Kulturlandskapet er gjennom fleire tusen år forma av bruken og ressursutnyttinga til menneska. Her inngår bruken av åker og slåttemark, beitemarker og lyngheier. Heilskapen av gardstun, innmark og utmark har store kulturhistoriske og biologiske verdiar. Seterbruket har vært svært omfattande og har skapt særeigne kulturlandskap. Kulturlandskapet er i stadig endring og er prega av element frå både historisk og moderne bruk. Ein viktig del av kulturarven er gamle hus, og landbruket forvaltar mange av dei gamle bygningane.
Aktiv jordbruksdrift er viktig for kulturlandskapet
Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å drive lønsam og trygg produksjon av mat og sikre ei berekraftig forvaltning av ressursane. Jordbrukets kulturlandskap gir moglegheit til å satse på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetting og turisme. Kulturlandskap som slåttemark, beitemark og kystlynghei er blant dei mest truga naturtypane i Noreg. Attgroing og nedbygging er ein trussel mot naturmangfaldet, særleg i artsrike kulturmarker. Endringane har si årsak i endringar i samfunnet, marknaden for jordbruksprodukt, produksjonsmåten og bruksstrukturen i jordbruket. Endringane i kulturlandskapet er mellom anna knytt til:
- Tap av natur
- Attgroing
- Forfall av bygningar i gards- og setermiljø
- Press frå by- og tettstadsvekst
- Rasjonalisering og intensivering i næringa
- Endring i klima
Aktiv jordbruksdrift er viktig for å ta vare på kulturlandskapet. Rydding, slått og beiting held kulturlandskapet og artsrike naturtypar i hevd. Det finst fleire ordningar i jordbruket for å få tilskot til å ta vare på kulturlandskapet.
Beitetilskot og areal- og kulturlandskapstilskot
Gjennom produksjonstilskotsordninga vert det gitt beitetilskot for å stimulere til pleie av kulturlandskapet og å oppnå god utnytting av utmarksressursane. Det vert gitt tilskot for dyr som beiter i utmark, og for dyr som beiter berre på innmark eller både på innmark og i utmark. Vidare vert det òg gitt tilskot for dyr av verneverdige husdyrrasar. Areal- og kulturlandskapstilskotet skal bidra til å skjøtte, halde ved like og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv jordbruksdrift.
Tiltak i Regionale miljøprogram (RMP) retta mot kulturlandskapet
Gjennom eit regionalt og lokalt tilpassa regelverk kan det givast tilskot der formålet er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn. Det einskilde fylke kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i deira område.
Tiltak innanfor området kulturlandskap skal bidra til å ivareta det tradisjonelle kulturlandskapet utover det ein kan oppnå gjennom nasjonale ordningar. I 2023 blei det gitt 209 millionar kroner i tilskot til ulike kulturlandskapstiltak i jordbruket. Drifta av bratt areal og drift av beitelag skal vere med på å oppretthalde tradisjonell drift, medan beiting og slått av verdifulle jordbrukslandskap skal bidra til å ivareta meir spesielle kulturlandskapsverdiar. Særeigne landskapselement som åkerholmar og gardsdammar er også viktige å ta vare på, også av omsyn til biologisk mangfald.
Avrenning til vassdrag
Tiltak retta mot avrenning til vassdrag er eit prioritert område i RMP. Det blei gitt i alt 267 millionar kroner i tilskot til avrenningstiltak på totalt 1,77 millionar dekar jordbruksareal og til i alt 2 089 kilometer med vegetasjonssoner, ugjødsla randsoner og grasdekte vassvegar i åker, og til 590 kilometer i eng.
I RMP vil tiltaka variere mellom fylka. Det betyr til dømes at kornareal i fylke utan tilskot til avrenningstiltak, ikkje kan bli klassifisert etter metodar for jordarbeiding. Alle viktige kornfylke har slike tilskot.
Generelt vil areal med vegetasjonsdekke eller areal som ikkje er haustpløgd, vere mindre utsett for erosjon og næringssaltavrenning enn areal som er jordarbeidd. Eit viktig tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket, er å erstatte haustpløying av kornareal med jordarbeiding om våren på dei mest erosjonsutsette areala. Storleiken på areal som ligg i stubb over vinteren vil mellom anna variere med om det er mogleg med haustsåing av korn. Mykje nedbør om hausten vil føre til sein innhausting slik at det blir for seint å så haustkorn.
Areal med korn og oljevekstar til modning utgjorde om lag 2,84 millionar dekar eller 29 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2023. Areal utan jordarbeiding om hausten og med RMP-tilskot utgjorde 62 prosent, eller 1,8 millionar dekar, av kornarealet våren 2023.
Det er eigne RMP-tilskot til direktesåing av haustkorn. I 2023 blei det gitt RMP-tilskot til 102 000 dekar av i alt 259 000 dekar kornareal som vart tilsådd hausten 2023. Av dette blei 45 000 dekar direkte sådd, medan 57 000 dekar blei lett harva før tilsåing. Kornareal som blir tilsådd om hausten varierer mykje frå år til år.
For å motverke erosjon og avrenning av næringsstoff frå jordbruksareal med open åker, blei det frå hausten 1991 gitt særskilt økonomisk støtte til jordbruksbedrifter med open åker tilsådd med fangvekstar og til areal med grasdekte vassvegar. Seinare er det også gitt også gitt tilskot til grasdekte kantsoner i åker, kantsoner i eng og grasstriper i åker.
For 2023 blei det gitt tilskot til om lag 353 kilometer grasdekte vassvegar i åker, 37 kilometer med grasstriper i åker og 2 300 kilometer med grasdekte kantsoner i åker og eng. Samla tilskot for desse ordningane var 61,2 millionar kroner.
Areal tilsådd med fangvekstar nådde ein topp i 2002 med totalt 350 000 dekar. I 2023 blei det gitt tilskot til 97 000 dekar fangvekstar som blei sådd saman med andre vekstar og 70 100 dekar som blei sådd etter hausting.
Tiltak for auka biologisk mangfald i kulturlandskapet
Tiltaka innan biologisk mangfald i RMP skal bidra til å ivareta utvalde og truga naturtypar, samt andre verdifulle areal i jordbruket. Dei skal også legge til rette for beiting og hekking av fugl på jordbruksareal. Tiltaka er knytte til skjøtsel av kulturmark, areal med særskilt naturkvalitet, artsmangfald og areal avsett til fuglebiotopar.
Innanfor temaet Biologisk mangfald blei det i 2023 gitt 84 millionar kroner i samla tilskot, og det utgjer 8,4 prosent av totalt RMP-tilskot. Innan Biologisk mangfald gjekk 33 prosent til skjøtsel av biologisk verdifulle areal og truga naturtypar, medan 25 prosent gjekk til å etablere soner for pollinerande insekt i kulturlandskapet.
Kulturmiljø og kulturminne
Kulturminne er spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø. Kulturmiljø er område der kulturminne inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng, som eit gardstun eller ei setergrend. Innan områda kulturminne og kulturmiljø skal tiltaka gjennom RMP bidra til å gjere spor i landskapet etter tidlegare jordbruksdrift synlege, slik som gravminne og rydningsrøyser, samt å oppretthalde tradisjonelle driftsformer som seterdrift. Det blei gitt til saman 104 millionar kroner i tilskot til ulike tiltak innan kulturmiljø og kulturminne i 2023.
- Kulturminne i samband med jordbrukslandskapet kan vere:
- Bygningar på gardstun og i inn- og utmark
- Buplassar, hustufter og ruinar
- Gravhaugar og gravrøyser, helleristningar, offerstader
- Rydningsrøyser, veiter, vatningsanlegg, bakkemurar, tre- og steingjerde
- Gamle vegar, stiar, klopper, vad
Eksempel på kulturmiljø i jordbrukslandskapet er:
- Gardstun
- Seteranlegg
- Ei samling gravhaugar
- Naustmiljø
Tiltak innan friluftsliv og tilgjenge skal vere med på å ivareta tilgangen til jordbrukets kulturlandskap ved å halde stiar på jordbruksareal opne. I 2023 blei det gitt 6 millionar kroner i tilskot til vedlikehald av 753 kilometer turstiar i jordbrukslandskapet.
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) retta mot kulturlandskapet
Formålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), er å ta vare på natur- og kulturminna i kulturlandskapet og å redusera forureininga frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. SMIL-ordninga forvaltast av kommunane. Ordninga skal gi ein målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsettingar.
I 2023 omfatta SMIL-ordninga totalt 214 millionar kroner, delt på 11 millionar kroner til tiltak i kulturlandskapet og 102 millionar kroner til tiltak mot forureining. Innanfor kulturlandskapet blei det gitt mest tilskot til gammal kulturmark og verneverdige bygningar med respektive 41,4 og 6,6 millionar kroner. Utbetring av hydrotekniske anlegg er det viktigaste tiltaket innanfor forureining, med 46 millionar kroner i innvilga tilskot i 2023.
Tiltaka i kulturlandskapet omfattar fire hovudtema:
- Kulturlandskap: Her inngår mellom anna verdifulle jordbrukslandskap på innmark og verdifulle jordbrukslandskap i utmark.
- Biologisk mangfald: Her inngår mellom anna utvalde naturtypar som slåttemark/slåttemyr, kystlynghei og biologisk verdifulle areal.
- Kulturminne og kulturmiljø: Her inngår mellom anna verneverdige bygningar og steingjerde, skigardar mv.
- Friluftsliv: Det viktigaste tiltaket er etablering og istandsetting av turstiar.
For å redusere risiko for erosjon og avrenning av næringsstoff, blir det òg gitt SMIL-tilskot til utbetring av hydrotekniske anlegg. I 2023 blei det løyvd i alt 77 millionar kroner til 739 anlegg. Vidare blei det til erosjonssikring langs vassdrag løyvd 7,7 millionar kroner i 2023.
Tilskot til etablering av fangdammar og våtmarker er ein del av SMIL-ordningane. Frå ordninga starta i 1994 har det vore ein gradvis auke i talet på nye fangdammar. I 2023 blei det gitt 3,8 millionar kroner i stønad til fangdammar og våtmarker. I perioden 1994–2022 er det til saman løyvd tilskot til 1 360 nye fangdammar og våtmarker.
Under tiltak mot forureining, er det frå og med 2019 innført tiltak i SMIL mot utslepp til luft. Mellom anna kan det gis tiltak til dekke over utvendig gjødsellager. I 2023 ble det løyvd 4,6 millionar kroner til ulike tiltak mot utslepp til luft.
Tre nye utvalde kulturlandskap i jordbruket
Utvalde kulturlandskap er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Landskapa er valde ut fordi dei er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen i fleire generasjonar, Ved utgangen av 2023 var det i alt 51 område. Tre av dei, Eikesdalen i Møre og Romsdal, Koppangsøyene i Innlandet og Utsira i Rogaland var nye i 2023.
Utvalde kulturlandskap er ei felles satsing mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima og miljødepartementet. Ansvaret for forvaltning av tilskot blei overført til kommunane i 2020, og kommunen skal lage forvaltningsplan der dei beskriv verdiane og utfordringar i området og prioriterer tiltak i sin kommune. I 2023 kom det 960 søknadar, og det blei tilsegn om 46,4 millionar kroner i tilskot. Formålet med satsinga er å sikre langsiktig forvaltning av utvalde landskapsområde med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, forma av langvarig og kontinuerleg tradisjonell bruk.
Jordbrukets verdsarvsatsing
Åtte norske verdsarvområde står på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarven er den kultur og naturarven som har ein unik, universell verdi sett frå eit historisk, kunstnarisk, vitskapleg eller estetisk synspunkt. I tre av dei norske områda på lista spelar jordbruket ei vesentleg rolle. Dette er Vegaøyan på Helgelandskysten, Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden og Røros bergstad og Circumferensen. Områda har monalege verdiar knytt til jordbrukets kulturlandskap, og der verdien i stor grad vil bli svekka dersom det aktive jordbruket blir redusert eller blir borte.
Det blir årleg sett av midlar over Jordbruksavtalen til satsing for verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap, Vegaøyan og Røros bergstad og Circumferensen. For å styrke landbruket er det ei eiga tilskotsordning for desse tre områda. Formålet med tilskotet er å sikre langsiktig skjøtsel og drift av områda. I tillegg yter også Miljøforvaltninga midlar til verdsarvområda.
Ordninga med søknader om produksjonstilskot i jordbruket 1. mars og 1. oktober blir administrert av Landbruksdirektoratet. Materialet inneheld opplysningar om areal og husdyrhald hos søkjarane. Data frå søknadene kan publiserast på alle regionale nivå under føresetnad av at informasjon om enkeltbruk ikkje blir offentleggjord.
Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak som ein kan få tilskot til å utføre. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Statsforvaltaren ser som dei største miljøutfordringane i sitt fylke. Fleire tilskot som tidlegare var del av nasjonalt miljøprogram eller produksjonstilskot i jordbruket er no del av RMP, slik som tilskot til seterdrift, bratt areal og endra jordarbeiding. For å søkje om tilskot frå RMP er det eit vilkår at søkjaren også fyller krava for å ta imot produksjonstilskot.
SMIL er ei kommunal miljøordning, og er delt inn i ein kulturlandskapsdel og ein forureiningsdel. Sakshandsaminga skal byggje på kommunale tiltaksstrategiar der det òg er teke omsyn til prioriteringane som ligg i regionale miljøprogram for fylket. Søkarar av SMIL-midlar må fylle krava som gjeld for produksjonstilskot i jordbruket.