I undervisningsopplegget får elevane kunnskap om:

  • Tema 1: Kor mange norske barn og unge er i fare for å vekse opp i fattigdom?
  • Tema 2: Barn og unge og låginntekt i tre aldersgrupper, i store kommunar og etter innvandrarbakgrunn
  • Tema 3: Kva kan låginntekt bety for livet til barn og unge?

Elevane får øving i å jobbe med statistikk om temaa gjennom oppgåveløysing.

De kan velje å bruke berre delar av opplegget.

Oppgåvene omfattar taloppgåver og refleksjonsoppgåver. Lærarar kan få fasit til taloppgåver ved å skrive til skole@ssb.no.

De vurderer sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.

Dersom de har innspel på kva vi kan gjere betre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på skole@ssb.no.

  • kjenne til inntekt som omgrep – kva er det?
  • kjenne til kor stor del av barn og unge som lever med låginntekt i minst tre år
  • lære å finne tal om temaet låginntekt for barn og unge i SSBs statistikk
  • ha kjennskap til nokre moglege konsekvensar for barn og unge av å ha låginntekt
  • kunne reflektere over kva låginntekt kan bety for livet til barn og unge

Opplegget er laga for elevar som har samfunnsfag på 10. trinn, samfunnsfag som fellesfag i vidaregåande skole, samfunnsøkonomi på 1. trinn eller sosiologi og sosialantropologi. Vi har teke utgangspunkt i desse kompetansemåla:

Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhold på ssb.no.