Frisklivssentralen er ein anbefalt måte å organisera helsefremjande og førebyggjande tenester på, som kommunane er pålagt å tilby innbyggarane gjennom helse- og omsorgstenestelova. Føremålet med frisklivssentralen er, i følgje rettleiaren til Helsedirektoratet (helsedirektoratet.no), å fremja fysisk og psykisk helse og førebyggja eller avgrensa utvikling av sjukdom. Frisklivssentralen skal bidra til auka helsefremjande og førebyggjande innsats i helse- og omsorgstenesta.

Frisklivssentralen skal gi strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing og gruppebaserte tilbod til personar med behov. Frisklivssentralen skal i all hovudsak gi støtte til fysisk aktivitet, kosthald, snus- og røykeslutt. Frisklivssentralen kan òg gi rettleiing og tilbod knytt til psykiske belastningar, søvnvanskar og risikofylt alkoholbruk. 

Frisklivssentralen skal bidra til heilskaplege, koordinerte helsetenester og til utjamning av sosial ulikskap i levevanar og helse. Den skal òg ha oversikt over og kjennskap til relevante offentlege, friviljuge og private tilbod og tenester i kommunen og i spesialisthelsetenesta, og skal samarbeida med desse, samt leia brukarar vidare når det er aktuelt.

Målsetjinga er at frisklivssentralar skal nå dei i befolkninga med samansette og langvarige helseplager og dei som ikkje finn seg til rette andre stader, som til dømes i den ordinære helsetenesta eller på tradisjonelle treningssenter.  

Helsedirektoratet anbefaler i rettleiaren sin for kommunale frisklivssentralar at kommunane som eit minimum prioriterer ressursar til eit tidsavgrensa, strukturert rettleiings- og oppfølgingstilbod over 12 veker. Oppfølgingstilbodet skal starta og avsluttast med ein helsesamtale med den enkelte deltakar i form av eit motiverande intervju. Kva innhaldet i oppfølgingstilbodet består av, vil både avhenga av kva den enkelte deltakar har av utfordringar i levevaner og helse, og kva tilbod og kurs som blir tilbydd ved den aktuelle frisklivssentralen.

62 prosent av Er i denne samanhengen definert som alle landets  kommunar (utanom Oslo) og bydelane i Oslo. I 2023 var det til saman 355 kommunar (utanom Oslo) og 15 bydelar i Oslo. hadde eigen frisklivssentral i 2023. Figur 1 viser at det var ein særleg vekst i delen kommunar med frisklivssentral mellom 2011 og 2015, frå 26 til 59 prosent. Dei siste 8 åra har delen lege relativt stabilt på rundt 60 prosent, med ein topp i 2020 med 65 prosent. Auken mellom 2019 og 2020 har blant anna samanheng med ny kommunestruktur i 2020, då fleire kommunar utan frisklivssentral blei slått saman med kommunar som hadde tenesta.

Figur 1. Delen kommunar (inkl. Oslo-bydelar) der innbyggarane har tilgang til frisklivssentral og delen kommunar der innbyggarane har frisklivssentral i eigen kommune. Prosent. Heile landet. 2011-2023¹.

¹ I perioden 2015-2019 blei det i KOSTRA-skjema 1 spurd om kommunen har frisklivssentral, medan fom. 2020 blei det både spurd om dei har frisklivssentral i eigen kommune eller om innbyggarane har tilgang i ein annan kommune.

Enkelte kommunar har ikkje eigen frisklivssentral, men har organisert det slik at innbyggarane har tilgang til frisklivssentral i ein annan kommune. Dette blei målt for første gong i 2020. Dersom ein også tel med desse, var delen kommunar kor innbyggarane har tilgang til frisklivssentral på 66 prosent i 2023. Utbreiinga av frisklivssentralar er størst blant store kommunar, og tala viser at 87 prosent av befolkninga var busett i kommunar kor dei hadde tilgang til frisklivssentral i 2023.

34 prosent av kommunane hadde verken eigen frisklivssentral eller tilgang til frisklivssentral i andre kommunar dette året, men dei kan likevel tilby tilsvarande kurs og tilbod som sentralane gjer. Ei utvida kartlegging frå 2022 viser at 75 prosent av kommunane utan frisklivssentral tilbydde eitt eller fleire tilsvarande kurs og tilbod som blir gitt ved frisklivssentralar. Utbreiinga av dei ulike tilboda var likevel større i kommunar med frisklivssentral. 33 kommunar med til saman nær 100 000 innbyggarar rapporterte at dei verken hadde frisklivssentral eller tilsvarande tilbod.

Fysisk aktivitet er det mest utbreidde tilbodet

Det finst mange ulike kurs og aktivitetar for deltakarane ved frisklivssentralar, men det er store variasjonar i både omfang og kva tilbod dei ulike sentralane har. Nokre tilbod er langt meir utbreidde enn andre.

Figur 2. Delen kommunar (inkl. Oslo-bydelar) med frisklivssentral i eigen kommune som har gjennomført ulike tilbod og kurs. Prosent av alle kommunar med frisklivssentral i eigen kommune (N=226). 2022.

Meir enn 9 av 10 kommunar med eigen frisklivssentral hadde i 2022 gruppetilbod med ulike former for fysisk aktivitet for deltakarane. Deretter var tilbod tilrettelagt for eldre og individuell oppfølging for snus- og røykeslutt nest vanlegast, med tilbod ved 6 av 10 frisklivssentralar. I tillegg hadde kvar tredje sentral gruppetilbod for snus- og røykeslutt.

Over halvparten av frisklivssentralane har tilbodet "Bra mat for betre helse", som er eit inspirasjonskurs for endring av matvanar og matvareval basert på dei nasjonale kostråda. Om lag 4 av 10 sentralar tilbydde andre typar diagnoseuavhengige kurs, som kvardagsglede, og tilsvarande mange hadde diagnosespesifikke tilbod for t.d. dei med hjarte- og karsjukdommar, KOLS eller kreft. Personar med long covid hadde eit slikt diagnosespesifikt tilbod ved 10 prosent av frisklivssentralane.

Drygt 32 000 deltakarar ved frisklivssentralane

32 250 personar deltok ved eitt eller fleire av tilboda ved frisklivssentralar i 2022. Dette er ein auke på om lag 2 500 personar, eller nesten 9 prosent, frå 2019, og over ei dobling av deltakarar sidan 2013.

Deltakarane kan bli tilvist av fastlege, anna helsepersonell og NAV, eller sjølv ta direkte kontakt med frisklivssentralen. 2 av 5 deltakarar i 2022 var tilvist, medan 3 av 5 deltok utan tilvising. Det har vore ein nedgang i delen personar som deltok med tilvising mellom 2013 og 2022.

Figur 3. Talet på deltakarar på frisklivssentral med og utan tilvising. Absolutte tal. Heile landet. 2013, 2016, 2019 og 2022.

¹ 28.01.2025 kl. 09.22: Rettet fra "prosent" til "antall".

Det var forskjellar i kva kurs og tilbod personar deltok på ved frisklivssentralar i 2022. Er ein tilvisingsblankett som gir tilgang til eit tidsavgrensa, strukturert rettleiings - og oppfølgingstiltak som startar og avsluttar med ein helsesamtale. og gruppetilbod innanfor fysisk aktivitet var dei to tilboda som klart flest personar nytta seg av ved  frisklivssentralane. Om lag 16 000 deltakarar hadde frisklivsresept, medan  i underkant av 16 700 deltok på gruppetilbod innanfor fysisk aktivitet.

Figur 4. Personar som har deltatt på ulike tilbod og kurs ved frisklivssentralane. Absolutte tal. Heile landet. 2022.

Som me ser av figur 4 deltok om lag 4 300 personar på diagnoseuavhengige lærings- og meistringstilbod og rundt 2 500 deltok på diagnosespesifikke kurs/grupper, medan 2 100 personar deltok på «Bra mat for betre helse». Vel 600 personar deltok på snus- og røykesluttkurs, medan om lag 800 deltok på individuell snus- og røykesluttrettleiing.

I underkant av 7 000 deltok på tilbod tilrettelagt for eldre, medan i overkant av 2 100 deltok på tilbod tilrettelagt for barn, unge og deira familiar. I underkant av 1 100 som deltok på likemannstilbod, der personar med liknande helseutfordringar kan utveksle erfaringar og gi kvarandre auka kunnskap, støtte og betre meistringsopplevingar.

Utviklinga i perioden 2013-2022 viser ein auke i talet på deltakingar ved frisklivssentralane både samla og for dei ulike kursa og tilboda. Det er rett nok ein nedgang mellom 2019 og 2022 i personar som har deltatt på gruppetilbod for fysisk aktivitet, «Bra mat for betre helse», likemannstilbod og kurs i meistring av belastningar (KIB). 

Flest fysioterapeutar ved frisklivssentralane

I følgje kartlegginga var det totalt 358 årsverk ved frisklivssentralane i 2022. Då SSB utførde ein tilsvarande kartlegging for 2013-årgangen var det 191 årsverk ved sentralane. Det har altså vore ein auke på 87 prosent, eller 167 årsverk, i perioden 2013 – 2022.

Frisklivssentralane er likevel ei relativt lita teneste målt i talet på årsverk, samanlikna med andre tenester. Til dømes var det drygt 6 830 årsverk i Helsestasjon- og skulehelsetenesta i 2022, og årsverka ved frisklivssentralane utgjorde berre 0,2 prosent av alle årsverk i den kommunale helse- og omsorgstenesta same år. Samtidig kan det sjå ut til at tenesta ved frisklivssentralane når mange deltakarar med relativt få ressursar: For landet totalt var det i gjennomsnitt 90 deltakarar per årsverk ved frisklivssentralane.

Frisklivssentralen er ei tverrfagleg teneste, og dei som jobbar der kan ha ulik fagleg bakgrunn. Kartlegginga frå 2022 viser at det var fleire ulike utdanningsgrupper representert ved sentralane, samtidig kjem det fram at fysioterapeutane var den desidert største gruppa. Med nær 187 årsverk utgjorde dei meir enn halvparten (52 prosent) av alle årsverka ved frisklivssentralane i 2022. Slik har det også vore i alle dei tidlegare kartleggingane av SSB har utført.

Figur 5. Avtalte årsverk ved frisklivssentraler, etter utdanning. Absolutte tal. 2022. Heile landet.

Den nest største gruppa i 2022 var sjukepleiarar, med 31 årsverk. Deretter følgjer personar med høgare utdanning innan fysisk aktivitet og helse, innan ernæring (utanom klinisk ernæringsfysiolog) og pedagogar, med rundt 24 årsverk kvar. Elles var det til dømes både årsverk av psykologar, ergoterapeutar og kliniske ernæringsfysiologar ved sentralane. Alt personell som jobbar på ein frisklivssentral blir rekna som helsepersonell og er omfatta av helsepersonellova.

SSB har sidan 2011-årgangen samla inn årleg oversikt over kor mange kommunar som har frisklivssentral via KOSTRA-skjema 1 Personell og verksemd i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

For årgangane 2013, 2016, 2019 og 2022 blei det gjennomført utvida kartleggingar av frisklivssentralar i norske kommunar via KOSTRA-skjema 1. Kartleggingane gir meir informasjon om innhaldet ved frisklivssentralane både når det gjeld organisering, personellressursar, aktivitet og tilbod og samarbeidet deira med andre aktørar, og gjer det mogleg å følgja utviklinga over tid. For årgangane 2019 og 2022 blei det også kartlagt kva tilsvarande frisklivs-, lærings- og meistringstilbod som finst i kommunar utan frisklivssentral.

Resultata frå kartleggingane t.o.m. 2019-årgangen er presentert i SSB-rapporten «Frisklivssentraler og tilsvarende helsefremmende tilbud i norske kommuner 2019 - Analyse av tilbud for livsstilsendringer og mestring av sykdom (Rapporter 2020/54)» (https://www.ssb.no/helse/artikler-og-publikasjoner/frisklivssentraler-og-tilsvarende-helsefremmende-tilbud-i-norske-kommuner-2019).

Eit utval av resultata som inkluderer alle årgangar t.o.m. 2022 er mellom anna publisert i Helsedirektoratets rapport «Kommunale frisklivssentraler 2022-2023» (https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/kommunale-frisklivssentraler-2022-2023).