Diagram med tre vertikale søyler i ulik høyde og en horisontal linje som illustrerer søylenes gjennomsnitt

I datasettet i tabellen under finn du årslønn for 257 tilsette i ei bedrift, sortert i stigande rekkefølgje. Bruk dataa til å svare på dei to spørsmåla under.

Med eit såpass stort sett av observasjonar er det enklaste å bruke eit rekneark for å finne svaret på oppgåve C1. I Excel kan du bruke funksjonane MEDIAN, GJENNOMSNITT og MODUS. MODUS er funksjonen for typetal.

  1. Finn gjennomsnittet, medianen og typetalet for årslønn i tabellen "Årslønn for 257 ansatte" i tabellen ovanfor.
  2. Vurder korleis gjennomsnittet, medianen og typetalet eignar seg til å beskrive sentrale eigenskapar ved årslønn.

Hint: Du kan finne ut meir om bruken av median og gjennomsnitt i vurdering av lønnsstatistikk i artikkelen Hva er vanlig lønn i Norge?  Hugs også at gjennomsnittet er summen av alle observasjonane delt på talet på observasjonar (257) og typetalet den observasjonen det er flest av.

Note: Data for dei 257 tilsette er fiktive og berre laga for denne oppgåva.

 

  1. Finn gjennomsnittet, medianen og typetalet for årslønn i tabellen. Løysing: Medianen er 526 000 kroner, gjennomsnittet: 550 000 kroner og typetalet er 444 000 kroner.
  2. Vurder korleis gjennomsnittet, medianen og typetalet eignar seg til å beskrive sentrale eigenskapar ved månadslønn.

Sjølv om desse dataa for bedrifta ikkje har ei like jamn fordeling som data for alle lønnsmottakarar i Noreg i artikkelen Hva er vanlig lønn i Norge?, så er fordelinga omtrent like skeiv. Det er relativt få som tener veldig mykje i bedrifta, men desse få trekker gjennomsnittet opp. Derfor er medianen eit betre mål på kor det sentrale punktet for lønn ligg i bedrifta.

Typetalet ligg langt under både gjennomsnitt og median, og er ikkje så godt eigna til å beskrive tyngdepunktet i lønnsfordelinga. Men typetalet seier at det er meir typisk å ha relativt låg lønn enn høg lønn i bedrifta.