arbeidskonfliktar, enn vanleg, fortel Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn.
Flest tapte arbeidsdagar i undervisningsnæringa
Som i 2021, var det i 2022 flest tapte arbeidsdagar i undervisningsnæringa. Her medførte streiken blant lærarane i KS-området 125 000 tapte arbeidsdagar, som svarar til 66 prosent av totalen. Videre gjekk 53 700 arbeidsdagar tapt i næringa helse- og sosialtenester, som ein følgje av streiken blant barnehageansatte i Private Barnehagers Landsforbund (PBL)-området.
– Nær 179 000 arbeidsdagar gjekk tapt i 2022 som følgje av høvesvis lærar- og barnehagestreiken, og samla stod desse to konfliktane for 95 prosent av alle tapte arbeidsdagar i 2022, seier Tonje Køber.
Medlemsauke i hovudsamanslutningane
Dei fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, YS og Akademikerne, hadde alle ein auke i medlemstala i 2022. LO hadde størst auke i talet på medlemmar, med i overkant av 14 400, men ser vi på prosentvise tal så er det også i år Akademikerne som har størst auke, med 4,8 prosent. Organisasjonen har hatt ein årleg medlemsauke på omkring 5 prosent kvart år sidan 2019.
"Kommuneoppgjøret LO", "Kommuneoppgjøret UNIO" og "Kommuneoppgjøret Akademikerne": https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-030 https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-032 https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-033 "Elektrokjemisk overenskomst, avtalenr. 101": https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-044 "Flyteknikeroverenskomsten": https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-061 "Pilotavtale Norske SAS-flygeres Forening": https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-066 https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-067 "Hovedavtale og hovedtariffavtale": https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2022-078