Prisane norsk industri fekk for varene sine auka med 0,4 prosent frå april til mai, det viser tal frå Produsentprisindeksen (PPI). Prisane på industrivarer Noreg eksporterer til utlandet heldt fram med å stige, for tredje månad på rad, men prisoppgangen var vesentleg svakare enn førre månaden.  

– Norsk eksportretta industri får framleis godt betalt for varene sine. Ei svak norsk krone bidreg. Økte internasjonale priser på viktige norske eksportvarer som metall og sjømat har også medverka, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i SSB.

Figur 1. Produsentprisindeksen. Prisutviklinga i industrien på heime- og eksportmarknaden frå 2021-2024. 2021=100.

Produsentprisindeksen (PPI) måler utviklinga i prisane som viktige delar av norsk næringsliv får for varene sine. Samanlikna med den meir kjende konsumprisindeksen (KPI) kan ein seia at PPI måler prisutviklinga på eit tidlegare punkt i verdikjeda. KPI måler prisane som hushalda betaler i butikken, medan PPI måler prisane "ved fabrikkporten". Dermed er PPI ein viktig indikator på korleis det går i norsk næringsliv. Indeksen vert nytta til å analysere norsk økonomi og kan dessutan gi ein peikepinn på korleis prisutviklinga vil bli i framtida for varer som hushalda kjøper. 

PPI måler prisutviklinga innan utvinning av råolje og naturgass, industrinæringane, kraft- og vassforsyning og dessutan for enkelte tenester, blant dei tenester tilknytta olje- og gassutvinning. Prisane blir målte på varer selt i første omsetningsledd frå produsenten og ut til den norske marknaden (heimemarknaden), i tillegg til den utanlandske marknaden (eksport).

Sterk prisoppgang på metall 

Ei av industrinæringane som drog industriprisane mykje opp i mai var metallindustrien, der prisane steig med 5,7 prosent. Prisoppgangen var ganske lik både på varer solgt i Noreg og til utlandet. Vi ser også prisauke på tvers av ulike typar metall. 

Det er dei ikkje-jernhaldige metalla som dreg prisane mest opp, etterfølgd av jern og stål, undernæringar som i stor grad vert påverka av internasjonale prisar.

Dersom me ser bort i frå metallindustrien, så var det ein liten nedgang i industriprisane totalt sett frå april til mai.

Figur 2. Produsentprisindeksen. Prisutviklinga på sjømat og metall på eksportmarknaden frå 2021-2024. 2021=100.

Ny prisoppgang på sjømat 

I næringsmiddelindustrien heldt prisveksten fram for femte månad på rad, opp 0,5 prosent i mai. Igjen var det sjømat som bidrog mest til prisveksten.

– Prisane på spesielt eksportert sjømat har skote i vêret dei siste månadene, seier Kristiansen.

Det var prisoppgang for dei fleste fiskekategoriane i mai, der spesielt ulike typar klippfisk hadde ein brei prisoppgang.

Frå desember i fjor til mai i år steig prisane på sjømat selt til utlandet med rundt 12 prosent, mens prisveksten var på rundt 5 prosent til det norske marknaden.

Framleis sterkast prisvekst på eksporterte industrivarer

Norske eksportbedrifter hadde ein sterk prisvekst fra midten av 2021 til midten av 2022, etterfølgd av ein lengre periode med ein fallande pristrend. Med nokre unntak har prisane stige samanhengande sidan august 2023 og fram til mai i år, med til saman litt over 9 prosent over denne perioden.  

Norske eksportbedrifter vert som regel betalt for varene sine i euro eller dollar. Når krona svekkjer seg mot utanlandsk valuta får eksportørane fleire kroner for kvar euro eller dollar, og målt i norske kroner aukar dermed eksportprisane.

Kronesvekkinga har heilt klart påverka eksportprisane i ein viss grad frå august i fjor til mai i år, men kan ikkje åleine forklara den totale prisoppgangen på eksporterte industrivarer i PPI.