19443_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
19443
Halvparten sortert ut ...
statistikk
2005-06-29T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, husholdningsavfall, avfall, gjenvinning, avfallshåndtering, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, KOSTRA, Natur og miljø, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten sortert ut ...

... for attvinning i 2004. Sjølv om mengda hushaldsavfall aukar, aukar den delen vi sorterer ut meir. Frå 2003 til 2004 auka den totale mengda hushaldsavfall med 76 000 tonn, medan vi sorterte ut 90 000 tonn meir i 2004 enn i 2003.

Av 1,74 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei 854 000 tonn, eller 49 prosent, sortert ut for attvinning, syner tal som er henta inn gjennom kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2004.

Konsum og avfall. Hushald. 1996 - 2004. Indeks 1996=1

Avfall og vareforbruk

Avfallsmengda har auka med 4,5 prosent siste året. Dette er om lag det same som vareforbruket i hushalda målt i kroner. For heile perioden frå 1996 til 2003 har avfallsmengda auka meir enn vareforbruket. I fjor kasta kvar nordmann 378 kg hushaldsavfall. Dette er 13 kg meir enn året før og 100 kg meir enn i 1997. I desse mengdene hushaldsavfall er ikkje bilvrak, heimekompostering og anna som hamnar utanom renovasjonsordninga medrekna.

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert.
1992-2003. Tonn og kg pr innbyggjar
Heile landet I alt Utsortert i alt
I alt Kg per
innbyggjar
I alt Kg per
innbyggjar
19921 1 012 192  237       86 363 20
19951 1 173 643  269  212 689 49
19961 1 195 274  274  260 234 60
19971 1 259 333  287  365 898 83
1998 1 363 909  309  452 698  102
1999 1 396 674  314  524 156  118
2000 1 451 590  324  581 056  130
2001 1 506 715  335  668 393  148
2002 1 612 674  354  731 632  161
2003 1 670 602  365  764 347  167
2004 1 746 353  378  854 338  185
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
Kjelde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Kvar nordlending kasta 291 kg avfall, medan folk på Sør-Austlandet kasta 430 kg kvar. Størst endring frå førre året hadde Aust-Agder med ein auke på 68 kg. Østfold hadde ein nedgang frå året før på 29 kg for kvar innbyggjar. Skilnadane i totalmengde mellom kommunane er vanskeleg å forklåre. Folks levesett, alderssamansetjing, næringsveg og mogleg handsaming av avfallet på eigen eigedom samt forskjellar i korleis avfallet blir registrert, kan påverke tala.

Mykje sorterast ut...

Om lag halvparten av alt hushaldsavfallet blei sortert ut for attvinning i 2004. I alt 854 000 tonn hushaldsavfall blei sortert, som er 12 prosent meir enn året før.

Om lag tre firedelar av avfallet som blei sortert ut gjekk til materialattvinning, resten blei brent, lagra for seinare levering eller handsaminga var ukjent. Utsortert metall og treavfall auka mest, med 21 prosent frå 2003 til 2004. Mengdene EE-avfall (elektriske og elektroniske produkt) og plast auka med 16 prosent.

Hedmark ligg framleis på topp når det gjeld utsortering til attvinning, med 68 prosent. Men om ein reknar med ei energiutnytting på 73 prosent frå forbrenning av restavfall, kjem Oslo best ut med 85 prosent attvinning. Det synar seg at kommunane på Vestlandet og i Nord-Noreg kjem dårlegast ut, med rundt 40 prosent utsortering. Når det gjeld variasjon i mengdene som blir sortert ut for attvinning og satsing på slike ordningar i kommunane, kan ulike transportavstandar til attvinningsbedrifter vere ein av forklaringane.

Handtering av hushaldsavfall. 1998-2004

...og mindre til slutthandsaming

Sjølv om avfallsmengda har auka, er mengda avfall til slutthandsaming gått ned med 2 prosent samanlikna med året før. I tillegg til deponering blir den delen av brent avfall som ikkje kan energiutnyttast rekna som slutthandsama. I 1999 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 73 prosent, og tala for 2004 er berekna ut frå same utnyttingsgraden.

Tidlegare blei attvinningsgraden rekna ut frå summen av utsortert avfall og delen energiutnytta av brent restavfall. Frå og med 2004 har kommunane rapportert meir detaljerte opplysningar om vidare handtering av det utsorterte avfallet, og reknemetoden er endra, slik at ein kan skilje ut den delen som ikkje blir energiutnytta. Med denne metoden, vil nivået for attvinningsgraden bli noko lågare. Attvinningsgraden for 2004 syner at 70 prosent av avfallet blei attvunne eller energiutnytta.

Målet til myndigheitene er 75 prosent attvinning innan 2010, men ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt for hushaldsavfall.

Avfall kasta på søppelplass går framleis nedover, og gjekk ned med 3,5 prosent frå 2003 til 2004, til 345 000 tonn.

Tala syner òg at det har vore ein liten nedgang i restavfall til forbrenning frå 2003 til 2004. Ein del av nedgangen i tala kjem av at meir av avfallet vert sortert ut i brennbare fraksjonar før det vert sendt til brenning, og derfor vert registret som utsortert i fyrste omgang. I 2004 blei det brent 539 000 tonn restavfall mot 544 000 tonn året før. For sorterte avfallsfraksjonar gjekk 102 000 tonn til forbrenning i 2004, dette talet er berekna fyrste gongen for 2004.

Renovasjon

Ved innsamling av avfall på renovasjonsbil og på mottaksstasjon kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

For 2004 hadde 339 kommunar tilbod om heimekompostering. I alt 71 197 husstandar nytta tilbodet.

Alle kommunar har tilbod om innlevering av utsortert avfall.

For om lag halvparten av materiala har det vore ein liten nedgang i tilbodet om henting av sorterte fraksjonar. Størst har nedgangen vore for plast, metall og våtorganisk avfall. Det vil seie at ein mindre del av husstandane hadde dette tilbodet i 2004 enn året før. For farleg avfall har det derimot auka, slik at 22 prosent av alle husstandane hadde tilbod om henting av farleg avfall heime i 2004, medan talet i 2003 var 19 prosent.

Resultata i denne artikkelen er å rekne som førebelse tal. Endelege tal er planlagt publisert i november 2005.

Meir informasjon

Temaside for avfall

Nasjonalrekneskap og miljø

Avfallsregnskapet

Miljøstatus i Noreg

Tabeller: