2176_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2176
Vekst i sysselsetjinga
statistikk
2004-01-08T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vekst i sysselsetjinga

Arbeidsløysa var uendra siste tremånadsperiode. Samstundes har sysselsetjinga auka sidan mai 2003. Det syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2003. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal. 1989-2003. 1 000

Talet på arbeidslause gjekk ned med 1 000 personar frå tremånadsperioden juni-august til september-november 2003. Endringa er likevel innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU. I prosent av arbeidsstyrken gjekk AKU-arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng. Talet på registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste ein svak auke i den same perioden.

Etter ein periode med kraftig vekst i talet på sysselsette personar fram til og med 1999, minka veksten monaleg, og gjennom 2002 byrja sysselsetjinga å falle. I alle tremånadsperiodane frå april-juni til september-november 2003 har talet på sysselsette auka. Samla har dette gjeve ein oppgang på 19 000 personar, noko som er utanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU.

Auka arbeidsløyse i Sverige og Danmark

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i oktober 2003. I juli same året var talet 4,6 prosent. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU-landa uendra på 8,0 prosent, medan for OECD-landa samla gjekk arbeidsløysa ned frå 7,2 til 7,1 prosent. I USA var arbeidsløysa 6,0 prosent i oktober, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå juli. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 5,5 til 5,8 prosent, i Danmark frå 5,7 til 6,0 prosent, medan ho i Finland gjekk ned frå 9,1 til 8,9 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Tyskland uendra, medan ho i Frankrike gjekk noko opp. Dette syner tal frå OECD og EUROSTAT .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Oktober 2003. I prosent av arbeidsstyrken

Ingen nedgang i vekeverkstala

Utførde vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens frå hausten 1999. Siste tremånadsperiode auka talet på utførde vekeverk med 8 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for oktober gjennomsnittet av overslaga for september, oktober og november.

Tabeller: