Frå åker og fabrikk til butikk og kontor
Det har vore store endringar i kva type jobbar vi har i Noreg. Når vi ser på tal frå 1900 til 2023 for sysselsette i forskjellige typar av næringar, er biletet tydeleg. Tidlegare jobba folk oftare i primær- og sekundærnæringar, altså jordbruk, industri og liknande, mens det no er vanleg å jobbe med å produsere tenester i tertiærnæringar. Vi kan seie at stadig fleire av oss arbeider i butikkar, på kontor eller i institusjonar enn i åkeren eller i fabrikkhallen (Statistisk sentralbyrå, 6. juli 2022).
Også innanfor næringane skjer det store endringar på relativt kort tid. I 1970 jobba 40 000 personar med forlagsverksemd, radio og TV, telekommunikasjon og andre tenester innanfor informasjonsteknologi. I 2020 var det over dobbelt så mange som arbeida med slikt, 99 000 personar. Eit anna eksempel er varehandelen, der bruken av IKT har gjeve oss eit større innslag av netthandel enn før.
Kvinner og menn har ofte ulike typar jobbar og lønn
I Noreg er det også slik at kvinner og menn vel ulike yrke. I næringar som helse- og sosialtenester og undervisning er det for eksempel stor overvekt av kvinner, mens det motsette er tilfellet for næringar som industri og bygge- og anleggsverksemd.
I 2023 tente menn i heiltidsstilling i Noreg i gjennomsnitt 61 090 kroner i månaden og kvinner 55 120 kroner. Kvifor er det slik? Ein viktig del av forklaringa er at det er langt fleire menn enn kvinner blant dei med aller høgast lønn i Noreg. Forskjellane blir mindre når vi tek bort dei 10 prosentane med aller høgast lønn, og så bereknar gjennomsnittslønna for kvinner og menn (Fløtre & Strand, 2024). Sidan dei få som har veldig høy lønn dreg gjennomsnittstalet for lønn mykje opp, kan det vere hensiktsmessig å sjå på medianlønn i staden for gjennomsnittslønn.
At menn er overrepresenterte blant dei med høgast lønn i Noreg, er knytt til at kvinner oftare jobbar i offentleg sektor, mens menn oftare jobbar i privat sektor. Nesten 70 prosent av dei som jobbar i offentleg sektor i Noreg er kvinner, og i privat sektor er over 60 prosent menn. Og det er i privat sektor at vi finn dei fleste av jobbane med høg lønn. Kvinner jobbar også deltid i langt større grad enn menn (Fløtre & Strand, 2024). Du kan lese meir om dette i artikkelen Slik kan lønnsforskjeller mellom kvinner og menn forklares.
To mål som er viktige i samanlikning av lønn, er gjennomsnitt og median. Her har du ei visuell forklaring av desse to omgrepa, og av kva kvartil er.
Infografikken viser forskjellen på gjennomsnittslønn, median og kvartil. Her ser du 12 lønnstakarar. Dei har ulik månadslønn. Korleis reknar vi eigentleg ut tal for gjennomsnittslønn, median og kvartilar? Gjennomsnittslønna finn du lett ved å legge saman alle lønnsbeløpa og dele på talet på personar i gruppa. Månadslønn, tal i 1 000. 35 + 52 + 31 + 40 + 32 + 81 + 37 + 48 + 38 + 44 + 35 + 43 = 516. 516 delt på 12 = 43. Når vi skal berekne medianen, sorterer vi først gruppa i stigande rekkefølgje. 31, 32, 35, 37, 38, 40, 43, 44, 48, 52, 81. Så finn vi lønnsverdien i midten. (38+40) / 2 = 39. (Her er det to i midten, så vi finn snittet av desse to.) Dersom personen med aller høgast lønn i dette tilfellet skulle vere så heldig å få høgare lønn, vil gjennomsnittet auke mens medianen blir den same. Personen som tener 81 aukar til 201. Nytt gjennomsnitt: 636 delt på 12 = 53. Men same median: (38 + 40) / 2 = 39. Nedre og øvre kvartil finn vi òg ved å sortere gruppa i stigande rekkefølgje. Så finn vi grenseverdien for hvv. nedre og øvre fjerdedel. Nedre kvartil 35. Øvre kvartil 48.
Utforsk gjerne lønnsskilnadene mellom kvinner og menn
Visualiseringa er optimalisert for store skjermar.
Dei fleste i Noreg har grunnskole eller vidaregåande skole som høgaste utdanningsnivå
Kor mange menneske i Noreg har anten grunnskole, vidaregåande skole eller utdanning utover dette som sitt høgaste nivå? Og har tala endra seg over tid?
I 2023 hadde 37,4 prosent av dei som var 16 år eller eldre i Noreg, høgare utdanning frå universitet og høgskole. Fleirtalet av dei som er i jobb i Noreg, hadde då grunnskole eller vidaregåande skole som sitt høgaste utdanningsnivå.
Men prosentdelen som har høgare utdanning enn vidaregåande skole, har auka mykje sidan 1970. Då hadde for eksempel noko under 6 prosent av befolkninga universitets- og høgskoleutdanning på 4 år eller mindre, mot 25,4 prosent i 2023. Prosentdelen som har universitets- og høgskoleutdanning på meir enn 4 år, auka frå under 2 prosent i 1970 til 12 prosent i 2023.
Vi kan altså seie at det har blitt meir og meir vanleg å ta utdanning etter vidaregåande skole. Men det er framleis slik at fleirtalet av dei som er i jobb i Noreg, har grunnskole eller vidaregåande skole som sitt høgaste utdanningsnivå.
Statistisk sentralbyrå har veldig detaljert statistikk over lønn i ulike yrke. På utdanning.no si teneste «Jeg vil sammenligne» kan du finne og samanlikne tal for lønn i ulike yrke og utdanningar. No skal de jobbe med desse tala gjennom å løyse oppgåvene A og B.
Løys oppgåve A som du finn nedst på sida.
Løys oppgåve B som du finn nedst på sida.
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. (2024). Jeg vil sammenligne utdanninger. Utdanning.no. https://sammenlign.utdanning.no/ Fløtre, I. A., & Strand, N. (2024, 4. mars). Slik kan lønnsforskjellen mellom kvinner og menn forklares. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/statistikk/lonn/artikler/slik-kan-lonnsforskjellen-mellom-kvinner-og-menn-forklares Fløtre, I. A., Tuv, N. & Strand, H. H. (2024, 7. mars). Hva er vanlig lønn i Norge?SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge Gram, K. H. (2022, 1. april). Likestillingsutfordringer i deltidsarbeid og utdanningsnivå. SSB. https://www.ssb.no/befolkning/likestilling/statistikk/indikatorer-for-kjonnslikestilling-i-kommunene/artikler/likestillingsutfordringer-i-deltidsarbeid-og-utdanningsniva Statistisk sentralbyrå. (2017, 1. februar). Gjennomsnitt, median eller kvartiler? SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/metoder-og-dokumentasjon/gjennomsnitt-median-eller-kvartiler Statistisk sentralbyrå. (2021, 28. februar). Her kan du sjekke lønna di. SSB. https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/her-kan-du-sjekke-lonna-i-ditt-yrke Statistisk sentralbyrå. (2022, 6. juli). Slik jobber Norge. SSB. https://www.ssb.no/virksomheter-foretak-og-regnskap/virksomheter-og-foretak/artikler/slik-jobber-norge Statistisk sentralbyrå. (2023). Statistikkbanken. Lønn. SSB. https://www.ssb.no/statbank/table/11536/ Statistisk sentralbyrå. (2023, 11. februar). Videregående opplæring og annen videregående utdanning. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/videregaende-utdanning/statistikk/videregaende-opplaering-og-annen-videregaende-utdanning Statistisk sentralbyrå. (2023, 31. mars). Studenter i universitets- og høgskoleutdanning. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/hoyere-utdanning/statistikk/studenter-i-universitets-og-hogskoleutdanning Statistisk sentralbyrå. (2023, 13. juni). Befolkningens utdanningsnivå. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/utdanningsniva/statistikk/befolkningutdanningsniva Statistisk sentralbyrå. (2024a). Fakta om likestilling. SSB. https://www.ssb.no/befolkning/faktaside/likestilling Statistisk sentralbyrå. (2024b). Fakta om utdanning. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/faktaside/utdanning