Statistikk innhold

Statistikk om

Barn si fritid

Undersøkinga om barn si fritid kartlegg deltaking i lek, frilufts- og treningsaktiviteter for barn- og unge mellom 6 til 15 år. Vi spør også motivasjon og hindre for trening og friluftsliv. Desse spørsmåla roterast for kvar gjennomføring mellom å handla om trening og idrett, og friluftsliv.

Oppdatert: 17. januar 2025
Neste oppdatering: Foreløpig ikkje fastsett

Utvalde tal frå denne statistikken

  • Friluftsliv- og treningsaktivitetar. Barn og unge 6-15 år. Prosent
    Friluftsliv- og treningsaktivitetar. Barn og unge 6-15 år. Prosent
    2024
    Friluftsaktivitetar - Fleire gonger i veka
    Badar ute49,3
    Går på tur i skog, fjell eller park12,0
    Går på ski6,0
    Organiserte treningsaktivitetar
    Driv med organisert idrett, i alt72,2
    Fotball39,3
    Svømming7,6
    Kampsport5,0
    Treningsmotivasjon - Heilt einig
    Trener fordi det er gøy58,2
    Trener for å utfordre meg sjølv og få til nye ting38,9
    Trener for å vere saman med vener26,4
    Trener fordi foreldra mine vil det5,1
    Hindre for trening - Heilt einig
    Kostnadar til utstyr, reise og kontingent15,7
    Skolearbeid6,5
    Lang reiseveg5,0
    Standardteikn i tabellar
  • Kor ofte barn og unge gjer ulike friluftsaktivitetar. Barn og unge 6-15 år. Prosent
    Kor ofte barn og unge gjer ulike friluftsaktivitetar. Barn og unge 6-15 år. Prosent
    AldriSjeldnare enn ein gong i månaden1-3 gonger i månadenEin gong i vekaFleire gonger i veka
    Friluftsliv, i alt0,72,011,921,763,6
    Går på ski25,433,327,18,36,0
    Står på skøyter29,138,121,86,05,0
    Står på slalåm eller snowboard41,525,620,76,55,7
    Går på tur i skog, fjell eller park5,821,639,521,112,0
    Sykkeltur19,324,222,815,618,1
    Badar ute3,27,519,920,149,3
    Båttur29,735,318,88,57,7
    Fiskar37,735,717,35,63,5
    Ridetur86,08,32,12,21,4
    Plukkar bær eller sopp37,535,018,55,53,4
    Standardteikn i tabellar
  • Driv med organiserte treningsaktivitetar. Barn og unge 6-15 år. Prosent
    Driv med organiserte treningsaktivitetar. Barn og unge 6-15 år. Prosent
    2024
    Driv med organisert idrett, i alt72,2
    Fotball39,3
    Handball15,0
    Svømming7,6
    Turn7,7
    Dans5,2
    Kampsport5,0
    Langrenn eller skiskyting4,2
    Ishockey/Bandy/Innebandy3,1
    Sykling2,9
    Friidrett2,8
    Allidrett2,3
    Tennis, squash eller badminton1,9
    Sportsridning1,7
    Klatring1,8
    Basketball1,7
    Volleyball1,5
    Orientering0,8
    Antal personar som svarte3 263,0
    Standardteikn i tabellar

Om statistikken

Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 14. januar 2025.

Under følger definisjon av viktige omgrep, indikatorar og bakgrunnsvariablar. Definisjon av indikatorar er sortert etter tabell/tema.

Personar i (1000)

Det blir estimert tal på personar i 1000. Viss til dømes talet som blir presentert for indikatoren ‘Skitur i fjell, skog eller mark' er 1 685, betyr dette at det estimerte talet talet på personar som har gått skitur i fjell, skog eller mark, er 1 685 000

Tala er avrunda til næraste heile 1000, og viss estimert mengd er under 500 personar vil dette visast som 0. Det betyr altså ikkje at det estimerte talet faktisk er 0 personar, men at talet er lågare enn 500.

Definisjon av indikatorar

Under følgjer definisjon av viktige omgrep, indikatorar og bakgrunnsvariablar. Definisjon av indikatorar er sorterte etter tabell/tema.

Driv med organisert idrett, i alt
Personar som svarer at dei er med i eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Fotball
Personar som oppgir at dei har spelt fotball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Friidrett
Personar som oppgir at dei har drive med friidrett gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Langrenn eller skiskyting
Personar som oppgir at dei har drive med langrenn eller skiskyting gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Allidrett
Personar som oppgir at dei har drive med allidrett gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Tennis, squash eller badminton
Personar som oppgir at dei har spelt tennis, squash eller badminton gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Handball
Personar som oppgir at dei har spelt handball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Basketball
Personar som oppgir at dei har spelt basketball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Volleyball
Personar som oppgir at dei har spelt volleyball gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Dans
Personar som oppgir at dei har dreve med dans gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Ishockey, bandy eller innebandy
Personar som oppgir at dei har spelt ishockey, bandy eller innebandy gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Kampsport
Personar som oppgir at dei har dreve med kamsport, som boksing, karate, eller taekwondo gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Orientering
Personar som oppgir at dei har dreve med orientering gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Svømming
Personar som oppgir at dei har dreve med svømming gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Sportsridning
Personar som oppgir at dei har dreve med sportsridning gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Turn
Personar som oppgir at dei har dreve med turn gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Sykling
Personar som oppgir at dei har dreve med sykling gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Klatring
Personar som oppgir at dei har dreve med klatring gjennom eit idrettslag eller ein sportsklubb.

Deltatt i friluftsliv, i alt
Personar som gjer minst ein av følgande friluftslivsaktiviteter i fritida etter skulen:

  • Går på ski

  • Står på skøyter

  • Står på slalåm eller snowboard

  • Går på tur i skog, fjell eller park

  • Sykkeltur

  • Badar ute

  • Båttur

  • Fiskar

  • Ridetur

  • Plukkar bær eller sopp

Går på ski
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har gått på ski.

Går på skøyter
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har gått på skøyter.

Står på slalåm eller snowboard
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har stått på slalåm eller snowboard.

Går på tur i skog, fjell eller park
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har gått på tur i skog, fjell eller park.

Sykkeltur
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på sykkeltur.

Badar ute
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har bada ute.

Båttur
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på båttur.

Fiskar
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har fiska.

Ridetur
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på ridetur.

Plukkar bær eller sopp
Personar som oppgir at dei i fritida etter skulen har vore på bær- eller sopptur.

Motiv for å trena
Indikatorar for motiv for å trena er berre stilte til personar som anten er med i idrettslag eller idrettsklubb og/eller som trenar på treningssenter, og som oppgir at dei driv med minst 1 dag i veka eller sjeldnare driv trening eller fysisk aktivitet så mykje at dei blir andpusten eller sveitt. Motiv for å trena det er spurt om, inkluderer:

  • Å vere saman med vener.
  • Fordi det er gøy.
  • For å konkurrera.
  • For å utfordre meg sjølv og få til nye ting.
  • Fordi foreldra mine vil det.
  • For å sjå bra ut. (berre stilt til dei i alderen 12-15 år)
  • Fordi det er bra for meg. (berre stilt til dei i alderen 12-15 år)

Hindre for å trena
Hindre for å trena er stilt til foresatte. Det er spurt om:

  • Kostnadar til utstyr, reise og kontingent
  • Barnet er oppteke med andre ting på fritida
  • Skolearbeid
  • Føresette har ikkje tid til å følge opp
  • Barnet er ikkje interessert i å driva med organisert idrett
  • Barnet kjenner ingen som deltek i idrettane [han/ho] har lyst til å vere med på
  • Lang reiseveg til aktivitetar som barnet er interessert i
  • Barnets helse eller funksjonsnivå. (berre stilt til personar med nedsatt funksjonsevne)
  • Andre hinder
  • Ingen hinder

Alder
Personane er gruppert etter alder inngangen til månaden då undersøkelsa vart gjennomført. Grupperingane er inndelt etter 6 til 11 år og 12 til 15 år. Grupperingane er inndelt etter 6 til 11 år og 12 til 15 år.

Sentralitet
Sentralitetsindeksen fordeler kommunar basert på nærheit til arbeidsplassar og servicefunksjonar, utan bruk av tettstader i klassifiseringa. Sentralitetsfordelinga følger standard for sentralitet, som kategoriserer alle kommunar frå 1 (mest sentrale) til 6 (minst sentrale). En fullstendig liste over kva kommunar som tilhøyrar kva sentralitetskategori finnes her: https://www.ssb.no/befolkning/folketall/artikler/sentralitetsindeksen.

Utdanningsnivået til foreldra
Viser til foreldra sin høgaste fullførte utdanningsnivå. Baserer seg på opplysningar om høgaste fullførte utdanningsnivå frå register. For meir informasjon om inndeling, se Norsk standard for utdanningsgruppering https://www.ssb.no/klass/klassifikasjoner/36

I statistikkbanken er utdanning gruppert slik:

  • Grunnskole eller kortere

  • Videregående

  • Universitet og høyskole kort (opptil 4 år)

  • Universitet og høyskole lang (4 år eller mer)

  • Uoppgitt eller ukjent utdanning

Utdanning i statistikkbanken viser til den foreldra av barnet med høgast utdanning.

Inntektsnivået til foreldra
Inntektsopplysningar er henta frå register, med status frå eitt år før statistikkåret. Me har summert inntekta til foreldra etter inntektsgruppe (kvartilar). Gruppene blir baserte på den samla inntekta til foreldra etter skatt, og det blir teke omsyn til talet på personar i hushaldet foreldra bur i (forbrukseiningar).

• Første kvartil: lågaste 25 prosent av inntektsfordelinga
• Andre kvartil: nest lågaste 25 prosent av inntektsfordelinga
• Tredje kvartilar: nest høgaste 25 prosent av inntektsfordelinga
• Fjerde kvartil: høgaste 25 prosent av inntektsfordelinga

Innvandringsbakgrunn
Basert på opplysningar om innvandringskategori frå befolkningsregisteret grupperes personar som innvandrar frå EU/EØS etc. eller Asia, Afrika, etc. Innvandrar er personar som er født i utlandet av to utenlandsfødte foreldre og som på et tidspunkt har innvandra til Norge.

Innvandrarar frå EU/EØS, etc. (omfattar EU/EØS, Sveits, Storbritannia, USA, Canada, Australia og New Zealand)
Innvandrarar frå Asia, Afrika, etc. (omfattar Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand og Europa utanom EU/EØS)

Fylke
Følger standard for fylkesinndeling.

Frå og med 2024 bruker SSB følgjande fylke:

Oslo
Rogaland
Møre og Romsdal
Nordland - Nordlánnda
Østfold
Akershus
Buskerud
Innlandet
Vestfold
Telemark
Agder
Vestland
Trøndelag - Trööndelage
Troms - Romsa - Tromssa
Finnmark - Finnmárku - Finmarkku

Kontakt

Relatert innhold