Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Menn dominerer framleis styreromma
Delen kvinnelege og mannlege styrerepresentantar i aksjeselskapa er uforandra samanlikna med dei føregåande fem åra. Det sit nemleg framleis 83 prosent menn i styra. I allmennaksjeselskap, derimot, er 40,2 prosent av styrerepresentantane kvinner.
Dermed ligg delen kvinnelege styrerepresentantar i allmennaksjeselskap (ASA) på det nivået lova om kjønnsrepresentasjon i ASA krev. Lova tok til å gjelde 1. januar 2008.
I aksjeselskapa er 17 prosent av styrerepresentantane kvinner. Her finn vi den høgaste delen kvinnelege styrerepresentantar innanfor anna tenesteyting, med 46 prosent, følgt av undervisning, med 37 prosent, og offentleg administrasjon og forsvar med 33 prosent.
Ni av ti styrerepresentantar innanfor byggje- og anleggsverksemd er menn. Med over 85 prosent av representantane dominerer menn også styra innanfor næringane bergverksdrift og utvinning, jordbruk, skogbruk og fiske, transport og lagring, vassforsyning, industri og informasjon og kommunikasjon.
72 prosent av aksjeselskapa har berre menn i styra, og høgast del av desse finn vi innanfor byggje- og anleggsverksemd, med 84 prosent av føretaka.
Ni av ti aksjeselskap har berre personar med landbakgrunn frå Noreg i styra. Denne delen er lågare di større styret er. Tilsvarande tal for allmennaksjeselskap er 59 prosent.
Framleis få kvinner som dagleg leiar
Også delen aksjeselskap som har ei kvinne som dagleg leiar, er uforandra, med 14 prosent. Størst del kvinner som dagleg leiar finn vi innanfor anna tenesteyting (58 prosent), undervisning (36 prosent) og overnattings- og serviceverksemd (28 prosent).
I allmennaksjeselskap er 5 prosent av alle daglege leiarar kvinner, medan eitt av dei fem ASA som vart etablerte i 2008, har ei kvinne som dagleg leiar.
Eitt styreverv er vanlegast
To av tre styrerepresentantar har berre eitt styreverv, medan ein fjerdedel har to eller tre. 80 prosent av dei kvinnelege styrerepresentantane har berre eitt styreverv, mot 62 prosent av dei mannlege styrerepresentantane.
Eitt av ti nye aksjeselskap har ein styreleiar som også er styreleiar i fleire andre føretak. I to av tre nye aksjeselskap er den daglege leiaren også styreleiar i føretaket.
Tabeller:
- Tabell 1 Styrerepresentantar i AS og ASA etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2009
- Tabell 2 Daglege leiarar i AS og ASA etter kjønn, fordelt på alder, utdanningsnivå, tilsettegrupper og næring. 1. januar 2009
- Tabell 3 Styrerepresentantar i AS og ASA, etter talet på styreroller og kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 4 Daglege leiarar i AS og ASA, etter kor mange føretak dei er dagleg leiar i og kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 5 Daglege leiarar i AS og ASA, etter antall styreroller og kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 6 Styreleiarar i AS og ASA, etter antall roller som dagleg leiar og kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 7 Styreleiarar i AS og ASA, etter antall styreroller og kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 8 Nye AS og ASA, etter rollene til dagleg leiar og styrerepresentantane, tal på tilsette, næring og fylke. 2008
- Tabell 9 Aksjeselskap (AS og ASA) etter størrelse på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantanes kjønn. 1. januar 2009
- Tabell 10 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter størrelse på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantanes kjønn. 2008
- Tabell 11 Aksjeselskap (AS og ASA), etter størrelse på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantanes landbakgrunn. 1. januar 2009
- Tabell 12 Nye aksjeselskap (AS og ASA) etter størrelse på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantanes landbakgrunn. 2008
- Tabell 13 Aksjeselskap (AS og ASA) etter størrelse på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantanes utdanning. 1. januar 2009
- Tabell 14 Nye aksjeselskap (AS og ASA), etter størrelse på styret, tilsettegrupper, næring og styrerepresentantanes utdanning. 2008
Kontakt
-
Jimmy Wong
E-post: jimmy.wong@ssb.no
tlf.: 40 81 14 29