Det var 99 800 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 2. kvartal 2024. Det er ein nedgang på 17 100 stillingar sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Heilt sidan starten av 2022 har det vore stor etterspørsel etter arbeidskraft i arbeidsmarknaden, med over 100 000 ledige stillingar kvart kvartal. Med unntak av førre kvartal har det vore ei avtakande utvikling det siste året, og no har nivået så vidt bikka under 100 000 stillingar, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom bedrifter har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Flest ledige stillingar innan varehandel i privat sektor

I 2. kvartal var det flest ledige stillingar innan privat sektor, med 63 prosent av totalen. Her er det varehandel etterfølgt av forretningsmessig tenesteyting som har flest ledige stillingar. Innan kommuneforvaltninga er det pleie- og omsorgstenester i institusjon som har høgast etterspørsel, med nesten 11 000 ledige stillingar.

For å finne fleire næringsfordelte sektortal, sjå tabell 14307.

Avtakande prosentdel ledige stillingar

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar, både ledige stillingar og eksisterande arbeidsforhold.

Viss enten talet på arbeidsforhold i arbeidsmarknaden aukar eller talet på ledige stillingar avtar, så fører det isolert sett til ein nedgang i prosentdelen ledige stillingar.

Dei siste åra har det vore uvanleg mange ledige stillingar i prosent av alle jobbar. Dette kvartalet var prosentdelen nede i 3,1, som er det lågaste sidan 4. kvartal 2021.

Samanhengen mellom ledige stillingar og arbeidsløyse

Statistikken Arbeidskraftsundersøkinga (AKU) viser at Personar 15-74 år utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i løpet av dei siste fire vekene, og som kunne ha starta å arbeide i løpet av to veker vert rekna som arbeidslause. Ufrivillig permitterte vert rekna som arbeidslause dersom dei har vore permitterte samanhengande i minst tre månader og elles oppfyller kriteria som søking og tilgjengelegheit. har auka dei to siste åra, frå eit i utgangspunktet lågt nivå, til 4,2 prosent i 2. kvartal. Sist gong arbeidsløysa var same nivå var i 3. kvartal 2021.

– Arbeidsløysa har auka dei to siste åra, samstundes som prosentdelen ledige stillingar har gått ned. Dette kan tyde på at veksten i norsk økonomi er mindre enn før, seier Køber.

I denne artikkelen brukast kvartalstala frå tabell 07458. For 2. kvartal var denne 4,2 prosent, og dette talet er eit gjennomsnitt av dei sesongjusterte månadstala for april, mai og juni.

Arbeidskraftsundersøkinga har publisert nyare tal enn dette. I følgje dei siste tala, i tabell 13760, var arbeidsløysa på 4,0 prosent for tremånadersperioden mai til juli. I same tabell viser trendtala ei arbeidsløyse på 4,0 prosent for alle dei siste publiserte enkeltmånedane (frå mars til og med juli).

Talgrunnlag for Beveridgekurva: Ledige stillingar (Statistikkbank-tabell 11587) og Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal (Statistikkbank-tabell 07458).