Det finst også ein bokmålsversjon av undervisningsopplegget.
Temaa i undervisningsopplegget er:
- Kvifor er det viktig å ha kunnskap om statistikk?
- Kva er statistikk?
- Kva er føremålet med offisiell statistikk?
- Kva er tre viktige sentralmål?
- Korleis kan de bruke SSBs statistikkbank?
I del 1 lærer elevane om statistikk og omgrep ved å lese og diskutere stoffet, og i del 2 lærer dei å bruke statistikkbanken gjennom å løyse oppgåver. I oppgåve A lærer elevane det grunnleggande i statistikkbanken. De finn tre andre oppgåver B, C og D, som gjev elevane meir trening i å bruke statistikkbanken.
De kan velje å bruke berre ein av delane i opplegget, men vi tilrår at de går gjennom del 1 før del 2.
Lærarar kan få fasit til taldelen av oppgåvene, dvs. oppgåvene B–D, ved å skrive til skole@skole.no.
Dersom de har innspel på kva vi kan gjere betre i dette undervisningsopplegget, eller har andre tema de gjerne ser at SSB lagar opplegg om, så skriv til oss på skole@skole.no
- Vite kva statistikk er.
- Vite kvifor offisiell statistikk er ei truverdig statistikkjelde.
- Vite kvifor de skal kunne lese statistikk.
- Vite korleis de kan finne statistikk i statistikkbanken og ta han ut til eige bruk.
- Kjenne til tre viktige sentralmål og korleis de kan rekne dykk fram til desse måla.
Meld deg på nyheitsbrev og få tips om relevant innhald på ssb.no.