I følgje tal frå Landbruksteljing 2020 var det i alt 213 500 dyreplassar for mjølkeku. Av desse var 64 prosent i lausdriftsfjøs, 35 prosent i båsfjøs og knapt 1 prosent i anna husdyrrom og utegang. Gjennomsnittleg tal dyreplassar for mjølkeku i lausdriftsfjøs og båsfjøs var respektive 42 og 19. I 2013 var det i alt 280 800 dyreplassar fordelt på 46 prosent i lausdriftsfjøs og 54 prosent i båsfjøs.

Dei tre fylka Trøndelag, Rogaland og Innlandet hadde til saman 58 prosent av alle dyreplassane for mjølkeku i 2020, og i desse fylka var respektive 71, 64 og 61 prosent av dyreplassane i lausdriftsfjøs. Vestland hadde lågast del dyreplassar i lausdrift med 52 prosent.

Flest bedrifter med båsfjøs i 7 fylke

I 2004 blei det bestemt at storfe skulle oppstallast i lausdriftsfjøs innan 2024. Seinare fekk eigarar av båsfjøs bygde før 22.4.2004, og som har vore i samanhengande bruk til storfe, utsett fristen til 2034. Nedgangen i dyreplassar i båsfjøs frå 2013 til 2020 må sjåast samanheng med dette kravet.

Det var i alt 7 145 jordbruksbedrifter med dyreplassar for mjølkeku i 2020. Bedriftene fordelte seg på 57 prosent med båsfjøs, 46 prosent med lausdriftsfjøs og 1 prosent med anna husdyrrom og utegang. Nokre bedrifter hadde meir enn éin fjøstype i bruk. Per 2020 var det 4 050 bedrifter med 75 100 dyreplassar for mjølkeku i båsfjøs, desse bedriftene må legge om til lausdriftsfjøs innan 1.1.2034.

I sju fylke var båsfjøs mest utbreidd. Vestland og Agder hadde størst del bedrifter med båsfjøs, med respektive 70 og 67 prosent. Fylka Vestfold og Telemark, Trøndelag samt Oslo og Viken hadde flest del bedrifter med lausdriftsfjøs med over 50 prosent kvar.

Figur 1. Jordbruksbedrifter med dyreplassar for mjølkeku i båsfjøs, lausdriftsfjøs eller anna rom og utegang. Fylke. 2020

34 prosent av mjølkeprodusentane med mjølkerobot


I Noreg blei dei første mjølkerobotane tatt i bruk på byrjinga av 2000-talet. I 2013 hadde 1 370 (knapt 15 prosent) av mjølkeprodusentane mjølkerobot. Robot har blitt tatt i bruk i stadig fleire fjøs, og ofte har det vore naudsynt å auke talet på kyr for at overgangen til robot skal bli lønsam. I 2020 hadde 2 434 jordbruksbedrifter mjølkerobot, noko som utgjorde 34 prosent av jordbruksbedriftene med mjølkeku. Desse bedriftene hadde 55 prosent av alle dyreplassane. Gjennomsnittleg tal dyreplassar for bedrifter med mjølkerobot var 48 mjølkekyr, mot 21 mjølkekyr for dei utan robot.

Blant fylka var delen bedrifter med mjølkerobot størst i Trøndelag med 44 prosent i 2020. Delen var lågast i Agder med 21 prosent. Dei same to fylka var også på topp og botn når det gjeld del dyreplassar med mjølkerobot, med respektive 63 og 38 prosent. Det kan leggast til at Agder er eit lite fylke når det gjeld mjølkeproduksjon.

Figur 2. Jordbruksbedrifter med dyreplassar for mjølkeku og med/utan mjølkerobot. Fylke. 2020

Samla tal dyreplassar for storfe (mjølkekyr, ammekyr, kalvar, kviger, ungoksar og vaksne oksar) var 883 000 i 2020. Dyreplassane fordelte seg på 67 prosent i lausdriftsfjøs, 29 prosent i båsfjøs og 4 prosent i anna rom og utegang. I 2010 var prosentane for lausdriftsfjøs og båsfjøs respektive 47 og 53 prosent.

530 000 dyreplassar for svin og 4,6 millionar dyreplassar for verpehøner

Av totalt 530 000 dyreplassar for svin, hadde 82 prosent delvis spaltegolv, 12 prosent heildekkande tett golv, 4 prosent heile golvet dekt av djupstrø og 2 prosent utedrift heile eller delar av året. Rogaland hadde flest dyreplassar for svin med 28 prosent av totalen, og 91 prosent av plassane var i rom der delar av golvet er spaltegolv.

I 2020 var det i alt 4 593 000 dyreplassar for verpehøner. Dyreplassar der hønene kan bevege seg fritt utgjorde 87 prosent av plassane. Av desse var 4 av 5 plassar i rom med fleire etasjar/aviar. Bur med innreiing utgjorde 13 prosent av dyreplassane. Rogaland og Trøndelag hadde til saman 49 prosent av alle dyreplassane for verpehøner. I 2010 utgjorde dyreplassar der verpehønene kan bevege seg fritt 16 prosent, bur med innreiing 38 prosent og såkalla tradisjonelle bur om lag 45 prosent. Tradisjonelle bur blei forbode i 2012.

60 prosent av jordbruksbedriftene har lager for blautgjødsel

Av i alt 26 950 jordbruksbedrifter med Husdyr omfattar i denne samanhengen mjølkekyr, ammekyr, andre storfe, svin, sau, geit, hest, verpehøner og andre fjørfe. i 2020 hadde 60 prosent lager for blautgjødsel og 36 prosent lager for fastgjødsel. Andre lagertypar i bruk var innandørs- og utandørs talle samt landtank/-kum for oppsamling av urin. Ein del jordbruksbedrifter brukar fleire typar lager for husdyrgjødsel.

Av jordbruksbedriftene med lager for blautgjødsel, hadde 93 prosent gjødselkjellar, 24 prosent hadde gjødselkum/-silo/-lagune og 7 prosent hadde flyterenne. Av dei med fastgjødsel hadde 50 prosent gjødselkjellar, 48 prosent lagra fastgjødsel utandørs direkte på bakken og 9 prosent lagra utendørs på tett botnplate.

Jordbruket er ei betydeleg kjelde til utslepp av ammoniakk, metan og lystgass. Når husdyrgjødsla vert lagra, går nitrogen tapt til luft. Lager for husdyrgjødsel som er tette, har mindre tap enn lager der gjødsla er i direkte kontakt med luft. Gjødselkjellar for blautgjødsel, som er den mest vanlege lagertypen, er relativ tett, men tap til luft avheng av om det er open forbindelse mellom husdyrrom og gjødselkjellar. Av bedriftene som brukte kum, silo eller lagune som lager, hadde nær 3 av 4 ikkje dekke over gjødsla. 22 prosent hadde tak, presenning og liknande som gir tett dekke.

Figur 3. Jordbruksbedrifter med ulike typar lager¹ i bruk for husdyrgjødsel, etter driftsform. 2020

¹Ei jordbruksbedrift kan ha fleire typar lager.

Storfe sto for 69 prosent av total nitrogen i gjødsellagera

Total nitrogen i husdyrgjødsel omfattar organisk bunde nitrogen og lettløyselege sambindingar som ammonium. i lager for husdyrgjødsel er utrekna til 65 300 tonn for 2020. Av dette kom 69 prosent frå storfe, 11 prosent frå sau, 10 prosent frå svin, 8 prosent frå fjørfe og 2 prosent frå hest og geit.

Figur 4. Brutto mengde utrekna total nitrogen¹ i gjødsellager, etter husdyrslag. Fylke. 2020

¹ Utrekna total nitrogen i husdyrgjødsel omfattar organisk bunde nitrogen og lettløyselege sambindingar som ammonium.

Husdyrgjødsel spreidd på 39 prosent av jordbruksarealet

Av det totale jordbruksarealet i drift på 9,86 millionar dekar i 2020, blei 7,61 millionar dekar (77 prosent) gjødsla minst éin gong med mineralgjødsel og 3,86 millionar dekar (39 prosent) gjødsla minst éin gong med husdyrgjødsel. 89 prosent av totalt 37 500 bedrifter med jordbruksareal i drift, nytta mineralgjødsel, 62 prosent nytta husdyrgjødsel og 3 prosent nytta anna organisk gjødsel, som til dømes kloakkslam. I 2020 blei 68 700 tonn tørrstoff av kloakkslam nytta til jordforbetring i jordbruket. Av dette blei 63 prosent spreidd på jordbruksareal i Oslo og Viken og 19 prosent i Vestfold og Telemark.

I Rogaland vart 61 prosent av jordbruksarealet gjødsla med husdyrgjødsel. Også i Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland blei meir enn 50 prosent av jordbruksarealet gjødsla med husdyrgjødsel. Lågast del hadde Oslo og Viken med 17 prosent.

Tankvogn med breispreiar blei brukt av 68 prosent av jordbruksbedriftene som spreidde husdyrgjødsel. Deretter følgde gjødselvogn med spreievalsar for fastgjødsel med 22 prosent og stripespreiar med slepeslangar med 10 prosent.

Det vart brukt breispreiar for blautgjødsel og tank-/vatningsvogn med kanon på 71 prosent av arealet som vart gjødsla med husdyrgjødsel. Stripespreiarar og direkte nedfelling vart nytta på 20 prosent av arealet. Slikt utstyr gir mindre tap av til dømes lystgass og ammoniakk til luft enn utsyr for breispreiing. Gjødselvogn med spreievalsar for fastgjødsel utgjorde 9 prosent.

Vatn blir ofte tilsett husdyrgjødsla for å lette spreiinga. Tilsetting av vatn er også gunstig av di nedgang i innhaldet av tørrstoff i gjødsla minskar ammoniakktapet ved spreiing.

Figur 5. Jordbruksareal¹ gjødsla med ulike typar spreieutstyr. Fylke. 2020

¹ Spørjeskjemaet til Landbruksteljing 2020 hadde spørsmål om areal gjødsla med husdyrgjødsel og del gjødsel spreidd med ulike typar spreieutstyr. Areal med bruk av ulike typar spreieutstyr er utrekna med føresetnad om tilnærma lik mengd gjødsel spreidd per dekar for alt spreieutstyr brukt i same jordbruksbedrift.

Husdyrgjødsel molda ned etter spreiing på 1,4 millionar dekar

Jordbruksareal spreidd med husdyrgjødsel fordelte seg på 2,46 millionar dekar utan nedmolding av gjødsla og 1,40 millionar dekar med nedmolding. Snarleg nedmolding etter spreiing har mykje å seie for tap av ammoniakk og lystgass til luft. For landet under eitt utgjorde arealet med nedmolding etter spreiing 36 prosent. I fylka på Austlandet samt Trøndelag var del jordbruksareal med nedmolding mellom 42 og 67 prosent, medan delen i fylka på Vestlandet låg på mellom 13 og 16 prosent. Forskjellen mellom fylka heng truleg saman med omfanget av Åkervekstar er jordbruksareal unntatt eng, beite og areal tilsådd eller tilplanta med fleirårige vekstar. Åkervekstar er til dømes korn, potet og ulike grønsakslag. og eng. Utstyr for direkte nedfelling av husdyrgjødsla er eigna på fulldyrka eng, men slikt utstyr blir lite brukt.

Av areal som blei molda ned etter spreiing, utgjorde nedmolding under 4 timar etter spreiing vel 46 prosent, nedmolding mellom 4 og 12 timar utgjorde 35 prosent og nedmolding seinare enn 12 timar utgjorde 18 prosent.

Figur 6. Jordbruksareal¹ gjødsla med husdyrgjødsel, etter tid frå spreiing til nedmolding. Fylke. 2020

¹ Spørjeskjemaet til Landbruksteljing 2020 har spørsmål om areal gjødsla med husdyrgjødsel og del gjødsel molda ned i ulike tidsintervall, for kvart spreieutstyr som blei brukt. Areal molda ned etter tid frå spreiing til nedmolding er omrekna med føresetnad om tilnærma lik mengd gjødsel spreidd per dekar for alt spreieutstyr brukt i same jordbruksbedrift.