Det var 101 800 Stillinga må være utlyst, formelt eller uformelt. Uformelle utlysingar er til dømes oppslag i butikk eller formidling via tilsette, venner eller familie. Ledige stillingar som berre er opne for interne søkjarar, blir ikkje rekna som ledige etter denne definisjonen. Ei utlyst ledig stilling blir talt med sjølv om den på referansetidspunktet er oppteken. Talet på ledige stillingar er ein størrelse på behaldninga av ledige stillingar på referansetidspunktet, ved utgangen av midtre månad i kvartalet. i 3. kvartal. Det er ein oppgang på 2 prosent sidan førre kvartal, viser sesongjusterte tal frå statistikken Ledige stillingar.

– Etterspørselen etter arbeidskraft har hatt ein nedgang dei to siste åra, mens nivået var ganske stabilt i 3. kvartal. På tross av ein nedgang på nær 21 prosent sidan toppnivået i 1. kvartal 2023 er etterspørselen etter arbeidskraft framleis på eit høgt nivå, seier Stine Bakke, seniorrådgivar i Statistisk sentralbyrå.

Tala for ledige stillingar viser behaldninga på eit gitt tidspunkt i kvartalet, og ikkje tilgangen på nye stillingar i løpet av kvartalet. Det betyr at dersom verksemder har stillingar dei ikkje klarer å fylle, så kan dei inngå i statistikken i fleire periodar.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte, trend og ujusterte tal

60 prosent auke i fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting

Størst auke i talet på ledige stillingar finn vi innan fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting. Denne næringa inneheld blant anna konsulentverksemd, rekneskap og revisjon. Talet auka frå 5 100 til 8 200, som er ein auke på over 60 prosent. Næringa er hovudsakleg berre plassert i privat sektor, og flest ledige stillingar finn vi i Oslo (2 300), etterfølgt av Akershus (900) og Vestland (900).

Høg etterspørsel etter arbeidskraft

Ledige stillingar i prosent av det totale talet på stillingar, som består av arbeidsforhold og ledige stillingar. Ei endring i prosentdelen ledige stillingar kan dermed både komme som følgje av endringar i talet på ledige stillingar, og i talet på arbeidsforhold. fortel kor mange ledige stillingar det er i prosent av det totale nivået av stillingar. Det totale nivået av stillingar er både ledige stillingar og eksisterande arbeidsforhold.

Dette kvartalet auka prosentdelen ledige stillingar til 3,2, opp 0,1 prosentpoeng frå førre kvartal. Sidan slutten av 2021 har det vore uvanleg mange ledige stillingar i prosent av alle jobbar. Prosentdelen i 3. kvartal er lågare enn i dei fleste av dei føregåande kvartala, men prosentdelen er framleis høg.

– Ein høg prosentdel ledige stillingar tyder på stor etterspørsel etter arbeidskraft, som blant anna kan skyldast at verksemder har problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft, seier Bakke.