33403_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kbar/arkiv
33403
Høgt produksjonsvolum i industrien
statistikk
2007-10-29T10:00:00.000Z
Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
kbar, Konjunkturbarometer for industri og bergverk, faktisk og forventet utvikling, produksjon, sysselsetting, ordretilgang, markedspriser, ressursknapphet, flaskehalser, kapasitetsutnytting, sammensatt konjunkturindikatorIndustri og bergverksdrift, Konjunkturer, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Konjunkturbarometer for industri og bergverk3. kvartal 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høgt produksjonsvolum i industrien

Samla produksjonsvolum held fram med å stige på tross av ressursvanskar innanfor delar av industrien. Auke i talet på sysselsette og betra kapasitet som ei følgje av eit høgare nivå på nyinvesteringane medverkar truleg til dette.

Konjunkturbarometeret for industrien syner eit høgare produksjonsvolum enn ved den førre målinga, og oppgangen er om lag like sterk som i første halvår 2007. Ordretilgangen er framleis svært god, men det er teikn til noko svakare auke i etterspurnad og prisar på eksportmarknaden. Ei sterkare norsk krone medverkar truleg til dette. Indikator for ressursvanskar1(sjå tabell 16 ) syner ein svakt fallande trend, men held seg på eit svært høgt nivå historisk sett. Høg kapasitetsutnytting og mangel på kvalifisert arbeidskraft er årsaka til dette. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga, er om lag det same som for eitt år sia, medan gjennomsnittleg kapasitetsutnytting held seg på om lag 85 prosent. For internasjonale samanlikningar av kapasitetsutnyttingsgraden, viser SSB til EUROSTAT . Auke i talet på sysselsette og betra kapasitet som ei følgje av eit høgare nivå på nyinvesteringane (sjå Kvartalsvis investeringsstatistikk ), medverkar truleg til oppgangen i produksjonsvolumet.

Samansett konjunkturindikator for industri. 1. kvartal 2001-3. kvartal 2007

Framleis vurderer eit klart fleirtal av industrileiarane det generelle utsynet på kort sikt (4. kvartal 2007) som betre. Forventning om auke i produksjonsvolum og marknadsprisar stør dette resultatet. Samansett konjunkturindikator for industrien2 held fram med å falle og blir berekna til 10 (sesongjustert nettotal) i 3. kvartal. For internasjonale samanlikningar av resultat for denne indikatoren viser SSB til EUROSTAT (EU), Konjunkturinstitutet (Sverige) og Danmarks statistikk på Internett.

Lågare prisauke i eksportmarknaden

Produsentar av innsatsvarer (treforedling, kjemisk industri, metallindustri med fleire) melder om høgare produksjonsvolum enn ved førre måling, men oppgangen er ikkje like sterk som tidlegare. Tilsvarande utvikling er registrert for ordretilgangen. Prisane stig framleis merkbart i heimemarknaden, medan eksportprisane syner teikn til å flate ut. Ei sterkare norsk krone medverkar truleg til dette. Talet på industrileiarar som melder at kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft er avgrensande for produksjonsvolumet, er noko høgare enn på den same tida i fjor og utgjer framleis ei stor utfordring i dei aktuelle næringane. Gjennomsnittleg kapasitetsutnytting blir berekna til om lag 86 prosent, medan talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga er noko lågare enn på den same tida i 2006.

Talet på leiarar som vurderer det generelle utsynet på kort sikt som betre, er om lag uendra frå 2. kvartal, og framleis utgjer desse eit klart fleirtal i dei aktuelle næringane. Forventning om høgare produksjonsvolum og ordretilgang stør dette resultatet. Stadig færre leiarar ventar ytterlegare auke i eksportprisane.

Stadig høgare produksjonsvolum i verkstadnæringane

På tross av kapasitetsvanskar og stor mangel på kvalifisert arbeidskraft melder produsentar av investeringsvarer (metallvarer, maskinvarer, plattformer og skipsverft med fleire) om kraftig auke i produksjonsvolumet. Ein kombinasjon av fulle ordrebøker og stor ordretilgang sørgjer for ytterlegare vekst i samla ordrebehaldning, men prisauken i eksportmarknaden synest no å ha flata ut. Indikator for ressursvanskar i dei aktuelle bransjane ligg framleis på eit svært høgt nivå historisk sett. Full kapasitetsutnytting hos mange føretak og stor mangel på kvalifisert arbeidskraft er årsaka til dette. Talet på arbeidsmånader som er dekte av ordrebehaldninga, er merkbart høgare enn på den same tida i fjor, medan gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for dei aktuelle bransjane blir berekna til heile 91 prosent.

Talet på leiarar som vurderer det generelle utsynet på kort sikt som betre, er om lag uendra frå det førre kvartalet, og framtidsutsiktene synest framleis å vere svært gode. Stadig fleire føretak melder at dei vurderer å justere opp gjeldande planar for nyinvesteringar.

Framleis høg innanlandsk etterspurnad etter konsumvarer

Produsentar av konsumvarer (næringsmiddelindustri, forlagsverksemd, farmasøytisk industri med fleire) melder om merkbar auke i produksjonsvolumet. Stadig høgare etterspurnad frå heimemarknaden er årsaka til dette. Ein nedgang i talet på industrileiarar som meiner at manglande etterspurnad i heimemarknaden verkar avgrensande for produksjonen, stør dette resultatet. Marknadsprisane held fram med å stige i 3. kvartal, men det er teikn til utflating i eksportprisane. Gjennomsnittleg kapasitetsutnyttingsgrad for dei aktuelle bransjane blir berekna til 80 prosent og er dermed på om lag same nivå som ved den førre målinga.

Talet på leiarar som vurderer det generelle utsynet på kort sikt som betre, er noko lågare enn i 2. kvartal, men framleis utgjer desse eit klart fleirtal. Forventning om auka etterspurnad og stigande prisar i heimemarknaden er ei sannsynleg forklaring på dette.

Vurdering av bransjer for 3. kvartal og utsiktene på kort sikt
Bransje Utsikter Bakgrunn
Næringsmiddelindustri, drikkevarer og tobakk ++ Auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Høgare etterspunad og prisar frå heimemarknaden, medan etterspurnad og prisar frå eksportmarknaden er om lag uendra. Det er ein auke i talet på leiarar som vurderer å justere opp vedtekne planar for investeringar. Mange leiarar vurderer det generelle utsynet for 4. kvartal som betre, og det er venta auke i produksjon og kapasitetsutnytting i det neste kvartalet. Den positive utviklinga i prisar og etterspurnad frå heimemarknaden er venta å halde fram.
Trevareindustri ++ Høgare produksjon og sysselsetjing. Ordretilgang frå heimemarknaden er uendra, medan tilgang frå eksportmarknaden er lågare enn i førre kvartal. Framleis auke i prisar. Det generelle utsynet for 4. kvartal blir vurdert som betre, og det er venta auke i produksjon, sysselsetjing og kapasitetsutnytting i det neste kvartalet.
Treforedling +/- Høgare produksjon og kapasitetsutnytting. Lågare sysselsetjing og ordrebehaldning. Positiv utvikling i prisar, men færre enn førre kvartal rapporterer om auka eksportprisar. Det generelle utsynet for 4. kvartal er vurdert som betre, og det er venta framleis auke i produksjon og prisar. Ordretilgangen frå eksportmarknaden er venta å bli lågare i det neste kvartalet.
Kjemisk råvareindustri ++ Auka produksjon og kapasitetsutnytting. Om lag uendra sysselsetjing. Auke i ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden og høgare prisar. Det er ein auke i talet på leiarar som vurderer å justere opp vedtekne planar for investeringar. Mange leiarar ser positivt på det generelle utsynet for 4. kvartal, og auken i produksjonsvolum, ordretilgang og prisar er venta å halde fram.
Metallindustrien, ikkje-jernhaldig - Lågare produksjon og kapasitetsutnytting. Om lag uendra sysselsetjing. Samla ordrebehaldning har auka, medan prisane i heime- og eksportmarknaden er lågare. Det generelle utsynet for 4. kvartal blir vurdert som dårlegare. Ordrebehaldninga er venta å bli om lag uendra, medan prisane er venta å bli ytterlegare svekte.
Verkstadindustrien, i alt ++ Samla sett viser verkstadindustrien auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Ordretilgangen frå heime- og eksportmarknaden har auka. Heimemarknadsprisane er høgare medan eksportprisane er om lag uendra. Mangel på kvalifisert arbeidskraft og kapasitetsvanskar avgrensar produksjonen. Mange leiarar ser positivt på det generelle utsynet for det neste kvartalet. Det er venta framleis auke i produksjon, sysselsetjing, ordretilgang og prisar.
Metallvarer ++ Framleis god utvikling med auke i produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Mange leiarar melder om auke i ordretilgangen og samla ordrebehaldning. Positiv prisutvikling på heime- og eksportmarknaden. Mange leiarar melder at kapasitetsvanskar og mangel på kvalifisert arbeidskraft er avgrensande for produksjonen. Det generelle utsynet er vurdert som betre, og det er venta framleis auke i produksjon og ordretilgang i 4. kvartal.
Maskinvarer ++ Svært mange leiarar melder om høgare produksjon, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Auke i samla ordrebehaldning og prisar på heime- og eksportmarknaden. Mangel på kvalifisert arbeidskraft og råstoff og/eller kraft samt kapasitetsvanskar avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet for 4. kvartal er positivt. Det er venta auka produksjon, sysselsetjing og ordretilgang i det neste kvartalet. Det er òg venta høgare prisar.
Elektroteknisk og optisk industri ++ Høgare produksjonsvolum, kapasitetsutnytting og sysselsetjing. Auka ordretilgang frå heime- og eksportmarknaden. Heimemarknadsprisar har auka, medan eksportprisane er lågare enn i 2. kvartal. Mangel på kvalifisert arbeidskraft avgrensar produksjonen. Det generelle utsynet er positivt, og det er venta framleis auke i produksjon, sysselsetjing og ordretilgang i det neste kvartalet. Det er venta at eksportprisane blir svekte ytterlegare i 4. kvartal.
I kolonnen for Utsikter gir vi ei samla vurdering av nosituasjonen og venta utvikling på kort sikt ved bruk av + og - teikn. Følgjande kodar/konstellasjonar blir nytta: ++
+
²
-
--
-(+)
+/-
Meget god
God
På det jamne
Svak
Meget svak
Svak, men med enkelte positive teikn
Situasjon der + og - faktorar jamnar ut kvarandre

1Denne indikatoren oppsummerar svaralternativ frå spørsmål om faktorar som avgrensar produksjonen i inneverande kvartal som har å gjere med tilgang på ressursar, samt dei som har svart full kapasitetsutnytting. Ein nærmare forklaring av indikatoren er tilgjengeleg i Rapporter 2003/10 , s21.

2Samansetninga til indikatoren samt kopling mot internasjonale samanlikningar er beskrivne i eit eige avsnitt i pressemeldinga for 3. kvartal 2003 (sjå tidlegare publisert ).