Statistikk innhold
Statistikk om
Museum og samlingar
Museumsstatistikken gjev ei oversikt over status på samlingane og noko av aktiviteten i dei norske musea. Statistikken viser også inntekter og utgifter for musea. Oversikta inkluderer kun dei musea som er opne for ålmenta og har minst ett årsverk. Museumsstatistikken baserer seg på data frå Kulturdirektoratet rapportert via Altinn.
Utvalde tal frå denne statistikken
- Museum og samlingar. Populasjon, besøk og årsverkLast ned tabell som ...Museum og samlingar. Populasjon, besøk og årsverk1
2021 2022 2023 Tal på museer1 101 104 102 Besøk Totalt besøk 6 485 173 10 321 374 10 907 108 Enkeltbesøk 5 474 120 8 491 379 8 939 232 Gruppebesøk 1 011 053 1 829 995 1 967 876 Betalande besøkjande 2 774 376 5 654 919 6 183 980 Årsverk Lønte årsverk 4 404,0 4 645,0 4 626,3 Årsverk faste stillingar 3 516,0 3 683,0 3 710,8 Prosentandel faste stillingar 80 79 80 1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar kome med, medan andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Museum og samlingar. ÅrsverkLast ned tabell som ...Museum og samlingar. Årsverk1
Årsverk i alt Årsverk, lønt personale Årsverk, faste stillingar 2013 4 064,8 3 862,9 2 952,9 2014 4 052,8 3 864,6 2 999,2 2015 4 213,1 4 015,1 3 085,4 2016 4 150,7 3 954,8 3 069,2 2017 4 169,0 3 966,0 3 109,0 2018 4 244,0 4 056,0 3 169,0 2019 4 440,0 4 213,0 3 307,0 2020 4 310,0 4 173,0 3 359,0 2021 4 568,0 4 404,0 3 516,0 2022 4 857,0 4 645,0 3 683,0 2023 4 826,3 4 626,3 3 710,8 2023 Viken (2020-2023) 415,3 376,0 277,8 Oslo 1 333,3 1 323,7 1 085,1 Innlandet 452,4 419,5 324,4 Vestfold og Telemark (2020-2023) 204,2 188,5 159,5 Agder 216,0 201,7 180,3 Rogaland 323,5 310,9 266,9 Vestland 617,8 607,1 493,9 Møre og Romsdal 162,0 146,1 116,9 Trøndelag - Trööndelage 535,8 509,9 406,9 Nordland - Nordlánnda 284,4 269,5 186,1 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku (2020-2023) 270,1 261,9 205,3 Svalbard 11,5 11,5 7,8 1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar komme med, medan andre eininger av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. 12. oktober 2021: Tabellen er oppdatert med korrigerte tal for 2020. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Museum og samlingar. Storleik på samlinganeLast ned tabell som ...Museum og samlingar. Storleik på samlingane1
Kunsthistoriske Kulturhistoriske Naturhistoriske Fotografier Arkeologiske 2013 715 755 3 605 988 10 293 705 30 974 720 5 176 241 2014 760 428 3 728 075 10 437 053 31 907 354 6 346 950 2015 766 899 3 779 690 10 559 207 33 885 946 6 705 567 2016 782 887 3 633 852 9 946 825 34 027 068 6 991 980 2017 799 365 3 555 104 9 912 141 34 971 647 7 259 804 2018 800 216 3 615 018 10 098 701 35 209 179 7 719 130 2019 808 348 3 696 149 10 410 251 38 874 117 8 087 482 2020 828 480 3 985 821 10 646 553 39 146 092 8 286 362 2021 837 968 3 685 826 10 498 401 47 066 979 8 516 084 2022 838 268 3 730 300 10 272 804 47 647 209 8 752 446 2023 841 400 3 636 312 10 657 974 52 454 243 9 003 172 2023 Viken (2020-2023) 17 694 403 087 11 157 8 138 102 314 Oslo 626 294 730 974 5 964 353 7 501 730 2 894 462 Innlandet 7 460 439 505 7 045 7 557 674 11 032 Vestfold og Telemark (2020-2023) 21 002 259 042 1 533 7 677 960 1 958 Agder 4 741 147 569 131 724 334 451 722 Rogaland 15 828 294 996 35 448 1 678 863 1 599 687 Vestland 60 689 458 842 2 217 266 889 643 2 272 284 Møre og Romsdal 3 368 113 477 2 182 6 817 537 668 Trøndelag - Trööndelage 40 828 373 700 1 665 500 9 201 333 1 829 170 Nordland - Nordlánnda 11 347 263 068 24 343 1 276 464 306 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku (2020-2023) 32 054 148 141 596 683 1 208 686 342 471 Svalbard 95 3 911 740 171 800 50 098 1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar komme med, medan andre eininger av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ... - Museum og samlingar. Museum og kulturhistoriske bygningarLast ned tabell som ...Museum og samlingar. Museum og kulturhistoriske bygningar1
Museum og samlingar Kulturhistoriske bygningar Opne kulturhistoriske bygningar 2016 107 5 014 2 443 2017 107 5 020 2 519 2018 100 5 028 2 474 2019 98 5 028 2 512 2020 102 5 088 2 123 2021 101 5 035 2 196 2022 104 5 048 2 194 2023 102 5 067 2 215 2023 Viken (2020-2023) 11 696 284 Oslo 16 211 85 Innlandet 11 1 183 551 Vestfold og Telemark (2020-2023) 5 300 101 Agder 6 234 96 Rogaland 7 261 144 Vestland 11 689 255 Møre og Romsdal 6 254 156 Trøndelag - Trööndelage 9 454 180 Nordland - Nordlánnda 7 441 183 Troms og Finnmark - Romsa ja Finnmárku (2020-2023) 12 343 180 Svalbard 1 1 0 1Talet på museum vil variera frå år til år. Til dømes kan nokre heilt nye einingar komme med, medan andre eininger av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Dette vil kunne påverka samanlikninga over tid. Standardteikn i tabellarLast ned tabell som ...
Om statistikken
Informasjonen under «Om statistikken» blei sist oppdatert 31. oktober 2023.
Besøk i museumsstatistikken
Med besøk meiner ein besøk av ein person som oppsøkjer museet for å sjå på og bruke museets utstillingar og formidlingstenester. Besøk på friluftsmuseum er besøk av personar som oppsøker museets område i opningstida for bruk av museets formidling på området. Besøk av personar som oppheld seg i museets lokale og friluftsområde i forbindelse med arrangement som ikkje aktivt knytast til museets formidling og verksemd, skal ikkje reknast med. For utstillingar i andre lokale enn museets eigne, reknast besøk av personar dersom det primære formål er å aktivt oppsøke utstillinga til museet. Dei som vitjar museets stand på ei messe, skal ikkje reknast med. Personar som berre passera gjenstandar/fotografi i eit offentleg lokale utan å oppsøkje utstillinga skal heller ikkje reknast med. Virtuelle besøk (internettutstillingar og liknande) reknast ikkje med. Deltakarar i pedagogisk verksemd skal være inkludert i besøkstala.
Gjenstandar/objekt : kan vere kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, arkeologiske og fotografi.
Utstillingar: kan vere basisutstilling eller temporær utstilling. Basisutstilling er fast utstilling som er ein del av det faste opplegget til museet når det gjeld formidling. Eit museum kan ha fleire basisutstillingar. Eit tun eller friluftsmuseum med fleire bygningar blir rekna som éi basisutstilling. Temporær utstilling er utstilling som er montert og som skal visast ei avgrensa tid. Visingstida kan variere frå nokre få dagar og inntil eit år.
Eigenprodusert vandreutstilling i drift : Utstilling som er laga for å kunne transporterast og visast på fleire stader.
Inntekter totalt : inkluderer offentlege løyvingar, billettinntekter, gåver og andre inntekter.
Utgifter i alt : inkluderer lønn, sosiale utgifter, andre driftsutgifter og investeringar.
Kulturhistoriske bygningar: Med kulturhistoriske bygningar i museumsstatistikken meiner ein bygningar som har kunnskaps- og kjeldeverdi ved at dei vitnar om lokal kunnskap, estetikk, tradisjonar, levemåte, arkitektur og økonomiske forutsetningar.
Museum og samlingar
Emne: Kultur
Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk
Statistikken blir samla inn på institusjonsnivå. Publisering skjer på fylkes- og nasjonalt nivå.
Statistikken blir publisert ein gong i året. Statistikken blir også publisert årleg i ein større papirpublikasjon, Kulturstatistikk. Norsk kulturråd publiserer også Statistikk for museum ein gong i året.
SSB lagrar innsamla og reviderte data på ein sikker måte, i tråd med gjeldande lovverk for databehandling.
SSB kan gje tilgang til datagrunnlaget (avidentifiserte eller anonymiserte mikrodata) som statistikken byggjer på, til forskarar og til offentlege myndigheiter som skal utarbeide statistiske resultat og analysar. Tilgang kan bli gjeven etter søknad og på vilkår. Sjå meir om dette på Tilgang til data fra SSB.
Føremålet med museumsstatistikken er å gje ei oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for stat, fylke, kommune og andre som er involverte i drifta eller finansieringa av musea på ein eller annan måte. Statistikken er blitt publisert årleg sidan 1983, med unntak av åra 1984 og 1990. Statistikken har vore publisert i samarbeid med Statens museumsråd, Norsk Museumsutvikling (NMU) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå statistikkrapporteringa i 2011, i samarbeid med Kulturdirektoratet.
Forutan å gje departement, fylke og kommunar naudsynt styringsinformasjon, er også Museumsnett, Kulturditekoratet, Noregs museumsforbund, pressa og allmenta viktige brukarar.
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av de viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
Statistikken blir nytta i samband med annan statistikk i SSB, til dømes med "Norsk kulturbarometer", som er ei undersøking om det norske folks kulturvanar.
Statistikken blir utvikla, utarbeidd og formidla med heimel i lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven, lovdata.no).
Statistikken inngår i nasjonalt program for offisiell statistikk, hovuddel Kultur og Fritid, delområde Kultur.
Det finst ikkje nokon eintydig definisjon for museum i Noreg. Til og med 2001-statistikken betydde dette at alle samlingar som var opne for publikum, kunne vere inkluderte i populasjonen (sjå elles ICOMs definisjon av eit museum: NOU 1996:7 Museum - mangfald, minne, møtestad, side 35). Nokre museum blir administrerte under ei eining jamvel om dei er einskilde museum. I desse tilfella vil berre den administrative eininga få tilsendt skjema. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i gjere populasjonen meir stabil.
Det har også gått føre seg ein omfattande konsolideringsprosess i museumssektoren. Denne prosessen førte til at talet på administrative einingar som skulle rapportere, fall år for år i ein periode, men ein reknar likevel med at statistikken dekkjer dei same musea.
Ser ein bort frå konsolideringa, ser ein likevel at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, samstundes med at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.
I 2016 ble fem einingar teke ut av museumspopulasjonen fordi verksemda deira ikkje lenger reknast å ligge innanfor det som er museumsdrift, i hovudsak fordi dei ikkje har eigne samlingar
Dei enkelte musea er kjelde for sine data. Frå 2017 rapporterer musea elektronisk via Altinn. Norsk kulturråd sender samla datagrunnlag til SSB. Frå 2004 har rapporteringa vore elektronisk til Kulturdirektoratet (tidlegare ABM-utvikling og Norsk Kulturråd).
Statistikken famnar dei musea som Kulturdirektoratet har registrert og som er opne for publikum, samt har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret.
Kulturdirektoratet sender ut varsel om levering av elektroniske skjema med svarfrist mars/april kvart år. Kulturdirektoratet er sjølv ansvarleg for purring. Den samla datafila blir send til SSB for vidare arbeid.
Det blir køyrd manuelle og maskinelle kontrollar under utarbeidinga av statistikken. Med editering meiner ein kontroll, gransking og endring av data.
Fordi populasjonen ikkje har vore eintydig, og på grunn av varierande svarprosent frå år til år, er det vanskeleg å seie noko om aktiviteten over tid. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i å gjere populasjonen meir stabil. Samstundes kan vi sjå at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, og at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.
I enkelte år kan eit museum vere stengt på grunn av oppussing og liknande. I nokre høve kan dette gi store utslag på tala.
Musea har gjennom åra stadig gjort kvalitetsforbetringar og i nokre høve endra metodikk for teljing av til dømes gjenstandar og objekt. Til dømes er årsaka til over halvparten av endringane i tal på kunsthistoriske gjenstandar frå 2010 til 2011 at frå og med 2011 tel Nasjonalmuseet for kunst alle objekt i samlingane sine som kunsthistoriske gjenstandar. Samt at museet frå og med 2011 bruker tal på registrerte objekt i ein samlingsdatabase, i staden for å bruke overslag av tal på gjenstandar frå 2002 pluss årleg tilvekst. Over halvparten av endringane i tal på fotografi frå 2010 til 2011 kjem av ein ny standardiseringsmåte for teljing av samlingane ved eit museum i Akershus.
Frå 2016 er basisutstillingar og temporære utstillingar slått saman til ny kategori Utstillingar.
Musea forbetrar stadig sine samlingar og rapporteringar. Det har og vore tilfellet i 2018, noko som gjer utslag i tala. Til dømes har eit av musea omdefinert delar av sine samlingar til arkiv og dermed går samlinga ut av statistikk for museum og samlingar. Vidare har eit anna museum fått endra status og er dermed heller ikkje pålagt å levera tal til statistikken, noko dei har valt å ikkje gjere for 2018.
Det kan oppstå feil ved utfylling av skjema i dei einskilde musea, og ved arbeidet hos SSB. Dei fleste slike feil blir funne og retta ved maskinelle og manuelle kontrollar. Nokre museum lar vere å svare på enkelte spørsmål i skjemaet.
Revisjon er planlagd endring av tal som allereie er publiserte, for eksempel ved publisering av endelege tal der det tidlegare har vore publisert førebelse tal. Sjå også SSBs prinsipp for revisjon.