Lavinntektshusholdninger-tekst-2-bilde.svg

Når du les og jobbar med tala no, så hugs at det er talet for kor mange som lever med vedvarande låginntekt, vi her bruker som ein indikator for kor mange som lever i fare for å oppleve fattigdom.

Betre for dei yngste barna

Det er gjerne dei yngste barna på 0–5 år som har størst sannsyn for å tilhøyre eit hushald med låginntekt. Men det har blitt betre for dei yngste barna sidan 2019. Då sokk andelen med låginntekt for dei, frå 12,7 prosent i 2019 til 12,6 prosent i 2020, og vidare ned til 11,8 prosent i 2021 og 10,4 i 2022. Fallet i andelen barn i alderen 0–5 år som har låginntekt, kom samstundes med at barnetrygda auka for denne aldersgruppa.

Også blant dei litt eldre barna ser vi ein viss nedgang. Den nedgangen er litt svakare enn blant dei yngste, slik at låginntektsandelen no er høgast blant barna i alderen 6–10 år.   

Figur 2. Andel barn under 18 år med vedvarende lav husholdningsinntekt¹, etter alder. Prosent

¹ Gjennomsnittlig inntekt etter skatt per forbruksenhet (EU-skala) i en treårsperiode under 60 prosent av mediangjennomsnittet i samme treårsperiode.

Andelen barn og unge med låginntekt gjekk ned i store kommunar

Det er stor variasjon mellom kommunar når det gjeld kor store andelar barn som lever i hushald med vedvarande låginntekt.

Frå 2020 til 2022 ser vi ein reduksjon i andelen barn og unge som lever med vedvarande låginntekt i alle dei femten største kommunane i Noreg.

Andelen auka ganske mykje i dei fleste kommunane når vi ser på femårsperioden 2016–2021, men frå 2021 går det nedover for nesten alle.

I 2022 fann vi størst andelar for barn og unge som lever med vedvarande låginntekt i nabobyane Sarpsborg og Fredrikstad. Over tid har andelane auka merkbart i desse to byane, men frå 2021 gjekk andelen ned også her.

Oslo skil seg litt ut med ei meir positiv utvikling over nokre år. Her har andelen barn og unge som lever med vedvarande låginntekt, blitt redusert for fjerde år på rad og er no på 15,2 prosent. Vi må heilt tilbake til 2016 for å finne tilsvarande andel.

Figur 3. Andel barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt¹. De femten største kommunene², 2015-2022

¹ Gjennomsnittlig inntekt etter skatt per forbruksenhet (EU-skala) i en treårsperiode under 60 prosent av mediangjennomsnittet i samme treårsperiode. ² Kommunetall basert på kommuneinndeling fra og med 2020, også for tall bakover i tid.

Løys oppgåve B og C før du går vidare 

Seks av ti barn og unge med vedvarande låginntekt har innvandrarbakgrunn

No skal vi snakke om forskjellar i låginntekt mellom barn og unge med og utan innvandrarbakgrunn. I statistikken betyr innvandrarbakgrunn anten at barn eller unge har innvandra til Noreg, eller er fødde her i landet av foreldre som har innvandra.

Tala for vedvarande låginntekt viser at også blant barn og unge med innvandrarbakgrunn er det nedgang dei siste åra. Men barn og unge med innvandrarbakgrunn er framleis sterkt overrepresenterte, og seks av ti barn i låginntektsgruppa har innvandrarbakgrunn.

Barn som sjølv har innvandra til landet, har framleis stort sannsyn for å tilhøyre eit hushald med vedvarande låginntekt, sjølv om det er i denne gruppa vi finn den største reduksjonen i låginntektsandel.

Figur 4. Barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt.¹ Barn med og uten innvandrerbakgrunn. Andel 2006-2022

¹ Gjennomsnittlig inntekt etter skatt per forbruksenhet (EU-skala) i en treårsperiode under 60 prosent av mediangjennomsnittet i samme treårsperiode.

Figur 5. Barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt.¹ Barn med og uten innvandrerbakgrunn. Antall 2006-2022

¹ Gjennomsnittlig inntekt etter skatt per forbruksenhet (EU-skala) i en treårsperiode under 60 prosent av mediangjennomsnittet i samme treårsperiode.

24 000 innvandrarbarn og 36 800 norskfødde barn av innvandrarforeldre hadde vedvarande låginntekt i 2022, mens det same gjaldt for 41 800 barn utan innvandrarbakgrunn.

I 2022 var låginntektsandelen for barn som sjølv har innvandra til Noreg, på 43,6 prosent. Dette var ein reduksjon på 3,1 prosentpoeng, som er 3 100 færre innvandrarbarn med vedvarande låginntekt enn året før.

Også blant norskfødde barn med innvandrarforeldre gjekk andelen ned i 2022, då han var 28,5 prosent, mot 31 prosent i 2021. For barn utan innvandrarbakgrunn var låginntektsandelen 5,3 prosent i 2022, ned 0,3 prosent frå 2021.

Nedgangen i låginntekt i 2022 kjem mellom anna av at innvandringa dei siste åra har vore klart mindre enn tidlegare. Perioden 2020–2022 fell saman med nedstenginga av landet under pandemien, der innvandringa var svært låg samanlikna med tidlegare år.

Andelen barn med vedvarande låginntekt blant barn som sjølv har innvandra, var på sitt lågaste i 2011 med 39,8 prosent. For norskfødde barn med innvandrarforeldre tilhøyrde då 29,3 prosent denne gruppa. 4,6 prosent av barn utan innvandrarbakgrunn tilhøyrde låginntektsgruppa i 2011.

Normann, T. M. (2024, 18. januar). Færre barn lever i familier med lavinntekt. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/artikler/faerre-barn-lever-i-familier-med-lavinntekt

No kan du løyse oppgåve D