Brann- og ulukkesvern

Oppdatert: 17. juni 2024

Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Bygningsbrannar
Bygningsbrannar
2023
3 117
 
Brann og ulukkesvern, nøkkeltal
Brann og ulukkesvern, nøkkeltal
2023Prosentvis endring
2019 - 20232022 - 2023
Brutto driftsutgifter (absolutte tal)
Utgifter totalt, funksjon 338 og 339 (1 000 kroner)8 526 54329,39,3
338 Førebygging av brannar og andre ulukker (1 000 kroner)1 693 55632,69,7
339 Beredskap mot brannar og andre ulukker (1 000 kroner)6 832 98728,59,3
Netto driftsutgifter (absolutte tal)
Utgifter totalt, funksjon 338 og 339 (1 000 kroner)6 157 81530,310,3
338 Førebygging av brannar og andre ulukker (1 000 kroner)644 51084,717,2
339 Beredskap mot brannar og andre ulukker (1 000 kroner)5 513 30526,09,6
Årsverk
Årsverk i brann- og ulukkesvern per 1000 innbyggjarar0,70-1,4-1,4
Årsverk til funksjon 338 per 1000 innbyggjarar0,23-4,2-4,2
Årsverk til funksjon 339 per 1000 innbyggjarar0,470,00,0
Aktivitet (absolutte tal)
Talet på bygningsbrannar3 117-1,44,7
Talet på piper feia402 579-20,9-11,4
Talet på A-objekt med tilsyn i løpet av året7 597-7,2-5,4
Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Statistikken viser tal for bygningsbrannar, bustadbrannar, tilsyn, årsverk og utgifter innanfor førebygging og beredskap av brann- og ulykkesvern i kommunane. Tenestedata kjem frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), og rekneskapsdata kjem frå kommunane til SSB.

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 25. mai 2023.

Årsverk er ikkje gitt nokon særskild definisjon i rettleiinga til datakjelda (Melding om brannvernet).

A-objekt er definert som bygningar til opphald for eit større tal menneske kor brann kan medføra meir enn alminnelig fare for tap av menneskeliv.

Ein brann blir definert ut frå kor han starta opp. Det inneber at sjølv om det er fleire bygg og bustader innanfor eit område som blir råka av brann, så blir det berre tald éin gong dersom opphavsstaden for brannen er den same. I tilfelle, der ein brann startar opp ein annan stad enn i bygg eller bustad, så skal dette teljast som annan type brann, og vil i SSBs statistikk i staden kunne sjåast i tal for utrykkingar.

Antall utrykkingar: Tal over utrykkingar til brannar og andre utrykkingar (ikkje ambulanseoppdrag, tryggleiksalarm og anna assistanse). Kjelde: Kvartalsrapport om utrykkingar og oppdrag. Hovudregel: Registrering på utrykkingskommune, og ikkje på uhellskommune. Nokon samarbeidande kommunar sender likevel éin rapport per kommune. Det er utarbeida felles tal for samarbeidande kommunar.

Ikkje relevant

Navn: Brann- og ulykkesvern

Emne: Bygg, bolig og eiendom

Foreløpig ikkje fastsett

Seksjon for helse- omsorgs- og sosialstatistikk

Lågaste geografiske nivå er kommune. Det blir òg publisert tal for KOSTRA-grupper, fylker og heile landet.

Årleg publisering i KOSTRA 15. mars (ureviderte tal) og 15. juni (reviderte tal) året etter statistikkåret. I tillegg vert det publisert nasjonale tabellar og eigen kommentarartikkel i vekene etter 15. juni-publiseringa.

Ikkje relevant.

For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine internettsider http://www.ssb.no/kostra/ .

Eigne tabellar kan byggjast frå Statistikkbanken, http://www.ssb.no/statbank/ .

Føremålet med statistikken til SSB på feltet er å gi eit bilete av samanhengen mellom kommunerekneskapet sine data og DSB sin tenestestatistikk Dette er ei av målsetjingane i KOSTRA. SSB har f.o.m statistikkåret 1999 publisert slike data for KOSTRA-kommunane. F.o.m statistikkåret 2001 er data landsdekkande.

Statistikken er viktig for dei sentrale styresmaktene, som har behov for ny informasjon, både for planlegging og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ynskjer å kunne samanlikne førebyggng og beredskap på brann- og ulukkesvernområdet både på kommune- og fylkesnivå og på nasjonalt nivå – og over tid. I eit demokratisk samfunn vert også ulike interessegrupper, politikarar og den einskilde borgaren viktige mottakarar av informasjonen.

Sentrale brukarar er Justis- og beredskapsdepartementet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Kommunal- og regionaldepartementet, regionale og kommunale styresmakter, KS og andre interesseorganisasjonar, forskarar og befolkning.

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Statistikken kan sjåast i samanheng med fleire andre KOSTRA-område. I tillegg blir dei same tenestedata, som inngår i KOSTRA, publisert i sin heilskap (saman med eit langt større datamateriale) av DSB (sjå www.dsb.no ).

Direktoratet for Samfunnstryggleik- og beredskap (DSB) hentar inn tenesteopplysningar og er difor basert på direktoratet sine heimlar.

Statistisk sentralbyrå mottek tenestedata frå DSB for vidare utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av statistikkloven (lov av 21. juni 2019 nr 32) § 10.

Ikkje relevant.

Statistikken er basert på registrering av beredskap og førebygging innanfor brann- og ulukkesvern i alle kommunar, og kommunar med felles brannvesen. DSB mottek opplysningar frå kvart einskild brannvesen som i behandlinga av data blir fordelt på kommunenivå.

Rekneksapsdata blir henta inn via kommunerekneskapen i SSB. For brutto driftsutgifter blir kommunekonsern nytta.

Statistikken omfattar følgjande to funksjonsområde (oppgåvefelt) i KOSTRA:

  • Funksjon 338 Førebygging av brannar og andre ulykker
  • Funksjon 339 Beredskap mot brannar og andre ulykker

Brann- og ulukkesvernstatistikken baserer seg på følgjande datakjelder:

  • Årleg elektronisk innsending av tenestedata frå alle landets brannvesen. Tala blir rapporterte til DSB og omfattar førebyggande tenester ”Melding om brannvernet” og beredskapstenester ”Rapport om hendingar”.
  • Rekneskapsdata henta kommunerekneskapen til SSB.

Tenestedata blir editert i sin heilskap av DSB. Om SSB ved produksjon av KOSTRA-data (bl.a. ved sammenstilling med rekneskapet) oppdagar særeigne tilfelle i talmaterialet, blir dette teke opp med DSB.

Kvaliteten på statistikken er avhengig av korrekte opplysningar frå oppgåvegivarane. Særleg gjeld dette ved dei enkelte kommunane si rapportering om interkommunale ordningar, jf. rettleiinga til "Melding om brannvernet", samt fordeling av ressursar (under her løn) mellom KOSTRA-funksjon 338 og 339.

Ikkje relevant.

SSB sine generelle reglar for prikking blir praktisert.

Tenestestatistikken gir grunnlag for tidsseriar. Dei tilpassingane som har blitt gjort til KOSTRA, endrar ikkje på dette. F.o.m. 2001 var statistikken landsdekkande.

Frå og med 2016 er det en ny rapporteringsløysning til DSB: BRIS. BRIS er utvikla av DSB, og står for brann, redning, innrapportering, statistikk. Data går direkte frå 110-sentralar, og må fyllast ut og godkjennast av brann- og redningsvesen i etterkant. Endringa medfører ikkje brot i statistikken. Meir informasjon blir samla inn i registeret, men talet på personar med kompetanse som utfører tilsyn med a-objekt utgår. Tal for 2016 på denne indikatoren er dermed prikka i statistikken.

Innføring av BRIS som ny rapporteringsløysning, kan medføre eit brot i statistikken frå og med 2016. Det blir vist gjennomgåande til høgare tal på tal over utrykningar. Tal over utrykningar er prikka for 2016, og ny indikator frå 2018

Kvaliteten på statistikken er avhengig av korrekte opplysningar frå oppgåvegivarane. Særleg gjeld dette ved dei enkelte rapporteringa til kommunar og brannvesen om interkommunale ordningar, jf. rettleiinga til "Melding om brannvernet", samt fordeling av ressursar (under her løn) mellom KOSTRA-funksjon 338 og 339.

I følgje Direktoratet for samfunnstryggleik og -beredskap, som sørgjer for å innhente informasjon om brannar frå lokale brannvesen rundt om i kommunane, er det av ulike årsaker grunn til å tru at det er noko underrapportering av brannar, og etterslep av talet på brannar.

Tenestedata blir revidert i sin heilskap av DSB. Om SSB ved produksjon av KOSTRA-data (bl.a. ved sammenstilling med rekneskapet) oppdagar særeigne tilfelle i talmaterialet, blir dette teke opp med DSB.

Førebelse tal publiseras i mars. I juni publiseras endelege tal.

Faktasider

Kontakt