Forstørrelsesramme med tall, illustrasjon

I denne delen kan du lære om kvifor statistikk er viktig og nyttig for deg, kva statistikk er og nokre viktige omgrep og mål som vi ofte bruker når vi jobbar med og les statistikk. Aller først føreslår vi at du ser videoen "Velkommen til SSB – Hva er statistikk og hvorfor er statistikk viktig?" (Vimeo).

Kvifor er statistikk viktig og nyttig?

Det er mange som bruker Statistisk sentralbyrås (SSBs) statistikkar – politikarar, offentlege organ, næringsliv, forskarar, elevar og studentar, og journalistar. 

Ein viktig grunn til at du bør kunne lese statistikk, er til dømes at media ofte bruker statistikk for å framstille ulike saker. Då er det nyttig å kunne nok statistikk til at du kan vere kritisk og stille spørsmål ved det du får presentert. 

Den offisielle statistikken skal vere ope tilgjengeleg for alle. Vi seier at den offisielle statistikken er eit felles faktagrunnlag for samfunnet vårt, og at det er viktig å ha eit slikt felles faktagrunnlag. Men kvifor er det eigentleg så viktig med eit offisielt, felles faktagrunnlag? 

Eit felles faktagrunnlag er viktig for at vi kan ha eit levande demokrati og for at alle i Noreg skal kunne ta best mogleg avgjerder.  Offisiell statistikk er mellom anna eit grunnlag for god planlegging, evaluering, debatt og forsking, og vi treng statistikk som alle kan stole på, finne og bruke. 

Offisiell statistikk skal vere relevant, nøyaktig og påliteleg, aktuell og punktleg, objektiv og upartisk, samanliknbar, samanhengande, lett tilgjengeleg og godt dokumentert. Statistisk sentralbyrå (SSB) og andre produsentar av offisiell statistikk i Noreg  jobbar etter desse kriteria når vi lagar offisiell statistikk. 

Du kan derfor stole på at offisiell statistikk har god kvalitet og at han er fagleg uavhengig. At statistikken er fagleg uavhengig betyr at han ikkje er påverka av til dømes korleis ein kommune, eit departement, regjeringa, Stortinget eller andre som gjev SSB i oppdrag å lage statistikk og analyse, kanskje kunne ønske at tal for Noreg er. 

SSBs statistikkar handlar om økonomi, befolkning og samfunn på nasjonalt (Noreg), regionalt (til dømes fylke) og lokalt nivå (til dømes kommunar). Vi har i tillegg ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Du kan lese meir om kva vi jobbar med her på nettsida vår, ssb.no

Diskusjon

Gje nokre døme på kvifor statistikk er viktig. 

Kva er statistikk? 

Omgrepet statistikk – kva betyr det? Vi gjev omgrepet to forklaringar: 

  1. Om faget eller vitskapen statistikk: Statistikk er vitskapen om analyse og tolking av data. Meir detaljert kan vi seie  «Vitenskapen for planlegging av undersøkelser, innsamling og presentasjon av tallmateriale, og metoder for analyse og beslutninger ut fra innsamlede data» (Bjørnstad, 2016). 
  2. Om dataa eller tala: Omgrepet statistikk blir også brukt om dei innsamla og analyserte dataa. Opphavleg blei statistikk brukt om beskrivingar av stats- eller samfunnsforhold, første gong i 1662 (Bjørnstad, 2016). 

Helt formelt er statistikk definert slik i statistikklovens §3a: Tallfestede opplysninger om en gruppe eller et fenomen, og som fremkommer ved en sammenstilling og bearbeidelse av opplysninger om de enkelte enhetene i gruppen eller et utvalg av disse enhetene, eller ved systematisk observasjon av fenomenet.

Meir konkret om kva statistikk kan vere

Ein illustrasjon av kva statistikk kan vere, er Figur 1. Topp ti namn for jenter og gutar. 2023. I namnestatistikken samlar vi inn data for namna til dei som blir fødde kvart år, og dataa blir summerte opp per namn.  

Figur 1. Topp 10 navn for jenter og gutter. 2023
Figur 1 Topp 10 jentenavn og guttenavn 2023. Les mer om innholdet i tekstbeskrivelse og kilde under figuren.

Figur viser oversikt over de mest populære jentenavnene og guttenavnene i 2023. Listen over jentene er som følger: 1. Olivia, 2. Emma, 3. Ella, 4. Lea, 5. Sofie, 6. Nora, 7. Sofia, 8. Maja, 9. Alma, 10. Ada. Listen over guttene er som følger: 1. Lucas, 2. Noah, 3. Isak delt med Oliver, 5. Kasper, 6. Elias delt med Emil, 8. Jakob, 9. Oskar 10. Theodor.

Finn ut dette:

Gå inn på sida for namnestatistikken. Kor mange av jentene i klassen har namn som er blant dei ti topp mest populære namna for nyfødde for 2023?  Og kor mange av gutane? 

No skal du lære omgrep som er nyttige når du skal finne og bruke statistikk. 

Omgrep: Tre viktige sentralmål er gjennomsnitt, median og typetal 

Sentralmål fortel om tyngdepunktet i ei fordeling. Dei vanlegaste sentralmåla er gjennomsnitt, median og typetal. 

Gjennomsnitt: Gjennomsnittet (aritmetisk gjennomsnitt) blir berekna ved å summere alle observasjonar og dividere med talet på observasjonar du har. 

Median: Medianen finn du ved å ordne alle observasjonar i stigande rekkefølgje. Medianen er då observasjonen i midten av fordelinga. 

Typetal: Typetalet er den observasjonen det er flest av. 

Her ser du korleis dette ser ut for 12 lønnstakarar og variabelen månadslønn. 

Sentralmålene gjennomsnitt, median og typetall, illustrasjon

Infografikken viser forskjellen på gjennomsnittslønn, median og typetal. Tala er månedslønn i 1000 kroner. 

I biletet ser du 12 lønnstakarar. Dei har ulik månadslønn. Korleis reknar vi eigentleg ut tal for gjennomsnittslønn, median og kvartilar? 

Gjennomsnittslønna finn du ved å legge saman alle lønnsbeløpa og dele på antal personar i gruppa. 35 + 52 + 31 + 40 + 32 + 81 + 37 + 48 + 38 + 44 + 35 + 43 = 516. 516 delte på 12 = 43. 

Når vi skal berekne medianen, sorterer vi først lønnsverdiane i stigande rekkefølgje. 31, 32, 35, 37, 38, 40, 43, 44, 48, 52, 81. Så finn vi den (dei) midtarste lønnsverdiane. (38+40) / 2 = 39. Her er det to i midten, så vi finn snittet av desse to. 

Typetalet er den verdien det er flest av, og her blir det 35. 

Kjelde: Lønn, Statistisk sentralbyrå 

Andre omgrep som er viktige å forstå når du jobbar med statistikk

Eining er det spesifikke vi vil undersøke. Eining kan vere til dømes ein person, eit hushald, ei bedrift eller noko fysisk som til dømes ein bustad. 

Du kan sjå fleire døme frå SSB på statistiske einingar her.

Variabel er eigenskapar ved eininga du vil undersøke. Variabelen kan ha meir enn éin verdi. Han kan ha ein talverdi (kvantitativ variabel), og han kan ha ein kategorisk verdi, til dømes frå ein klassifikasjon (kategorisk variabel). 

Her kan du sjå SSBs liste over variablar.

Eit døme kan vere einingane private hushald og variabelen hushaldstype. I 2023 var det litt over 2,5 millionar private hushald i Noreg. Av desse var til dømes litt over 1 million hushald av hushaldstypen «Åleinebuande», mens vel 600 000 var av typen «Par utan barn».  

Tidsserie. Ofte er det spennande og lærerikt å sjå utvikling over tid. Slik utvikling kan vi sjå i tidsseriar. 

Figur 2. Konsumprisindeksen for klær, 2015=100

Varegruppe 03.1 Klær

Diskusjon

Over ser vi utviklinga prisen på klede har hatt, målt ved ein tidsserie for konsumprisindeksen (KPI). Kvar trur de at har påverka prisen? 

Fleire ting kan spele inn i nedgangen sidan 1990. Valutakurs og masseproduksjon i Asia til dømes. Tidlegare kan til dømes handelshindringar i form av kvotar på import og høg toll og auka etterspurnad ha spelt inn (Moe, 2002, Noregs Bank, 2002).  

Bjørnstad, J. F. (2016, 16. september). En introduksjon i statistiske metoder for offisiell statistikk. Notater/Documents 2016/23. Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/virksomheter-foretak-og-regnskap/artikler-og-publikasjoner/_attachment/279492?_ts=1576a6ff280

Fløtre, I. A., Tuv, N. & Strand, H. H. (2024, 7. februar). Hva er vanlig lønn i Norge? Henta frå ssb.no: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/lonn-og-arbeidskraftkostnader/artikler/hva-er-vanlig-lonn-i-norge

Moe, M. V. (2002). Faktorer bak prisutviklingen på importerte klær. Økonomiske analyser 2/2002, 48-55. https://www.ssb.no/a/publikasjoner/pdf/oa_200202/moe.pdf

Norges Bank. (2002). Hvorfor har prisene på klær falt? Inflasjonsrapport 2/2002, 28. Henta frå norges-bank.no: https://www.norges-bank.no/globalassets/upload/import/front/rapport/no/ir/2002-02/ir-2002-02.pdf?v=03/09/2017122058&ft=.pdf