Talet på Ledige stillingar: Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. gjekk opp med 10 300 frå førre kvartal. Det er ein oppgang på 10 prosent, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Det er framleis ein stor etterspørsel etter arbeidskraft. Oppgangen vi såg på starten av året svarer til nedgangen som var på slutten av fjoråret. Nivået er no omtrent på same nivå som det var i 2. og 3. kvartal i fjor, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

Det er framleis flest ledige stillingar innan varehandel, på et forholdsvis stabilt nivå frå førre periode, med 13 100 ledige stillingar. Dette kvartalet aukar etterspørselen etter arbeidskraft innan helsetenester med heile 43 prosent, til 12 700 ledige stillingar.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

Størst etterspørsel etter arbeidskraft i privat sektor

Den nye statistikkbanktabellen 14307 inneheld ledige stillingar fordelt på sektor og næring. Sektorfordelte tal viser at det var 82 200 ledige stillingar innan privat sektor og offentleg eide føretak. Innan kommuneforvaltninga og statleg forvaltning var det høvesvis 27 100 og 13 900 ledige stillingar. Dette kvartalet var med andre ord to tredjedelar av alle dei ledige stillingane i privat sektor. For å finne fleire næringsfordelte sektortal, sjå tabell 14307.

Størst etterspørsel i Oslo

Det var størst etterspørsel etter arbeidskraft i Oslo, med 21 000 ledige stillingar, etterfølgt av Vestland som hadde 15 100 ledige stillingar. I Oslo var det flest ledige stillingar innan forretningsmessig tenesteyting, varehandel og informasjon og kommunikasjon. I Vestland har det vore større etterspørsel etter helserelaterte stillingar, der to av dei tre mest etterspurde næringane var helsetenester og pleie- og omsorgstenester i institusjon.

For ei fullstendig oversikt over ledige stillingar i ditt fylke, sjå tabell 14306.

Statistikken over ledige stillingar er utvida med to nye tabellar med inndeling på fylke, sektor og næring. Med dette har statistikkmetoden blitt gjennomgått for å kvalitetssikre estimeringa av tala. Resultatet frå gjennomgangen blei at nokre stratumgrupper blei slått saman og at trekkesannsyna blei justert. Nye stratumgrupperingar og endra trekkesannsyn gjer at vi ikkje kan rekne tal for dei nye tabellane tilbake i tid.

Koronakrisa påverkar statistikken over ledige stillingar på fleire vis som er viktig å ta omsyn til når ein tolkar tala. I dei sesongjusterte tala har vi følgt Eurostat sine retningslinjer som seier at effekten av koronakrisa ikkje skal inngå i grunnlaget for sesongmønsteret. Det inneber at vi frå og med 2. kvartal 2020 antar at sesongmønsteret er uendra, og at vi korrigerer for den systematiske sesongvariasjon berekna på data før koronakrisa. Vi gjer dette frå og med 2. kvartal fordi referansetidspunktet for 1. kvartal i statistikken over ledige stillingar er utgangen av februar, altså månaden før koronakrisa inntrefte. Vi avslutta handteringa av koronakrisa etter 1. kvartal 2022. Frå og med 2. kvartal 2022 inngår nye data i grunnlaget for sesongmønsteret. 

Talet på arbeidsforhold (jobbar), som vil seie størstedelen av nemnaren i prosentdelen ledige stillingar, har bevega seg mykje etter 2. kvartal 2020. Særleg gjeld dette næringar som i større grad har blitt ramma av dei nasjonale tiltaka for å redusere spreiinga av koronaviruset. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold i perioden heng saman med oppseiingar, langvarige permitteringar (permitteringar over 90 dagar blir ikkje rekna som sysselsetting), mindre bruk av tilkallingsvikarar og færre nytilsettingar. Ein nedgang i talet på arbeidsforhold fører isolert sett til ein auke i prosentdelen ledige stillingar, medan ein auke vil føre til det motsette.