I 2023 hadde jenter og gutar som avslutta ungdomsskolen høvesvis 44,5 og 40,5 Grunnskolepoeng er eit samlemål for alle karakterane. Dei oppsummerer alle elevens resultat i forskjellige fag, og er med på å danne grunnlaget for opptak til vidaregåande skole. Poengsummen blir rekna ut ved å summere verdien av alle karakterane, og deretter dele på antal karakterar. Dette gjennomsnittet, med to desimalar, blir multiplisert med 10..
Fleirtalet av elevane i vidaregåande skolar gjekk på yrkesfaglege program i 2023 eller var lærlingar og lærekandidatar (nesten 129 000), og det var over 121 600 elevar som gjekk på studieførebuande program (Statistisk sentralbyrå, 14. februar 2024).
Det varierer kva for studieretningar kvinnelege og mannlege elevar vel. Kvinneandelen på studieførebuande utdanningsprogram var 57 prosent, og på yrkesfaglege utdanningsprogram var denne delen 44 prosent:
For lærlingane var det slik at klart flest kvinner valde helse- og oppvekstfag, mens klart flest menn valde bygge- og anleggsteknikk (Statistisk sentralbyrå, 2024b):
Då elevane starta i første klasse i vidaregåande skole i 2023, fekk nesten 9 av 10 som søkte skoleplass gjennom VIGO oppfylt førsteønsket sitt om utdanningsprogram. Når vi ser på tal for alle elevar i første klasse i vidaregåande skolar på starten av skoleåret 2023/2024, så var det flest elevar på dei yrkesfaglege studieprogramma, om lag 3 150 fleire enn på dei studieførebuande studieprogramma.
81 prosent av dei som begynte i vidaregåande opplæring, fullførte denne utdanninga i løpet av 5 år for studieførebuande program eller 6 år for yrkesfag, ifølgje statistikk for åra 2016−2022. (Statistisk sentralbyrå, 12. juni 2023).
Løys oppgåve C som du finn nedst på sida.
Statistisk sentralbyrå. (2024b). Fakta om utdanning. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/faktaside/utdanning Statistisk sentralbyrå. (2024, 14. februar). Videregående opplæring og annen videregående utdanning. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/videregaende-utdanning/statistikk/videregaende-opplaering-og-annen-videregaende-utdanning Statistisk sentralbyrå. (2023, 12. juni). Gjennomføring i videregående opplæring. SSB. https://www.ssb.no/utdanning/videregaend