Utanom skatt på utvinning av petroleum har innbetalingar av alle skatteartar auka sidan i fjor. Til no i år er innbetalingar av skattar som ikkje er knytt til petroleumsverksemd 76 milliardar kroner høgare enn i fjor. Arbeidsgjevaravgifta står for om lag to tredjedelar av denne auka. Ved utgangen av juli var det betalt inn 130 milliardar i arbeidsgjevaravgift. I same periode i fjor blei det betalt inn 79 milliardar. Betalingane var då uvanleg låge fordi tiltak i samband med koronapandemien omfatta både nedsett sats på arbeidsgjevaravgifta og utsette betalingsfristar.
Framleis negativ petroleumsskatt
Summen av innbetalte petroleumsskattar var framleis negativ ved utgangen av juli. Det var betalt inn 3,2 milliardar i ordinær petroleumsskatt, mens netto innbetalingar av særskatt på petroleum var på -5,9 milliardar. Talet er negativt fordi tiltak i forbindelse med koronapandemien førte til at oljeselskapa fekk refusjonar som var større enn innbetalingane i 2020. Petroleumsskattar som blei betalt inn i første halvår av 2021 var rekna frå inntekter selskapa hadde i 2020 og tidlegare.