Kulturlandskapet er gjennom fleire tusen år forma av bruken og ressursutnyttinga til menneska. Her inngår bruken av åker og slåttemark, beitemarker og lyngheier. Heilskapen av gardstun, innmark og utmark har store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Seterbruket har vore svært omfattande og har skapt særeigne kulturlandskap. Kulturlandskapet er i stadig endring og er prega av element frå både historisk og moderne bruk. Ein viktig del av kulturarven er gamle hus, og landbruket forvaltar mange av dei gamle bygningane.
Aktiv jordbruksdrift er viktig for kulturlandskapet
Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å drive lønsam og trygg produksjon av mat og sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane. Jordbrukets kulturlandskap gir moglegheit til å satse på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetting og turisme. Kulturlandskap som slåttemark, beitemark og kystlynghei er blant dei mest truga naturtypane i Noreg. Attgroing og nedbygging er ein trussel mot naturmangfaldet, særleg i artsrike kulturmarker. Endringane har si årsak i endringar i samfunnet, marknaden for jordbruksprodukt, produksjonsmåten og bruksstrukturen i jordbruket. Endringane i kulturlandskapet er mellom anna knytt til:
- Tap av natur
- Attgroing
- Forfall av bygningar i gards- og setermiljø
- Press frå by- og tettstadsvekst
- Rasjonalisering og intensivering i næringa
- Endring i klima
Aktiv jordbruksdrift er viktig for å ta vare på kulturlandskapet. Rydding, slått og beiting held kulturlandskapet og artsrike naturtypar i hevd. Det finns fleire ordningar i jordbruket for å få tilskot til å ta vare på kulturlandskapet.
Beitetilskot og areal- og kulturlandskapstilskot
Gjennom produksjonstilskotsordninga vert det gitt beitetilskot for å stimulere til pleie av kulturlandskapet og å oppnå god utnytting av utmarksressursane. Det vert gitt tilskot for dyr som beiter i utmark, og for dyr som beiter berre på innmark eller både på innmark og i utmark. Vidare vert det òg gitt tilskot for dyr av verneverdige husdyrrasar. Areal- og kulturlandskapstilskotet skal bidra til å skjøtte, halde ved like og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv jordbruksdrift.
Tiltak i Regionale miljøprogram (RMP) retta mot kulturlandskapet
Gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk kan det givast tilskot der formålet er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Det einskilde fylke kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira område.
Tiltak innanfor området kulturlandskap skal bidra til å ivareta det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein kan oppnå gjennom nasjonale ordningar. I 2020 blei det gitt 145,6 millionar kroner i tilskot til ulike kulturlandskapstiltak i jordbruket. Drifta av bratt areal og drift av beitelag skal vere med på å oppretthalde tradisjonell drift, medan beiting og slått av verdifulle jordbrukslandskap skal bidra til å ivareta meir spesielle kulturlandskapsverdiar. Særeigne landskapselement som åkerholmar og gardsdammar er viktige å ta vare på, også av omsyn til biologisk mangfald.
Avrenning til vassdrag
Tiltak retta mot avrenning til vassdrag er eit prioritert område i RMP, og om lag 7 300 jordbruksbedrifter søkte om tilskot til avrenningstiltak i 2020. Det blei gitt i alt 171 millionar kroner i tilskot til avrenningstiltak på totalt 1,36 millionar dekar jordbruksareal og til 1 816 kilometer med vegetasjonssoner, ugjødsla randsoner og grasdekte vassvegar.
I RMP vil tiltaka variere mellom fylka. Det betyr til dømes at kornareal i fylke utan tilskot til avrenningstiltak, ikkje kan bli klassifisert etter metodar for jordarbeiding. Alle viktige kornfylke har slike tilskot.
Generelt vil areal med vegetasjonsdekke eller areal som ikkje er haustpløgd, vere mindre utsett for erosjon og næringssaltavrenning enn areal som er jordarbeidd. Eit viktig tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket er å erstatte haustpløying av kornareal med jordarbeiding om våren på dei mest erosjonsutsette areala. Storleiken på areal som ligg i stubb over vinteren vil mellom anna variere med om det er mogleg med haustsåing av korn. Mykje nedbør om hausten vil føre til sein innhausting slik at det blir for seint å så haustkorn.
Areal med korn og oljevekstar til modning utgjorde om lag 2,84 millionar dekar eller 28,8 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2020. Kornareal i stubb med RMP-tilskot utgjorde 41 prosent, eller 1,2 millionar dekar, av kornarealet våren 2020. Tal frå tidlegare år viser at kornarealet i stubb har variert mellom 37 prosent i 2001 og 57 prosent i 2012.
Det er eigne RMP-tilskot til direktesåing av haustkorn. I 2020 blei det gitt RMP-tilskot til 62 900 dekar av i alt 190 900 dekar kornareal som vart tilsådd hausten 2020. Kornareal som blir tilsådd om hausten varierer mykje frå år til år, og førebelse tal for 2020 viser at i underkant av 7 prosent av kornarealet blei sådd hausten 2020.
For å motverke erosjon og avrenning av næringsstoff frå jordbruksareal med open åker, blei det frå hausten 1991 gitt særskilt økonomisk støtte til jordbruksbedrifter med open åker tilsådd med fangvekstar og til areal med grasdekte vassvegar. Ved innføring av RMP i 2005 blei det også gitt tilskot til vegetasjonssoner.
For 2020 blei det gitt tilskot til om lag 228 kilometer grasdekte vassvegar, 1 589 kilometer med vegetasjonssoner og 68 400 dekar andre grasdekte miljøareal. Samla tilskot for desse ordningane var 41,1 millionar kroner.
Areal tilsådd med fangvekstar nådde ein topp i 2002 med totalt 350 000 dekar. I 2020 blei det gitt tilskot til 67 100 dekar fangvekstar som blei sådd saman med andre vekstar og 13 700 dekar som blei sådd etter hausting.
Tiltak for auka biologisk mangfald i kulturlandskapet
Tiltaka innan biologisk mangfald i RMP skal bidra til å ivareta utvalde og truga naturtypar, samt andre verdifulle areal i jordbruket. Dei skal også legge til rette for beiting og hekking av fugl på jordbruksareal. Tiltaka er knytte til skjøtsel av kulturmark, areal med særskilt naturkvalitet, artsmangfald og areal avsett til fuglebiotopar.
Innanfor temaet Biologisk mangfald blei det i 2020 gitt 52 millionar kroner i samla tilskot til 3 300 søkarar. Det utgjer 9,4 prosent av totalt RMP-tilskot. Innan Biologisk mangfald gjekk 28 prosent til skjøtsel av biologisk verdifulle areal, medan 19 prosent gjekk til å etablere soner for pollinerande insekt i kulturlandskapet.
Kulturmiljø og kulturminne
Kulturminne er spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø. Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng, som eit gardstun eller ei setergrend. Innan områda kulturminne og kulturmiljø skal tiltaka gjennom RMP bidra til å gjere spor i landskapet etter tidlegare jordbruksdrift synlege, slik som gravminne og rydningsrøyser, samt å oppretthalde tradisjonelle driftsformer som seterdrift. Det blei gitt til saman 63,6 millionar kroner i tilskot til drygt 4 000 søkarar til ulike tiltak innan kulturmiljø og kulturminne i 2020.
Kulturminne i samband med jordbrukslandskapet kan vere:
- Bygningar på gardstun og i inn- og utmark
- Buplassar, hustufter og ruinar
- Gravhaugar og gravrøyser, helleristningar, offerstader
- Rydningsrøyser, veiter, vatningsanlegg, bakkemurar, tre- og steingjerde
- Gamle vegar, stiar, klopper, vad
Eksempel på kulturmiljø i jordbrukslandskapet er:
- Gardstun
- Seteranlegg
- Ei samling gravhaugar
- Naustmiljø
Tiltak innan friluftsliv og tilgjenge skal vere med på å ivareta tilgangen til jordbrukets kulturlandskap ved å halde stiar på jordbruksareal opne. I 2020 blei det gitt 5 millionar kroner i tilskot til vedlikehald av 768 kilometer turstiar i jordbrukslandskapet.
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) retta mot kulturlandskapet
Formålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er å ta vare på natur- og kulturminna i kulturlandskapet og å redusera forureininga frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. SMIL-ordninga forvaltast av kommunane. Ordninga skal gi ein målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsettingar.
I 2020 omfatta SMIL-ordninga totalt 179 millionar kroner, delt på 99 millionar kroner til tiltak i kulturlandskapet og 80 millionar kroner til tiltak mot forureining. Innanfor kulturlandskapet blei det gitt mest tilskot til gammal kulturmark og verneverdige bygningar med respektive 38,5 og 38,2 millionar kroner. Utbetring av hydrotekniske anlegg er det viktigaste tiltaket innanfor forureining, med 62 millionar kroner i innvilga tilskot i 2020.
Tiltaka i kulturlandskapet omfattar fire hovudtema:
- Kulturlandskap: Her inngår mellom anna verdifulle jordbrukslandskap på innmark og verdifulle jordbrukslandskap i utmark.
- Biologisk mangfald: Her inngår mellom anna utvalde naturtypar som slåttemark/slåttemyr, kystlynghei og biologisk verdifulle areal.
- Kulturminne og kulturmiljø: Her inngår mellom anna verneverdige bygningar og steingjerde, skigardar mv.
- Friluftsliv: Det viktigaste tiltaket er etablering og istandsetting av turstiar.
For å redusere risiko for erosjon og avrenning av næringsstoff, blir det òg gitt SMIL-tilskot til utbetring av hydrotekniske anlegg. I 2020 blei det løyvd i alt 62 millionar kroner til 834 anlegg. Mykje av løyvingane til utbetring av hydrotekniske anlegg går til fylke med stort kornareal og stor del bakkeplanert jord. Oslo og Viken hadde eit tilsegnsbeløp på 31,4 millionar kroner i 2020, medan Trøndelag løyvde 17,1 millionar kroner. Vidare blei det til erosjonssikring langs vassdrag løyvd 5,7 millionar kroner til 83 tiltak i 2020.
Tilskot til etablering av fangdammar og våtmarker er ein del av SMIL-ordningane. Frå ordninga starta i 1994 har det vore ein gradvis auke i talet på nye fangdammar. I 2020 blei det gitt 2,9 millionar kroner i stønad til etablering av 27 nye fangdammar og våtmarker. I perioden 1994–2020 er det til saman løyvd tilskot til 1 169 nye fangdammar og våtmarker.
Under tiltak mot forureining, er det frå og med 2019 innført tiltak i SMIL mot utslepp til luft. I 2020 blei det løyvd 1,8 millionar kroner til i alt 25 tiltak.
To nye utvalde kulturlandskap i jordbruket
Utvalde kulturlandskap er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Landskapa er valde ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen i fleire generasjonar. Ved utgangen av 2020 var det i alt 46 område. To av dei, Gran i Innlandet og Ullensvang i Vestland var nye i 2020.
Utvalde kulturlandskap er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Ansvaret for forvaltning av tilskot blei overført til kommunane i 2020, og kommunen skal lage forvaltningsplan der dei beskriv verdiane og utfordringar i området og prioriterer tiltak i sin kommune. I 2020 kom det 959 søknadar og totalt blei det søkt om 64,4 millionar kroner til ulike tiltak. Det blei gitt tilsegn om 45,4 millionar kroner. Formålet med satsinga er å sikre langsiktig forvaltning av utvalde landskapsområde med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, forma av langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk.
Jordbrukets verdsarvsatsing
Åtte norske verdsarvområde står på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarven er den kultur og naturarven som har ein unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. I to av dei norske områda på lista spelar jordbruket ei vesentleg rolle. Dette er Vegaøyan på Helgelandskysten og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Begge områda har monalege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap, og der verdien i stor grad vil bli svekka dersom det aktive jordbruket blir redusert eller blir borte.
Det blir årleg sett av midlar over Jordbruksavtalen til satsing for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan, og for å styrke landbruket er det ei eiga tilskotsordning for desse to områda. Formålet med tilskotet er å sikre langsiktig skjøtsel og drift av områda. I tillegg yter også Miljøforvaltninga midlar til verdsarvområda.
Ordninga med søknader om produksjonstilskot i jordbruket 1. mars og 1. oktober blir administrert av Landbruksdirektoratet. Materialet inneheld opplysningar om areal og husdyrhald hos søkjarane. Data frå søknadene kan publiserast på alle regionale nivå under føresetnad av at informasjon om enkeltbruk ikkje blir offentleggjord.
Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt miljøprogram eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jordarbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.
SMIL er ei kommunal miljøordning, og er delt inn i ein kulturlandskapsdel og ein forureiningsdel. Sakshandsaminga skal byggje på kommunale tiltaksstrategiar der det òg er teke omsyn til prioriteringane som ligg i regionale miljøprogram for fylket. Søkarar av SMIL-midlar må fylle krava som gjeld for produksjonstilskot i jordbruket.