Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
Temaa i undervisningsopplegget er:
- Kva er dei tre viktige sentralmåla gjennomsnitt, median og typetal?
- Korleis kan du finne sentralmåla?
- Korleis kan du bruke sentralmåla?
I dette undervisningsopplegget får elevane ein kort introduksjon til sentralmåla gjennomsnitt, median og typetal og korleis dei blir brukte til å beskrive data i Statistisk sentralbyrå (SSB). Her får elevane også ei kort innføring i kva mål ein bør velje når. I oppgåvene kan elevane rekne på tal for lønn og namn frå SSB. Elevane kan også øve seg på å finne gjennomsnittet, medianen og typetalet i eit datasett vi har laga for denne oppgåva. Fasiten ligg på slutten av oppgåvene.
Dersom de har innspel til kva vi kan gjere betre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lager opplegg om, så skriv til oss på skole@ssb.no.
- kunne kva sentralmåla gjennomsnitt, median og typetal er
- kjenne til korleis sentralmåla blir brukte i nokre statistikkar
- kunne velje eit mål som best seier noko om sentralpunkt i eit talmateriale
Undervisningsopplegget kan arbeidast med tverrfagleg, med vekt på matematikk og samfunnsfag /-kunnskap.
Vi tek utgangspunkt i følgjande kompetansemål for matematikk i dette undervisningsopplegget:
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.