Nye tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,6 millionar norske og 510 tusen utanlandske Merk skilnaden på 'overnattingar' og 'gjestar'. Ein gjest kan stå for fleire overnattingar på norske hotell i oktober. Samanlikna med oktober i fjor, auka utanlandske hotellovernattingar med 31 prosent og norske med 2,3 prosent.

– For første gong er det registrert over 2 millionar hotellovernattingar i oktober månad. Samtidig som talet på norske hotellovernattingar har vore om lag uendra i oktober dei siste tre åra ser vi nå ein kraftig auke for utlendingar. En kombinasjon av nye direkte flyruter, spesielt til Nord-Noreg og lav kronekurs kan ha vore noko av forklaringa på fleire utanlandske turistar, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.

Figur 1. Hotellovernattingar etter norske og utanlandske overnattingar. Oktober 2019-2024

Talet på overnattingar varierer i løpet av året og mønsteret gjentar seg kvart år. Sesongjustering nyttast for å fjerne det vi kallar sesongvariasjonar, som for eksempel ferieavvikling, frå månadlege eller kvartasvise statistiske tidsserier. Justeringa for sesongmønsteret gjer det mogleg å følgje den underliggande utviklinga frå månad til månad. for hotellovernattingar, der variasjonar gjennom året som ferieavvikling blir fjerna, har vore om lag uendra frå september til oktober i år. For sesongjusterte utanlandske hotellovernattingar har det vore ein stor auke siste månad. Samtidig har sesongjusterte norske hotellovernattingar minka noko i same periode.

– Frå september til oktober i år auka sesongjusterte tal for utanlandske hotellovernattingar med 11 prosent, mens norske fall med 0,7 prosent, seier Oyier.

Figur 2. Norske og utanlandske hotellovernattingar, sesongjustert. Oktober 2019-2024

Vekst på hotella i nesten alle fylkar

Nær alle fylka hadde fleire hotellovernattingar i oktober i år samanlikna med oktober i fjor. Hotellovernattingar i Oslo, Troms, Nordland og Vestland bidrog mest til oppgangen. I Oslo var det 43 tusen fleire hotellovernattingar. Av desse var 35 tusen utanlandske. I Troms var det 31 tusen fleire utanlandske overnattingar, og ein nedgang på 2 tusen norske. I Nordland auka norske hotellovernattingar med 11 tusen og utanlandske med 12 tusen.

Innlandet, Buskerud og Vestfold hadde færre overnattingar på hotell i oktober i år enn i fjor. Størst var nedgangen i Innlandet med 12 000 færre overnattingar.

Noko av veksten i Nordland kjem av at nokon bedrifter som er med i utvalet no, ikkje var inkludert i undersøkinga i 2023 sjølv om dei var i drift i oktober 2023.

Sett bort frå desse bedriftene er det framleis klar vekst frå oktober 2023 til oktober 2024.

Endring i tal hotellovernattingar etter fylke. Oktober 2023-2024

Totale overnattingar

Når ein legg til overnattingar på campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar, var det 2,5 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsbedrifter, ein auke på 7,1 prosent samanlikna med oktober 2023. Norske overnattingar utgjorde nesten 1,9 millionar, og dei utanlandske 660 tusen.

Tal kommersielle overnattingar auka mest i Oslo, Troms, Nordland og Vestland.

Campingovernattingar i oktober 2024

  • 195 000 overnattingar på campingplassar
  • 10 000 færre norske overnattingar
  • 8 000 fleire utanlandske overnattingar

14 000 fleire på hyttegrender og vandrarheimar

  • 229 000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar
  • 14 000 færre norske overnattingar
  • 28 000 fleire utanlandske overnattingar

6,4 millionar overnattingar via internasjonale delingsplattformer i 2023

Eksperimentell statistikk bruker nye datakjelder og metodar for raskare å kunne dekkje våre brukarar sitt behov for tal på område i rask utvikling. Alle kvalitetskrav som blir stilte til offisiell statistikk er ikkje innarbeidde. frå det europeiske statistikkbyrået Eurostat, syner at det i 2023 var 6,4 millionar overnattingar i norske bustader og fritidsbustader bestilt gjennom AirBnB, Booking.com, Expedia og Tripadvisor. Dette er en auke på 36 prosent frå 2022. Sjå meir om tala i eigen artikkel.

Av dei 6,4 millionar overnattingane i norske Omfattar fritidsbustader bygd for rekreasjon, som hytter og leilegheiter, men òg privat hovudbustad som blir leigd ut i periodar. Gjeld korttidsopphald. Omfattar ikkje campingplassar, hotell eller hyttegrender som er med i overnattingsstatistikken. var nesten 4,4 millionar overnattingar gjort av gjester frå utlandet. Det var ein auke i utanlandske overnattingar på 44 prosent fra 2022. Det var 2 millionar norske overnattingar.