I dei fem Med arbeidskonflikt meinast ein førebels arbeidsstans av minst ein dags varigheit som følgje av streik og/eller lockout. i 2023 gjekk totalt 75 350 arbeidsdagar tapt, viser statistikken Fagforeiningsmedlemmer og streikar. Konfliktane involverte til saman 25 575 arbeidstakarar. Faktaboksen nedst i artikkelen gir ei oversikt over dei av konfliktane som er registrert hos Riksmeklaren.

Ved førre mellomoppgjer, i 2021, var det uvanleg mange og store arbeidskonfliktar. I 2023 var det nesten 1 600 fleire arbeidstakarar i konflikt enn i 2021, men ein del færre tapte arbeidsdagar. Det følger av at det i 2023 var ein stor konflikt, med eit stort uttak av arbeidstakarar, som berre varte i nokre få dagar.

– Talet på arbeidstakarar i konflikt i 2023 er det høgaste som er målt for eit år med mellomoppgjer i denne statistikken, som dekker dei siste 30 åra. I tillegg har berre eit av desse åra hatt fleire tapte arbeidsdagar grunna konflikt, nemleg 2021, fortel Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn.

Figur 1. Arbeidstakarar i arbeidskonflikt og tapte arbeidsdagar. År med mellomoppgjer 1993-2023

Flest tapte arbeidsdagar i industrien

I 2023 var det flest tapte arbeidsdagar innan industrien. Her medførte streiken i forbindelse med mellomoppgjeret i LO og YS totalt 72 800 tapte arbeidsdagar, som svarar til heile 97 prosent av alle tapte arbeidsdagar. Konflikten omfatta flest arbeidstakarar i industrien, men den dekte også mange andre næringsområde. I statistikken plasserast konfliktane i den næringa der flest arbeidstakarar blei tatt ut, i dei tilfella der desse dekkjer fleire næringsområde.

– Det var i underkant av 25 500 arbeidstakarar som var involvert i den mest omfattande konflikten i 2023, som tilhøyrde industrien. Konflikten stod for nesten alle dei tapte arbeidsdagane grunna konflikt i fjor, seier Tonje Køber.

Medlemsauke i hovudsamanslutningane

Talet på medlemmer i arbeidstakarorganisasjonar auka med 44 000, eller 2,2 prosent, frå 2022 til 2023, til i overkant av 2 060 000. Dette er omtrent akkurat like stor auke som året før. Talet på Yrkesaktive medlemmer inkluderer sysselsatte og arbeidsledige medlemmer., auka samtidig med omtrent 31 400, eller 2,3 prosent. Dei fire hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, LO, UNIO, YS og Akademikerne, hadde alle ein auke i medlemstala i 2023. Som året før hadde LO størst auking i talet på medlemmer, med i underkant av 14 700, medan prosentvis hadde Akademikerne også størst auking i 2023, med 4,1 prosent.

Figur 2. Medlemmer i hovudsamanslutningane for arbeidstakarar, 2005-2023

"Opprettelse av tariffavtale ved 360 Logistics AS":

https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2023-001

"Overenskomst for barnehager (nr. 590)":

https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2023-003

"Overenskomst for redningsmenn i Norsk Luftambulanse AS":

https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2023-004

"Mellomoppgjøret 2023 LO" og "Mellomoppgjøret 2023 YS":

https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2023-005

https://www.riksmekleren.no/rikssaker/2023-006