Fysisk aktivitet – som å drive med friluftsliv eller å delta på organiserte idrettsaktivitetar – blir rekna som viktig for den sosiale og fysiske utviklinga til barn og unge.
– Nye tal viser at 99 prosent - altså nær alle barn og unge - driv med friluftslivsaktivitetar, og over 70 prosent driv med organiserte treningsaktivitetar, seier Håvard Bergesen Dalen, seniorrådgiver i Statistisk sentralbyrå.
Dette kjem fram av resultata frå undersøkinga om barn si fritid 2024.
Figur 1 viser at det er store forskjellar i andelane som gjer ulike friluftslivsaktiviteter. 97 prosent badar ute, og nær halvparten oppgir at dei badar fleire gonger i veka. Vi har spurt kor ofte barn badar når det er sesong for det. Ein annan populær og mindre sesongbestemt friluftslivsaktivitet er å gå på tur. 94 prosent går på tur i skog, fjell eller park, og 33 prosent gjer dette minst ein gong i veka.
Litt lengre ned på lista finn vi aktivitetar som skigåing, skøyter, båttur, fisking, bær- og soppsanking, slalåm eller snøbrett, og riding.
– For alle aktivitetar er deltakartala ein del høgare enn det som er registrert i den vaksne befolkninga, seier Bergesen Dalen.
Undersøkinga om barn si fritid kartlegg deltaking i leik, frilufts- og treningsaktivitetar for barn og unge mellom 6 til 15 år. Delen om trening kartlegg deltaking i organisert idrett, og ulike treningsaktivitetar. Delen om friluftsliv kartlegg aktivitetar som fotturar i fjell, skog eller mark og fiske. Vi spør også om motivasjon og hinder for trening og friluftsliv. Datainnsamlinga vart gjennomført som ei webundersøking dei siste tre vekene i april 2024. Utvalet omfattar 7 500 tilfeldig trekte barn i alderen 6-15 år. Av desse svarte 3 263 på undersøkinga. Det gir ein svarprosent på 44. Første del av undersøkinga var det føresette som svarte på. Her var det mellom anna spørsmål om hinder for barnet sitt deltaking i organisert idrett. For dei andre spørsmåla vart det anbefalt at ein føresett svarte saman med dei minste barna (6-11 år), og for barna i alderen 12-15 år vart det anbefalt at ein føresett var i nærleiken når barnet svarte. Tala er vekta for å justera for skeivskapar i kven som deltek i undersøkinga. Vektinga skal sikra at grupper som er underrepresenterte i undersøkinga (t.d. innvandrarar) blir riktig representert i resultata.
Ulik inntekt, ulike aktivitetar
Foreldra sitt samla inntektsnivå utgjer skilnadar kva gjeld om barn og unge har drive med ulike friluftslivsaktivitetar eller ikkje. Figur 2 viser inaktivitet, altså prosentdelen som ikkje har prøvd dei ulike friluftslivsaktivitetane. Tala er fordelte etter foreldra sitt inntektsnivå.
Sjølv om dei aller fleste barn driv med ein eller anna friluftslivsaktivitet, er det ein del av aktivitetane som aukar i takt med foreldra si inntekt. Andelane som er inaktive, altså barn som ikkje driv med nokon friluftslivsaktivitetar, er veldig låge. Det er berre små variasjonar relatert til inntekt: frå ingen blant barn i den høgaste Eit kvartil er det same som en fjerdedel. Høgaste kvartil består av den fjerdedelen foreldre med høgast samla inntekt, mens lågaste kvartil er den fjerdedelen foreldre med lågast samla inntekt. Inntektene er ekvivalensvekta. Vi bruker 2022-inntekt, som var det siste tilgjengelege då artikkelen blei skriven. til moderate 2 prosent blant barn i den lågaste inntektskvartilen.
Byrjar vi derimot å sjå nærare på enkeltaktivitetar, finn vi forskjellar mellom inntektskvartila. Friluftslivsaktivitetar der forskjellane er store er skigåing og slalåm eller snøbrett. 59 prosent i lågaste inntektskvartil gjer ikkje desse aktivitetane, medan andelen berre er 23 prosent blant barn med foreldre i den høgaste inntektskvartilen. Dette svarar til ein 36 prosentpoengs forskjell. Tilsvarande er det 41 prosent som ikkje går på ski i den lågaste inntektskvartilen, mot 15 prosent i høgaste inntektskvartil, altså ein forskjell på 26 prosentpoeng. Ein viktig årsak til dette er at ski og slalåm er aktivitetar er kostnadskrevjande aktivitetar: Ein treng ski, spesielle klede, og for slalåm og snøbrett, skikort til alpinanlegg.
For andre aktivitetar som å gå på tur, bading ute og sykkeltur, er også barn med lågast inntekt overrepresentert i andelane som ikkje har drevet med disse aktivitetane, men her er skilnaden betydeleg mindre. Til dømes er det 7 prosent i lågaste inntekvartil som ikkje har bada, mot 2 prosent i høgaste inntektskvartil.
Dei yngste barna er mest aktiv i idrett
7 av 10 barn og unge deltar i organisert idrett. Fotball er den desidert vanlegaste forma for organisert idrett, med ein andel på 39 prosent.
Det er relativt store aldersforskjellar når det gjeld deltaking i organisert idrett. Ein langt større del av barn i alderen 6-11 år har drive med organisert idrett, samanlikna med barn i alderen 12-15 år. Andelen for barn i alderen 6-11 år som har drive med organiserte treningsaktivitetar er 78 prosent, medan han for barn og unge i alderen 12-15 år er 64 prosent. Det er altså 14 prosentpoeng som skil den yngste og eldste aldersgruppa. Generelt har den yngste aldersgruppa høgast andel for dei fleste typar organisert idrett. Idrett med særlege forskjellar knytt aldersgruppe er fotball (45 prosent mot 31 prosent), svømming (11 prosent mot 3 prosent) og turn (11 prosent mot 3 prosent).
Dette fråfallet har fleire årsaker: I starten handlar idrett mest om leik og moro. Etter kvart blir idrettskvardagen meir seriøs, med meir konkurranse og større krav til prestasjonar. Samtidig blir det større krav på skulen med alderen, og mange får også nye interesser og vener, til dømes i overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen. Det er også slik at ein del berre mistar interessa for idrett. Desse forholda forklarer i stor grad fråfallet frå den organiserte idretten.
Idrett for dyrt for mange foreldre
I tillegg til at nivå av idrettsdeltaking handlar om fråfall, er det også interessant å sjå på barrierar for i det heile å delta. Ein av dei mest utbreidde barrierane, som også er ein av dei mest problematiske, er kostnader. 45 prosent av foreldra oppgir at idrett er for dyrt på grunn av kostnadene til utstyr, reise og kontingent (Figur 4). Her er det ikkje overraskande nok forskjellar etter foreldra sitt inntektsnivå. For lågaste inntektskvartil er 61 prosent heilt eller delvis einig, mens blant den høgaste inntektskvartilen er tilsvarande andel 32 prosent.
I tillegg er det 20 prosent som ikkje har foreldre til å følgja opp, 18 prosent har lang reiseveg, og 16 prosent kjenner ingen å gå på trening med. At relativt mange barn er opptekne med andre ting eller ikkje er interessert er mindre dramatisk.