Barn si fritid
Oppdatert: 17. januar 2025
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett
2024 | |
---|---|
Friluftsaktivitetar - Fleire gonger i veka | |
Badar ute | 49,3 |
Går på tur i skog, fjell eller park | 12,0 |
Går på ski | 6,0 |
Organiserte treningsaktivitetar | |
Driv med organisert idrett, i alt | 72,2 |
Fotball | 39,3 |
Svømming | 7,6 |
Kampsport | 5,0 |
Treningsmotivasjon - Heilt einig | |
Trener fordi det er gøy | 58,2 |
Trener for å utfordre meg sjølv og få til nye ting | 38,9 |
Trener for å vere saman med vener | 26,4 |
Trener fordi foreldra mine vil det | 5,1 |
Hindre for trening - Heilt einig | |
Kostnadar til utstyr, reise og kontingent | 15,7 |
Skolearbeid | 6,5 |
Lang reiseveg | 5,0 |
Sjå alle tal frå denne statistikken
- 14424: Kjønn, alder og treningsmotivasjon blant barn og unge 2024
- 14434: Foreldres inntekt og hinder for trening blant barn og unge 2024
- 14412: Kjønn, alder og organiserte treningsaktivitetar blant barn og unge 2024
- 14408: Fylke og kor ofte barn og unge gjer friluftsaktivitetar (F) 2024
- 14415: Foreldres utdanningsnivå og organiserte treningsaktivitetar blant barn og unge 2024
Om statistikken
Undersøkinga om barn si fritid kartlegg deltaking i lek, frilufts- og treningsaktiviteter for barn- og unge mellom 6 til 15 år. Vi spør også motivasjon og hindre for trening og friluftsliv. Desse spørsmåla roterast for kvar gjennomføring mellom å handla om trening og idrett, og friluftsliv.
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 14. januar 2025.
Under følger definisjon av viktige omgrep, indikatorar og bakgrunnsvariablar. Definisjon av indikatorar er sortert etter tabell/tema.
Personar i (1000)
Det blir estimert tal på personar i 1000. Viss til dømes talet som blir presentert for indikatoren ‘Skitur i fjell, skog eller mark' er 1 685, betyr dette at det estimerte talet talet på personar som har gått skitur i fjell, skog eller mark, er 1 685 000
Tala er avrunda til næraste heile 1000, og viss estimert mengd er under 500 personar vil dette visast som 0. Det betyr altså ikkje at det estimerte talet faktisk er 0 personar, men at talet er lågare enn 500.
Definisjon av indikatorar
Under følgjer definisjon av viktige omgrep, indikatorar og bakgrunnsvariablar. Definisjon av indikatorar er sorterte etter tabell/tema.
Driv med organisert idrett, i alt
Personar som svarer at dei er med i eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Fotball
Personar som oppgir at dei har spelt fotball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Friidrett
Personar som oppgir at dei har drive med friidrett gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Langrenn eller skiskyting
Personar som oppgir at dei har drive med langrenn eller skiskyting gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Allidrett
Personar som oppgir at dei har drive med allidrett gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Tennis, squash eller badminton
Personar som oppgir at dei har spelt tennis, squash eller badminton gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Handball
Personar som oppgir at dei har spelt handball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Basketball
Personar som oppgir at dei har spelt basketball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Volleyball
Personar som oppgir at dei har spelt volleyball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Dans
Personar som oppgir at dei har dreve med dans gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Ishockey, bandy eller innebandy
Personar som oppgir at dei har spelt ishockey, bandy eller innebandy gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Kampsport
Personar som oppgir at dei har dreve med kamsport, som boksing, karate, eller taekwondo gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Orientering
Personar som oppgir at dei har dreve med orientering gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Svømming
Personar som oppgir at dei har dreve med svømming gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Sportsridning
Personar som oppgir at dei har dreve med sportsridning gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Turn
Personar som oppgir at dei har dreve med turn gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Sykling
Personar som oppgir at dei har dreve med sykling gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Klatring
Personar som oppgir at dei har dreve med klatring gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.
Deltatt i friluftsliv, i alt
Personar som gjer minst ein av følgande friluftslivsaktiviteter i fritida etter skulen:
-
Går på ski
-
Står på skøyter
-
Står på slalåm eller snowboard
-
Går på tur i skog, fjell eller park
-
Sykkeltur
-
Badar ute
-
Båttur
-
Fiskar
-
Ridetur
-
Plukkar bær eller sopp
Går på ski
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har gått på ski.
Går på skøyter
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har gått på skøyter.
Står på slalåm eller snowboard
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har stått på slalåm eller snowboard.
Går på tur i skog, fjell eller park
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har gått på tur i skog, fjell eller park.
Sykkeltur
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på sykkeltur.
Badar ute
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har bada ute.
Båttur
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på båttur.
Fiskar
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har fiska.
Ridetur
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på ridetur.
Plukkar bær eller sopp
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på bær- eller sopptur.
Motiv for å trena
Indikatorar for motiv for å trena er berre stilte til personar som anten er med i idrettslag eller idrettsklubb og/eller som trenar på treningssenter, og som oppgir at dei driv med minst 1 dag i veka eller sjeldnare driv trening eller fysisk aktivitet så mykje at dei blir andpusten eller sveitt. Motiv for å trena det er spurt om, inkluderer:
- Å vere saman med vener.
- Fordi det er gøy.
- For å konkurrera.
- For å utfordre meg sjølv og få til nye ting.
- Fordi foreldra mine vil det.
- For å sjå bra ut. (berre stilt til dei i alderen 12-15 år)
- Fordi det er bra for meg. (berre stilt til dei i alderen 12-15 år)
Hindre for å trena
Hindre for å trena er stilt til foresatte. Det er spurt om:
- Kostnadar til utstyr, reise og kontingent
- Barnet er oppteke med andre ting på fritida
- Skolearbeid
- Føresette har ikkje tid til å følge opp
- Barnet er ikkje interessert i å driva med organisert idrett
- Barnet kjenner ingen som deltek i idrettane [han/ho] har lyst til å vere med på
- Lang reiseveg til aktivitetar som barnet er interessert i
- Barnets helse eller funksjonsnivå. (berre stilt til personar med nedsatt funksjonsevne)
- Andre hinder
- Ingen hinder
Alder
Personane er gruppert etter alder inngangen til månaden då undersøkelsa vart gjennomført. Grupperingane er inndelt etter 6 til 11 år og 12 til 15 år. Grupperingane er inndelt etter 6 til 11 år og 12 til 15 år.
Sentralitet
Sentralitetsindeksen fordeler kommunar basert på nærheit til arbeidsplassar og servicefunksjonar, utan bruk av tettstader i klassifiseringa. Sentralitetsfordelinga følger standard for sentralitet, som kategoriserer alle kommunar frå 1 (mest sentrale) til 6 (minst sentrale). En fullstendig liste over kva kommunar som tilhøyrar kva sentralitetskategori finnes her: https://www.ssb.no/befolkning/folketall/artikler/sentralitetsindeksen.
Utdanningsnivået til foreldra
Viser til foreldra sin høgaste fullførte utdanningsnivå. Baserer seg på opplysningar om høgaste fullførte utdanningsnivå frå register. For meir informasjon om inndeling, se Norsk standard for utdanningsgruppering https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/36
I statistikkbanken er utdanning gruppert slik:
-
Grunnskole eller kortere
-
Videregående
-
Universitet og høyskole kort (opptil 4 år)
-
Universitet og høyskole lang (4 år eller mer)
-
Uoppgitt eller ukjent utdanning
Utdanning i statistikkbanken viser til den foreldra av barnet med høgast utdanning.
Inntektsnivået til foreldra
Inntektsopplysningar er henta frå register, med status frå eitt år før statistikkåret. Me har summert inntekta til foreldra etter inntektsgruppe (kvartilar). Gruppene blir baserte på den samla inntekta til foreldra etter skatt, og det blir teke omsyn til talet på personar i hushaldet foreldra bur i (forbrukseiningar).
• Første kvartil: lågaste 25 prosent av inntektsfordelinga
• Andre kvartil: nest lågaste 25 prosent av inntektsfordelinga
• Tredje kvartilar: nest høgaste 25 prosent av inntektsfordelinga
• Fjerde kvartil: høgaste 25 prosent av inntektsfordelinga
Innvandringsbakgrunn
Basert på opplysningar om innvandringskategori frå befolkningsregisteret grupperes personar som innvandrar frå EU/EØS etc. eller Asia, Afrika, etc. Innvandrar er personar som er født i utlandet av to utenlandsfødte foreldre og som på et tidspunkt har innvandra til Norge.
Innvandrarar frå EU/EØS, etc. (omfattar EU/EØS, Sveits, Storbritannia, USA, Canada, Australia og New Zealand)
Innvandrarar frå Asia, Afrika, etc. (omfattar Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS)
Fylke
Følger standard for fylkesinndeling.
Frå og med 2024 bruker SSB følgjande fylke:
Oslo
Rogaland
Møre og Romsdal
Nordland - Nordlánnda
Østfold
Akershus
Buskerud
Innlandet
Vestfold
Telemark
Agder
Vestland
Trøndelag - Trööndelage
Troms - Romsa - Tromssa
Finnmark - Finnmárku - Finmarkku
Barn si fritid.
350 Seksjon for inntekts- og levekårsstatistikk.
Landsrepresentativt.
Undersøkinga blir gjennomført kvart 3. år.
Ikkje relevant.
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling. Anonymiserte filer er tilgjengelege for forskarar og studentar gjennom Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør.
Målet med undersøkinga om barns fritid er å kartlegge barns fysiske aktivitet, lek og friluftlivvaner. Formålet med denne undersøkinga tredelt. Den skal (1) skaffe indikatorinformasjon om omfanget av fysisk aktivitet, trening og friluftslivsdeltakelse, (2) korleis dette utviklar seg over tid, og (3) korleis det fordeler seg blant barn og unge i befolkninga.
Statistisk sentralbyrå har gjennomført levekårsundersøkingar sidan 1973. Undersøkinga om barn og unges (6-15 år) fritid med spørsmål om fysisk aktivitet og friluftsliv har tidlegare blitt gjennomført i 1997, 2001, 2007, 2013 og 2020. Frå og med 2024 blir undersøkinga gjennomført fast kvart 3 år.
Dei viktigaste brukarane er departement, direktorat og forskingsmiljøa innan områda barn og unge, fritid og nærmiljø, og levekår generelt.
Ut over dette tenar statistikken som grunnlag for informasjon til media og andre som er interessert i tilstanden og utviklinga til barn og unges levekår
Ingen eksterne brukere har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no. Publisering av statistikk skal forhåndsvarsles senest tre måneder i forveien i Statistikkalenderen. For mer informasjon, se Prinsipper for likebehandling.
Statistikken utvikles, utarbeides og formidles med hjemmel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Ikkje relevant.
Populasjonen i undersøkinga om barns fritid er barn og unge i alderen 6-15 år som er busett i Noreg.
Datakjelda i statistikken om barns fritid er intervjuopplysningar frå spørjeundersøkinga som blir gjennomført kvart 3. år og ulike tilkopla registeropplysningar.
I 2024 er undersøkinga om barns fritid gjennomført som ein web-basert tverrsnittsundersøking med eit bruttoutval på 7 500 personar.
Utvalet er nærare beskrive i dokumentasjonsnotatet, sjå under «Relevant dokumentasjon».
Det blir også kopla på ulike registeropplysningar frå Folkeregisteret, bustadregister, utdannigsregistre, inntektsregister og FD-trygd. Kva registeropplysningar som blir henta inn er dokumenterte i dokumentasjonsnotatet frå undersøkinga.
Datainnsamling
Datainnsamlinga vart gjennomført som webundersøklese dei tre siste vekene i april 2024.
Editering
Web-skjemaet er programmert med kontroller og advarsler for å unngå feil svar eller registreringsfeil under intervjuet.
Beregningar
Utvalet i undersøkinga om barns fritid er trekt så det skal spegla befolkninga i alderssegmentet undersøkinga rettar seg mot (6-15 år).
Analyseeininga er person.
Ikkje relevant.
Intervjuere og alle som arbeider i Statistisk sentralbyrå har taushetsplikt. SSB har utnevnt eget personvernombud.
SSB offentliggjør ikke tall som medfører fare for avsløring av enkeltopplysninger om personer eller husholdninger.
Mer informasjon finner du i avsnittet ‘Konfidensialitet’ på SSBs side om metoder i offisiell statistikk.
Frafallsfeil
Sidan fråfallet ikkje er jamt fordelt for ulike undergrupper i populasjonen ein trekkjer frå, vil ikkje nettoutvalet vera fullt ut representativt for populasjonen ein ønskjer å dekkja. Det varierer kor tilbøyelege deltakarar i spørjeundersøkingar er til å svare, noko som kan føre til skeivskap i datagrunnlaget. Denne skeivskapen varierer mellom grupper og kva variabel ein ser på. For å korrigera nokre av skeivskapane nettoutvalet har samanlikna med populasjonen, blir det laga ei vekt. Vekta lèt personar med kjenneteikn som er underrepresenterte telle meir, medan personar med kjenneteikn som er overrepresenterte tel mindre. Følgjande kjennemerke inngår i berekninga av vektene i 2024: kjønn, alder, foreldres utdanningsnivå og inntekts, og landsbakgrunn.
I utvalsundersøkingar kan me ikkje vita heilt sikkert om det resultatet me får er det same som me ville fått om me hadde kunna gjera ei totalteljing. Dette gir ei viss uvisse. For å berekna uvissa i resultatet for eit kjennemerke kan ein nytta standardfeilen. Ved hjelp av standardfeilen er det mogleg å berekna eit intervall som med eit bestemt sannsyn inneheld den sanne verdien av ein berekna storleik. Slike intervall blir kalla konfidensintervall. Ser ein på ei gruppe med få observasjonar blir konfidensintervallet større, og det blir også større dersom den observerte prosentdelen nærmar seg 50.
Jo mindre eit utval er, jo større er uvissa om resultata. Eit døme kan illustrera uvissa om det å analysera små grupper. Dersom me observerer at 12 prosent av barn i alderen 6-11 år har spelt basketball og veit at det er 2 239 respondentar i denne aldersgruppa, kan me berekna eit konfidensintervall for andelen. Standardfeilen til den observerte prosentdelen er 0,8 når talet på observasjonar er 2 239. For å rekna ut konfidensintervallet kan ein bruka formelen observert prosentdel ±(2 × standardfeil). Dette gir eit konfidensintervall som med 95 prosents sjanse inneheld den sanne verdien i populasjonen. I dette tilfellet vil den «sanne» andelen barn i alderen 6-11 år som har spelt basketball vera mellom eit konfidensintervall som strekkjer seg frå 10,4 til 13,6 prosent.
I Statistikkbanken blir publisert det berre talet for grupper på minst 100 respondentar. Dersom talet på respondentar i ei gruppe er mindre enn 100 vil det ikkje visast tal for indikatorane for denne gruppa, fordi tala er usikre.