Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Breibandskartet snart utan kvite flekker
Det var 1 336 000 breibandsabonnement ved utgangen av 1. kvartal 2007. Det var 267 000 fleire enn i same periode i 2006. Ni av ti har hastigheit over 1 Mbit/s. Berre to kommunar har under 20 prosent private breibandsabonnement i høve til hushalda.
Korrigerte tall for tabellane 1, 3 og 4 ble lagt ut 23.10.07. For korrekte tall i teksten, se vedleggstabeller. |
Heile 1 202 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 134 000 abonnement. I privatmarknaden var auken på 25 prosent frå 1. kvartal 2006, medan auken i bedriftsmarknaden var på 27 prosent frå førre året.
Flest breibandsabonnement i høve til hushald i Vest-Agder
Dei geografiske skilnadene er stabile idet auken i abonnement deler seg på alle fylka. Vest-Agder er stadig fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda, no med 70 prosent. Finnmark er i andre enden av fordelinga med 49 prosent. Det er ein auke på 5,7 prosentpoeng i Vest-Agder og 3,6 prosentpoeng i Finnmark.
Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 1 Mbit/s har gått noko ned siste kvartalet til 87 prosent. For høgare hastigheiter, over 2 Mbit/s, er framleis dei geografiske skilnadene store. Her ligg Rogaland best til med 68 prosent av husstandane med breiband som har ein slik hastigheit. I Sør-Trøndelag har om lag 41 prosent av abonnentane dette.
Private breibandsabonnement fordelt etter kommunane
si sentralitetskode. 1. kvartal 2007 |
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 122 915 | 48 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 75 633 | 53 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 283 813 | 56 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 719 022 | 64 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Standard for kommuneklassifisering (NOS C 192). |
Sentrale kommunar har høgast del breibandsabonnement i høve til hushald
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 64 prosent. Til samanlikning er det 48 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.
Berre Lierne i Nord-Trøndelag og Kvænangen i Troms har no færre enn 20 private breibandsabonnement per 100 hushald. For eit år sidan var 30 kommunar i same stilling. No har 32 kommunar mellom 20 og 35 slike abonnement per 100 hushald, mot 163 kommunar i 1. kvartal 2006.
Det er 14 kommunar kor det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. Fire av desse ligg i Rogaland. Dei andre kommunane finn vi i Hordaland, Vest-Agder, Akershus, Møre og Romsdal, Aust-Agder, Nordland og Oppland.
Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjere statistikken fullt ut dekkjande held fram. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.
Kommunar med flest private breibandsabonnement
ved utgangen av 1. kvartal 2007 i høve til hushalda |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 59,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1252 Modalen | 95,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 92,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1835 Træna | 89,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 81,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1001 Kristiansand | 81,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1018 Søgne | 78,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 76,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0520 Ringebu | 73,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1221 Stord | 72,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1122 Gjesdal | 71,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1102 Sandnes | 70,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1124 Sola | 70,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0219 Bærum | 70,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0233 Nittedal | 70,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1103 Stavanger | 69,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1804 Bodø | 69,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1556 Frei | 69,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 68,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1127 Randaberg | 68,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0906 Arendal | 67,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 67,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1017 Songdalen | 67,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0220 Asker | 67,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, likeins kan fleire privatpersonar bruke eit abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgivar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå undersøkinga " IKT i husholdningene ", for tal på hushald med breibandstilgang. For meir informasjon , sjå ” Om statistikken ”. |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2007
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke. 1. kvartal 2007
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 1. kvartal 2007. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42