Samla driftskostnader knytt til miljøvern i næringslivet utgjorde 9 300 millionar kroner i 2023, som er ein liten nedgang på 1 prosent frå 9 500 millionar i 2022. Samstundes auka investeringane til miljøvern med 11 prosent, og nådde 11 200 millionar kroner. Denne veksten var sterkt driven av næringane innan bergverksdrift og utvinning, som stod for 9 900 millionar, følgd av industrinæringane med 1 100 millionar kroner. Alle størrelsar i statistikken for miljøvernutgifter er i laupande priser.

Figur 1. Utvikling i totale miljøvernutgifter i næringslivet. Laupande priser

Nedgang i driftskostnadene til miljøvern for industrinæringer

Dei totale driftskostnadene til miljøvern i industrinæringane viser ein nedgang på heile 10 prosent i 2023, med 6 200 millionar kroner, mot 6 800 millionar i 2022.

Metallindustrien stod for ein vesentleg del av nedgangen og hadde i 2023 ein reduksjon i driftskostnader til miljøvern på 700 millionar kroner frå året før, medan petroleums- og kolvareindustrien auka med 16 prosent, eller 200 millionar kroner. Kjemisk industri, transportmiddelindustri og mineralproduktindustri har òg hatt ein reduksjon, med høvesvis 14, 18 og 15 prosent.

Figur 2. Driftskostnader til miljøvern. Utvalde industrinæringar

Avløp i kommunane drev miljøverninvesteringar opp

Av miljøvernutgiftene i offentleg forvaltning var det investeringar som steig mest i 2023. Denne posten auka med 2 800 millionar kroner. Nesten 80 prosent av auken skyldast kommunale investeringar i avlaupshandtering. Kjøp av varer og tenester er nest største post, og auka og sterkt. Den gjekk opp med knapt 1 900 millionar kroner. Over halvparten av auken skyldast handsaming av avløp til kommunane, mens ein tredjedel gjekk til handsaming av avfall. 

Figur 3. Miljøvernutgifter i offentleg forvaltning. Fordelt på utgiftspostar. Endring 2022-2023. Laupande prisar

Nært halvparten av offentlege miljøvernutgifter går til avlaup

Fordeler ein utgiftene etter miljøvernformål, var avlaupsbehandling største post i 2023, med utgifter på litt under 23 700 millionar kroner. Det er ein auke på 3 800 millionar kroner frå 2022. Prosentvis aukar denne posten meir enn andre postar, som betyr at delen den utgjer av totalen går opp, frå 43 til 45 prosent. Handsaming av avfall er neste største post med 13 000 millionar kroner i 2023. Det utgjorde 25 prosent av totalen i 2023, det same som året før. 

Figur 4. Miljøvernutgifter i offentleg forvaltning. Fordelt på miljøvernmål. Laupande priser