Leige av tilleggsjord tok til på 1950-talet. Før den tid førekom Jordleige: Jordbruksareal i drift der eigar og brukar av arealet er forskjellige personar, inklusive upersonlege brukarar. Både jordbruksareal som brukar betalar for og jordbruksareal som brukar disponerer gratis, blir rekna som jordleige. hovudsakeleg som forpakting av heile landbrukseigedomar, inklusive driftsbygningar og bustadhus. Sjølv om talet på jordbruksbedrifter er blitt redusert kraftig dei siste 50 åra, har det totale jordbruksarealet i drift halde seg relativt stabilt. Dette kjem av at leige av jord blir stadig meir utbreidd i jordbruket. Mykje jordbruksareal på bedrifter som legg ned drifta, blir halde i drift gjennom jordleige.

Tredobling av jordleige sidan 1999

Av det totale jordbruksarealet i drift på 9,55 millionar dekar i 1969 var 1,40 millionar dekar, eller 15 prosent, leigejord. I 2023 utgjorde leigejord 4,75 millionar dekar, eller 48 prosent, av det totale jordbruksarealet i drift på 9,82 millionar dekar.

Figur 1. Leigd jordbruksareal i drift i dekar og talet på jordbruksbedrifter.

Førebelse tal for 2023

Meir leigejord per jordbruksbedrift

Jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift har auka frå 62 dekar i 1969 til 263 dekar i 2023. Samstundes har leigd jordbruksareal i gjennomsnitt for alle jordbruksbedrifter auka frå 9 dekar til 127 dekar. Ser ein på leigd jordbruksareal per jordbruksbedrift med jordleige, har det auka frå 291 dekar i 1969 til 396 dekar i 2023.

Figur 2. Jordbruksareal i drift og leigd jordbruksareal i drift per jordbruksbedrift. Leid jordbruksareal per jordbruksbedrift med jordleige. Dekar

¹ Førebelse tal for 2023

To av tre jordbruksbedrifter leigde jord i 2023

Av dei totalt 155 000 jordbruksbedriftene i 1969, var det 21 prosent som leigde jordbruksareal. I 2023 var det 66 prosent av totalt 37 300 jordbruksbedrifter som leigde jord. Av dei 25 000 jordbruksbedriftene med leigejord i 2023, var det 10 prosent som leigde heile jordbruksarealet og 43 prosent som leigde mellom 50 og 99 prosent av arealet.

Dei 25 000 jordbruksbedriftene med jordleige hadde til saman 112 600 leige­forhold i 2023. Det vil seie om lag 4,6 leigeforhold i snitt.

Regionale skilnader

Størst del jordleige av jordbruksareal i drift var det i fylka Troms og Finnmark, Agder og Vestfold og Telemark med høvesvis 64, 60 og 58 prosent. Rogaland hadde minst del leigejord med 38 prosent.

Ei jordbruksbedrift kan ha areal i fleire kommunar. Statistikken for 2023 viser at om lag 393 000 dekar jordbruksareal i drift ligg i andre kommunar enn der driftssenteret ligg, av dette utgjer leigd areal 321 000 dekar.

Figur 3. Prosent leigejord av jordbruksareal i drift etter kommune. 2023¹
¹ Førebelse tal

Stor variasjon i jordleigeprisane

Prisane på leige av jordbruksareal varierer mykje etter bruken av arealet, etter kvar arealet ligg og om det er «god» eller «dårleg» jord. Jord som er dårleg grøfta eller på annan måte er i dårleg stand vert karakterisert som «dårleg jord». Bratt jord, dårleg arrondert jord eller vanskeleg tilgjengeleg jord kan også bli rekna som «dårleg» jord.

I den årlege jordleigeundersøkinga hentar Landbruksdirektoratet inn leigeprisar for seks  arealtypar: areal til dyrking av gras, korn, potet, grønsaker/bær, samt innmarks­beite og utmarksbeite. I 2023 var gjennomsnittsprisane per dekar følgjande: grønsaker/bær 854 kr, potet 668 kr, korn 395 kr og gras 266 kr. Leigeprisane for innmarksbeite og utmarksbeite var mykje lågare, med respektive 68 og 16 kr per dekar.

Figur 4. Gjennomsnittleg pris for leigejord til ulike føremål. 2018-2023. Kroner per dekar

Det er store prisskilnader etter område. I 2023 hadde Rogaland dei høgaste leigeprisane for areal til gras-, korn-, og grønsakdyrking samt for innmarksbeite. For areal til potet hadde Trøndelag høgast gjennomsnittleg leigepris med 847 kr per dekar, deretter følgde Vestfold/Telemark/Agder  med 714 kr. Nord-Noreg hadde dei lågaste gjennomsnittsprisane for alle føremål i 2023.

Prisnivået heng samen med om det er stor eller liten etterspurnad etter areal. I område med betydeleg potet- og grønsakproduksjon har jorda behov for vekstskifte, noko som kan gi auka leigeprisar. I område der etterspurnaden er liten, blir jordbruksareal ofte leigd ut utan betaling. Eller betalinga skjer i form av motytingar som til dømes gjerdehald, brøyting og ved.

Figur 5. Gjennomsnittleg pris på leigejord til ulike føremål, etter område¹. 2023. Kroner per dekar

¹ Vestlandet og Nor-Noreg har så lite korndyrking at det ikkje blir samla inn leigeprisar