Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
De kan velje å bruke ein eller fleire delar av opplegget, og i tillegg til å lese tekst, tabellar og figurar kan de lære om temaa ved å løyse oppgåver. Oppgåvene omfattar taloppgåver og refleksjonsoppgåver.
Lærarar kan få fasit til taldelen av oppgåvene ved å skrive til skole@ssb.no.
Vi har laga forslag til gjennomføring i nokre av oppgåvene. Men de vurderer sjølvsagt sjølv når de ber elevane om å løyse oppgåver åleine, i par, i grupper og i heil klasse.
Dersom de har innspel på kva vi kan gjere betre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på skole@ssb.no.
- Utforske og lære fakta om arbeidsliv, utdanningsval og lønn i Noreg.
- Lære å bruke tala om temaa.
- Reflektere over kva statistikkane om arbeidsliv, utdanningsval og lønn kan seie om personleg økonomi og om kva som motiverer for utdanningsval.
Undervisningsopplegget er produsert av SSB som eit tilbod til lærarar med undervisning om det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i læreplanane.
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.