Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Jamn vekst i faste private breiband
Tre av fire hushald har faste breiband. Hastigheita for faste breiband har òg auka det siste kvartalet.
Det var 1 680 000 private breibandsabonnement med faste tilgangar til Internett i Fastlands-Noreg ved utgangen av 2. kvartal 2012. Dette er ein auke på om lag 9 000 abonnement frå 1. kvartal 2012, og ein auke på 78 000 i høve til det same tidspunktet i 2011.
Utviklinga av abonnement i bedriftsmarknaden har stoppa opp, og faste abonnement har gått ned med 1 000 frå føregåande kvartal til 135 000 i 2. kvartal.
Ny auke i hastigheita
Den gjennomsnittlege hastigheita for private breiband har stige frå 12,8 Mbit/s i 1. kvartal 2012 til 13,5 Mbit/s i 2. kvartal same året. Samstundes har medianverdien for private breiband auka frå 7,2 til 7,4 Mbit/s. Den gjennomsnittlege hastigheita for bedriftsbreiband har stige frå 9,1 Mbit/s til 9,9 Mbit/s i den same perioden. Samstundes har medianverdien for bedriftsbreiband auka frå 4,4 til 4,7 Mbit/s.
I 2. kvartal i år hadde 47 prosent av dei private breibandsabonnementa ein hastigheit på over 8 Mbit/s. Dette er ein liten auke frå 46 prosent i kvartalet før. Tilsvarande tal for bedriftsmarknaden var 31 prosent i 2. kvartal, ein auke frå 29 prosent i 1. kvartal 2012.
Rogaland raskast
I privatmarknaden er det framleis hushalda i Rogaland som har flest raske breiband. 67 prosent av alle abonnementa i fylket har ein hastigheit på over 8 Mbit/s.
Oslo har flest breibandsabonnement i hushalda
På landsbasis hadde 75 prosent av hushalda breiband i 2. kvartal 2012. Auken er 2 prosentpoeng frå 2. kvartal i 2011. Oslo er fylket med flest breibandsabonnement i prosent av hushalda, med 83 prosent. Finnmark har stadig lågast breibandsdekning med 62 prosent, ein nedgang frå 63 prosent i det føregåande kvartalet.
Sentrale kommunar med høgaste del breibandsabonnement
Som tidlegare har dei sentrale kommunane høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda, med 78 prosent. I dei minst sentrale kommunane er det 66 prosent av hushalda som har breiband.
Sentralitet1 | Breibandsabonnement | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Minst sentrale kommunar | 134 262 | 66 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mindre sentrale kommunar | 91 324 | 70 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noko sentrale kommunar | 270 837 | 72 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sentrale kommunar | 1 183 758 | 78 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Sentralitet 2008, Kommuner 2008. |
Kommunar | Breibandsabonnement i prosent av hushalda | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Landsgjennomsnitt | 75,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0941 Bykle | 211,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0817 Drangedal | 105,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1241 Fusa | 104,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1232 Eidfjord | 102,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1046 Sirdal | 99,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0215 Frogn | 95,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1640 Røros | 95,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1121 Time | 94,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1151 Utsira | 93,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0521 Øyer | 93,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0940 Valle | 92,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1828 Nesna | 91,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0213 Ski | 90,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0926 Lillesand | 89,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0834 Vinje | 88,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0544 Øystre Slidre | 88,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0216 Nesodden | 88,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1563 Sunndal | 87,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0217 Oppegård | 86,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
0230 Lørenskog | 86,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1601 Trondheim | 85,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Om datagrunnlagetDei mobile abonnementa er fjerna fordi denne delen av statistikken ikkje har vore fullstendig, og fordi desse abonnementa ikkje er mogeleg å fordele geografisk og etter hastigheit på same vis som med dei faste tilgangane. Post- og teletilsynet (PT) lagar òg statistikk over dei mobile abonnementa, men dei tek ikkje omsyn til geografisk plassering eller hastigheit.
Talet på leverandørar av breiband som gjev opplysningar til denne undersøkinga, har i dei siste åra lege på om lag 200. Endringar i bransjen har gjort at talet har gått noko ned, til rundt 170. Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på, gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar. Talet på hushald for 2012 er brukt i denne statistikken.
Både privatpersonar og bedrifter kan teikne fleire internettabonnement, og likeins kan fleire privatpersonar bruke eitt felles abonnement. Talet på abonnement er difor ikkje det same som talet på hushald/bedrifter med internettilgang. Til dømes kan hushalda få internettilgang gjennom arbeidsgjevar, utdanningsinstitusjon eller ved at fleire husstandar deler abonnement. Sjå òg undersøkinga " IKT i husholdningene ".
Post- og teletilsynet hentar inn ulike slag data til ekomstatistikken, mellom anna tal på faste breiband i bedrifts- og privatmarknaden. Medan internett-målinga deler abonnementa etter kommune og hastigheit, skil PT etter kva for teknologi som vert nytta. Totaltala skal vere om lag dei same. Sjå Post- og teletilsynet sin statistikk .
For meir informasjon sjå Om statistikken . |
Tabeller:
- Tabell 1 Privatmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 2. kvartal 2012
- Tabell 2 Bedriftsmarknaden. Breibandsabonnement fordelt etter overføringskapasitet og fylke inkludert Svalbard. 2. kvartal 2012
- Tabell 3 Utviklingstrekk. Breibandsabonnement fordelt etter marked. Berre aktive abonnement. Heile landet uten Svalbard
- Tabell 4 Breibandsabonnement (over 128 kbit/s). Bedrifts- og privatabonnement. 2. kvartal 2012. Kommune
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste
E-post: informasjon@ssb.no
tlf.: 21 09 46 42