400603_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
400603
statistikk
2021-01-28T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
true

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal

Frå 2021 er det nytt skjema for Arbeidskraftundersøkinga (AKU), som gir brot i statistikken og eit opphald i publiseringa av AKUMND. Foreløpige sesong- og brotjusterte AKUMND-tall er inkludert i artikkelen Stabil sysselsetting.

Oppdatert

Nøkkeltall

5,0 %

arbeidslause personar i prosent av arbeidsstyrken (sesongjustert) i november (gjennomsnitt for perioden oktober-desember)

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal
Endring
November 20201August 2020 - November 2020
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause143 000-6 000
I prosent av arbeidsstyrken5,0-0,2
 
Sysselsette2 709 00016 000
I prosent av befolkninga67,00,3

Se utvalgte tabeller fra denne statistikken

Tabell 1 
Sysselsetting og arbeidsløyse for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal, tremånadars glidande gjennomsnitt. Absolutte tal i 1000 og i prosent

Sysselsetting og arbeidsløyse for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal, tremånadars glidande gjennomsnitt. Absolutte tal i 1000 og i prosent
Personar, ikkje sesongjustertArbeidsstyrkenArbeidsstyrken i prosent av befolkningaSysselsetteSysselsette i prosent av befolkningaArbeidslause (AKU)Arbeidslause (AKU) i prosent av arbeidsstyrkenRegistrerte arbeidslause (NAV)1Registrerte arbeidslause + tiltak (NAV)1
1Desse variablane er reine månadsvise tal, og ikkje tremånaders glidande gjennomsnitt. Dei er ikkje korrigert for brotta i 2018, og NAV-tala er derfor ikkje samenlignbare før og etter brotta
November 20173 9772 76469,52 65266,71114,06887
Desember 20173 9782 76669,52 65566,71114,06887
Januar 20183 9802 77469,72 66366,91114,06684
Februar 20183 9832 78770,02 67967,31083,96684
Mars 20183 9852 79070,02 68067,21104,06684
April 20183 9862 78769,92 68167,21063,86684
Mai 20183 9882 79770,12 68967,41083,96481
Juni 20183 9902 80570,32 69767,61083,96480
Juli 20183 9932 81170,42 70067,61114,06783
August 20183 9962 81470,42 70267,61124,06681
September 20183 9992 81570,42 70567,61113,96681
Oktober 20184 0022 82270,52 71167,71113,96580
November 20184 0042 81270,22 70967,71043,76681
Desember 20184 0042 80770,12 70467,51033,76681
Januar 20194 0052 81070,22 70367,51073,86580
Februar 20194 0072 81970,42 71167,71073,86579
Mars 20194 0092 81970,32 71967,81013,66478
April 20194 0102 81070,12 71767,8923,36377
Mai 20194 0122 80770,02 71267,6953,46478
Juni 20194 0142 82570,42 72367,91023,66377
Juli 20194 0162 83970,72 73068,01093,86378
August 20194 0182 85070,92 74468,31063,76378
September 20194 0202 84770,82 73768,11103,96377
Oktober 20194 0232 84070,62 73167,91083,86377
November 20194 0262 84770,72 73467,91134,06377
Desember 20194 0292 84670,72 73667,91103,96377
Januar 20204 0302 85470,82 74868,21063,76276
Februar 20204 0302 84770,72 74768,21013,56275
Mars 20204 0312 83370,32 73367,81013,6289299
April 20204 0312 83270,32 71767,41154,1266274
Mai 20204 0322 82370,02 69366,81304,6190198
Juni 20204 0322 83570,32 68866,71475,2142155
Juli 20204 0332 83370,22 68666,61475,2136153
August 20204 0352 84270,42 69266,71495,3121137
September 20204 0382 85170,62 70567,01465,1109123
Oktober 20204 0402 85370,62 70566,91495,2104118
November 20204 0422 85270,62 70967,01435,0113127
Desember 2020..............109124

Om statistikken

Dei sesongjusterte tala frå Arbeidskraftundersøkinga gir informasjon om utviklinga i sysselsetting og arbeidsløyse. For å redusere utvalsusikkerheita, er tala gjennomsnitt av tre månader. Endringstala blir derfor rekna ut frå tala som er publisert tre månader tidlegare. Statistikken kjem ut kvar månad.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ved val av sentrale omgrep og definisjonar har Statistisk sentralbyrå (SSB) lagt vekt på å følgje dei tilrådingane som Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har gitt for utarbeiding av arbeidsmarknadsstatistikk. I EØS-samarbeidet er det gjort presiseringar av ILO-tilrådinga.

Personar over ein viss alder skal bli klassifiserte etter deira tilknyting til arbeidsmarknaden i løpet av ein spesifisert, kort periode, anten ei veke eller ein dag. For den norske AKU har SSB vald tidsperioden ei veke (referanseveka) som referanse for opplysningar om dei personane som inngår i utvalet.

Sysselsette er personar i alderen 15-74 år som utførte inntektsgivande arbeid i minst ein time i referanseveka, i tillegg til personar som har eit slikt arbeid, men som var mellombels fråverande pga. sjukdom, ferie, løna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegongs militærteneste, vert rekna som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med løn frå arbeidsgjevar blir óg klassifiserte som sysselsette, til skilnad frå deltakarar på andre typar tiltak (kvalifiseringstiltak) der det berre blir utbetalt kursstønad e.l. Ufrivillig heilt permitterte, med samanhengande varigheit på inntil 3 månader, blir rekna som sysselsette, midlertidig fråverande.

Arbeidslause er personar utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i dei siste fire vekene, og som kunne ha teke på seg arbeid innan to veker. Ufrivillig heilt permitterte blir rekna som arbeidslause etter ei samanhengande varigheit på tre månader eller meir.

Arbeidsstyrken er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknyting til arbeidsmarknaden (blir ofte omtalt som dei yrkesaktive). Arbeidsstyrkeprosenten (yrkesfrekvensen) blir berekna i forhold til befolkninga i den aktuelle aldersgruppa.

Utførte timeverk/faktisk arbeidstid omfattar alle timeverk utført i inntektsgivande arbeid, inklusive overtid eller ekstraarbeid, og eksklusive fråver pga. ferie, sjukdom, permisjon, arbeidskonfliktar o.l.

Alder
Fra 2006 blei definisjonen endra frå alder ved utgangen av året til alder på referansetidspunktet for AKU. Formålet med endringa var i første rekke å kome i samsvar med praksis i andre land. Samtidig blei nedre aldersgrense for å vere med i AKU senka frå 16 til 15 år.

Registrerte heilt arbeidslause er arbeidsføre personar som søker inntektsgivande arbeid gjennom NAV, og som er disponible for arbeid. I tillegg må vedkomande ha vore utan inntektsgivande arbeid dei siste to vekene.

Ordinære tiltaksdeltakarar er arbeidssøkjarar som på referansetidspunktet deltar i eit tiltak retta mot ordinære arbeidssøkjarar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal
Emne: Arbeid og lønn

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt

Kor ofte og aktualitet

Frekvens: Månadsvise tal. Aktualitet: Det blir gjort kontinuerlege undersøkingar i AKU, dvs. at alle årets veker blir kartlagde. Dei sesongjusterte AKU-tala blir normalt publiserte 4 veker etter utløpet av den aktuelle månaden. Sidan det blir gjort ei glatting av tidsserien (tremånaders glidande sentrerte gjennomsnitt), vil tala i praksis bli presenterte med ein månads tidslag. Oversikt over publiseringsdatoar for dei næraste 4 månadene finst i statistikkalenderen.

Internasjonal rapportering

Ved kvar publisering blir tal for arbeidsløyse og sysselsetting sende til Eurostat (ujusterte og sesongjusterte tal, i tillegg til trendtal, fordelte på aldersgrupper og kjønn)

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnfiler blir lagra permanent.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med dei sesongjusterte AKU-tala er å gi informasjon om utviklinga i sysselsetting og arbeidsløyse på kort og lang sikt.

Brukarar og bruksområde

I tillegg til å gi styresmaktene og andre interesserte informasjon om situasjonen og utviklinga på arbeidsmarknaden, skal AKU tene som grunnlag for prognosar og utgreiingar, og gi arbeidsmarknadsforskinga statistisk materiale. Viktige brukarar er Finansdepartementet og dei ulike fagdepartementa, Noregs Bank, NAV, forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar, i tillegg til media.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Sjå Prinsipper for likebehandling for meir informasjon.

Samanheng med annan statistikk

SSB publiserer ein statistikk over registrerte arbeidslause og personar på arbeidsmarknadstiltak som blir utarbeida på grunnlag av NAV sitt arbeidssøkjarregister (ARENA). Arbeidslause, slik AKU måler dei, må ikkje forvekslast med dei registrerte arbeidslause. Tala frå AKU inkluderer også arbeidslause som ikkje registrerer seg hos NAV, og nokre av dei som går på arbeidsmarknadstiltak. På den andre sida blir ein del av dei registrerte arbeidslause ikkje klassifiserte som arbeidslause i AKU (på grunnlag av spørsmål om søking etter arbeid og tilgjenge til arbeidsmarknaden). Dette gjeld særleg eldre personar med lange arbeidsløyseperiodar.

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er derfor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil AKU derfor ikkje vise fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert derimot sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette, så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. I tillegg blir tal for sysselsette og arbeidslause som ikkje er busette i Noreg, årleg publisert i ein eigen statistikk, sjå sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Lovheimel

Lov om offisiell statistikk og statistisk sentralbyrå §§ 10 og 20.

EØS-referanse

Rådsforordning (EF) nr 577/98, 1991/2002 og 2257/2003, og dessutan Kommisjonsforordning nr. 1575/2000, 1897/2000, 2104/2002, 430/2005 og 377/2008.

Produksjon

Omfang

AKU skal dekkje personar i alderen 15-74 år busette i Noreg. Alder er definert på referansetidspunktet for undersøkinga. Busett er definert som å ha opphald i landet på minst eit halvt år.

Utvalet blir trekt frå Det sentrale folkeregisteret, som er det offisielle registeret for busette i Noreg. Andre personar som oppheld seg i landet, kan derfor ikkje bli trekt ut i AKU. Undersøkinga dekkjer difor ikkje sysselsette i Noreg som pendlar inn frå utlandet, eller som har opphald i landet på mindre enn eit halvt år.

Datakjelder og utval

Hovudkjelda for AKU er data frå kontinuerlige intervjuundersøkingar kopla til registerdata. Dei sesongjusterte tala over registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar blir lagde på bakgrunn av datamateriale innhenta frå NAV sitt saksbehandlarsystem, ARENA.

På grunnlag av Det sentrale folkeregisteret blir det gjort ei tilfeldig trekking av familieeiningar som til saman utgjer 24 000 personar (per kvartal) i den aktuelle aldersgruppa. Kvart familiemedlem i alderen 15-74 år blir intervjua om si tilknyting til arbeidsmarknaden i ei nærare spesifisert referanseveke. intervjuobjekta deltar i alt 8 gonger i løpet av 8 påfølgjande kvartal.

Datainnsamling, editering og beregninger

Alle intervju skjer per telefon. Ein del opplysningar gitt ved tidlegare intervju blir nytta ved etterfølgjande intervju. Demografiske data blir innhenta frå Befolkningsregisteret i SSB. Personar som er trekte ut til å delta, skal helst svare sjølv, men om lag 15 prosent er indirekte intervju, dvs. ved svar frå nære familiemedlemmer. Det er oppgåveplikt, men tvangsmulkt blir ikkje praktisert.

Under sjølve intervjuet, som skjer ved bruk av PC-basert spørjeskjema, er det lagt inn fleire maskinelle rutinar for å førebyggje feil svar og/eller feil registrering av svar, t.d. når det gjeld talet på arbeidstimar i løpet av veka. I nokre tilfeller får intervjuaren "åtvaringar" ved registrering av svar, medan det i andre tilfelle er lagt inn maksimums- eller minimumsverdiar.

Statistikken frå AKU blir berekna slik at tala skal tilsvare heile befolkninga i alderen 15-74 år. Estimeringa byggjer på at kvar person i utvalet representerer fleire personar. Kor mange varierer, men for kvartalstal i 2017 er det om lag 195.

Estimeringsmetoden bruker fleire demografiske data og registeropplysningar relevante for tilknytinga til arbeidsmarknaden for å minimere standardfeil og rette opp mest mogleg av effekten av skeive svarutval i AKU, sidan fråfallet ikkje er tilfeldig. Ny metode blei lansert april 2018, men blir brukt også på data tilbake til 2006 for å få mest mogleg samanliknbare tidsseriar.

Estimeringsmetoden i AKU skjer i fleire steg, og kallast multippel modell-kalibrering (MMK). Innleiingsvis blir hovudarbeidsmarknadsstatus i AKU modellert, det vil seie sysselsett, arbeidslaus og utanfor arbeidsstyrken, konsistent med ein multinomisk logit-modell[1] forklart med ei rekke registervariablar kjent for alle i populasjonen. Registerinformasjonen er registrerte heilt ledige, på tiltak og personar med nedsett arbeidsevne hos NAV, registerinformasjon om uførepensjonistar, utdanningsnivå, sivilstand, familiestorleik og innvandrarkategori, landbakgrunn, kjønn og alder, bustadfylke, og informasjon fra A-ordninga og Skattemeldingsregisteret. Modellen gir predikerte sannsynlegheiter for dei ulike hovudstatusane i AKU for einkvar i populasjonen. Månadsvektene i AKU blir kalibrerte ved hjelp av dei predikerte sannsynlegheitane og fleire registervariablar direkte[2]. Dette gjer at vektene også blir konsistente med populasjonen for tala i bl.a. befolkningsregisteret etter kjønn, ulike aldersgrupper og landsdel, i tillegg til konsistente vekter for talet på heil/deltids-lønstakarar etter kjønn og registersysselsette innvandrarar etter 2 landgrupper.

Multippel modell-kalibrering gir noko variansreduksjon, ved å utnytte meir effektivt at vi har tilgjengelig god hjelpeinformasjon om alle i populasjonen frå ulike register som SSB har kopla saman.

Utgangsvektene, før kalibreringa, er forholdet mellom talet på personar i populasjonen og bruttoutvalet pr. fylke, og tar omsyn til at personar i ulike fylke har ulik sjanse for å bli trekte ut i AKU.

For meir detaljert teknisk informasjon om ny estimeringsmetode, sjå Documents 2018/16 [https://www.ssb.no/en/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/new-estimation-methodology-for-the-norwegian-labour-force-survey]



[1] Ein multinomisk logit-modell er ein logistisk regresjon generalisert til meir enn to moglege diskrete resultat. Modellen blir brukt til å predikere sjansane for dei ulike moglege utfalla av ein kategorisk distribuert avhengig variabel, gitt eit sett med uavhengige variablar.

[2] At vektene er konsistente for ein registervariabel, for eksempel kjønn, betyr at summen av vektene i svarutvalet i AKU gir same tal som i heile populasjonen for kvar kategori av registervariabelen, eksempelvis talet på menn og kvinner i populasjonen.

Sesongjustering

For å gjera tolkinga av endringar mellom dei siste månadsvise tala enklare, blir tala sesongjusterte ved bruk av X12-ARIMA.

Justeringa skjer indirekte, ved at vi sesongjusterer seriar for alder over/under 24 år kvar for seg for tala på sysselsette og arbeidslause. For utførte vekeverk sesongjusterer vi følgjande 3 seriar kvar for seg: personar 24 år og under, menn over 24 år og kvinner over 24 år. For registrerte heilt ledige hos NAV og registrerte heilt ledige hos NAV + personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak sesongjusterer vi fire seriar fordelt på kjønn kryssa med alder over/under 24 år kvar for seg. Totalane får vi ved å summere dei sesongjusterte delseriane i ettertid. Vi konstruerer kjønnsfordelte sesongjusterte tal for sysselsette, arbeidsledige og utførte vekeverk for personar 24 år og under ved at sesongjusterte seriar fordelte på alder blir brotne ned på kjønn ved hjelp av månadlege fordelingsnøklar. Fordelingsnøklane er laga av uoffisielle trendtal frå ekstrakjøringar av X12-ARIMA basert på AKU. Vi overlet til sesongjusteringsprogrammet å avgjere om additiv eller multiplikativ dekomponering av seriane gir best resultat, i tillegg til val av ARIMA-modell, og sesong- og trend. Desse optimale vala blir vanlegvis låste for eit år av gongen. Vi lar X12-ARIMA berekne sesongkomponentane og parametrane i prekorrigerings-regresjonane på nytt kvar månad. Dette er beste praksis for innstillingar av sesongjusteringsprogrammet, i følgje EUROSTAT, og blir gjort for å få lite revisjon av dei sesongjusterte tidsseriane gjennom året.

Vi lar sesongjusteringsprogrammet prekorrigere tidsseriane ved bruk av regresjonsanalyse. Vi har spesifisert høgresidevariablar for å ta omsyn til ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sesongjusterte seriane for sysselsetting og arbeidsløyse for dei over 24 år og tala for utførte vekeverk blir prekorrigerte dersom påska er i mars. Tala for utførte vekeverk er dessutan sensitive for meir enkeltståande fridagar, og vert difor i tillegg prekorrigerte for effektar av: 2. påskedag i mars, 1. mai, 17. mai, Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag. I tillegg korrigerer vi for talet på offentlege fridagar på vekedagar i desember og talet på normalarbeidsdagar i romjula og talet på vekedagar i juni som i AKU kjem i juli, fordi ein i AKU aldri deler referanseveker (måndag-søndag) mellom månader, slik kalenderen gjer (vi tar også høgde for at to av desse fridagane kan hamne på ein og same dato, f. eks. Kristi Himmelfartsdag på 17. mai i 2007 og 2012 og på 1. mai 2008). Alle høgresidevariablane er rekna som avvik får respektive månadsgjennomsnitt. I tillegg er variablane justert med ein vekemultiplikator for betre å justere for at nokre månader i AKU har 5 referanseveker, medan andre har 4.

Sjå punktet Om sesongjustering lenger ned for meir informasjon om sesongjusteringa.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

Ny estimeringsmetode publisert i april 2018 tar i bruk fleire register som vil redusere statistisk usikkerheit og effekten av skeive utval. Dette fører til litt lågare nivå på sysselsette og nesten tilsvarende høgare nivå for personar utanfor arbeidsstyrken enn førre metode. Talet på arbeidslause endrer seg lite totalt sett. For å få mest mogleg samanliknbare tal, er tidsseriane reviderte tilbake til 2006 i Statistikkbanken. Justeringane varierer litt mellom grupper og over tid. For meir informasjon om endringane, sjå eigen artikkel: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/ny-metode-gir-bedre-aku-tall.

AKU gjekk gjennom ei større omlegging frå januar 2006 , mest for å kome i samsvar med endringar som også er gjort i EU-landa i tråd med nye ILO-tilrådingar. Endringane gjaldt nokre mindre definisjonsendringar og justeringar av spørjeskjemaet. Samstundes blei utvalet utvida til å omfatte alle 15-åringar, og frå då blei alder definert som fylte år på referansetidspunktet for undersøkinga, i tråd med opplegget i andre land. Før 2006 var alder definert som fylte år ved utgangen av året. Frå og med publiseringa av tala for 1. kvartal 2012 handterer vi omlegginga i 2006 ved å starte tidsseriane i 2006. Fram til mars 2012 blei det gjort ved å halde 15-åringane utanfor talgrunnlaget som vart sesongjustert, for å unngå brot i tidsseriane.

Også i 1996 var det ei større omlegging. Frå april 1988 t.o.m. 1995 hadde vi berre ei veke i månaden som referanseperiode i AKU, medan vi frå og med 1996 gjekk over til kontinuerlege referanseveker, dvs. at alle vekene i året blir kartlagde. Før 1996 prøvde ein å unngå innslag av rørlege heilagdagar og fridagar i referansevekene (bortsett frå juli), for å gjera tala mest mogeleg samanliknbare frå år til år.

Brot i tidsseriane før 2006 blir nærare forklart i Arbeidskraftundersøkelsen 2001 (NOS C 748).

Internasjonale standardar blir brukte ved definisjonar og grupperingar, jfr. pkt 4.1, slik at tal frå AKU kan samanliknast med tal frå andre land med denne typen undersøkingar som kjelde.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Generelt vil det kunne oppstå feil både under intervjuet og i kodinga av variablane i ettertid. I Notater 2002/24 Dokumentasjon av arbeidskraftundersøkelsen er det gjort greie for denne type feil for ein del av variablane. I AKU blir ein del personar intervjua indirekte, dvs. via svar frå eit anna familiemedlem. Undersøkingar viser at sysselsettinga i gjennomsnitt er undervurdert blant dei som blir intervjua på denne måten. Dette gir særleg utslag for aldersgruppa under 30 år.

Storleiken på fråfallet i prosent av bruttoutvalet har variert mykje sidan AKU starta opp i 1972. Dei 20 første åra låg det stort sett rundt 10-12 prosent. I åra 1992-1997 var det særleg lågt, berre 6-8 prosent, for deretter å auke gradvis til ein topp på 21 prosent i 2013. Etter systematisk arbeid blei så fråfallet redusert til rundt 16 prosent i 2017.

Kvart kvartal blir 1/8 av utvalet fornya. Delutval som kjem til kvart kvartal, blir ikkje justert for endringar i populasjonen etter at det er trekt. I estimeringa sikrar ein likevel at utvalet samla sett er riktig kvart kvartal etter alder, kjønn og fylke.

Utvalsusikkerheit er eit uttrykk for den usikkerheita ein får i resultata fordi desse byggjer på opplysningar om berre ein del (eit utval) av befolkninga. Ved å berekna ein storleik som blir kalla standardfeilen, får ein eit mål for kor stor utvalsusikkerheita er. Standardfeilen vil variere med kva slag variabel ein ser på. Dersom standardfeilen var kjent, kunne ein finne eit intervall som med eit bestemt sannsyn inneheld den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde gjort ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet blir kalla konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil intervallet med yttergrensene M ± 2 s  med 95 prosent sannsyn innehalde den sanne verdien av estimatet.

Standardfeilen for kvartalsgjennomsnitt for talet på arbeidsledige 15-74 år er rundt 4600 i 2017. Det svarar til ein variasjonskoeffisient på 3,9 prosent. Standardfeilen for kvartalsgjennomsnitt for talet på sysselsette 15-74 år i AKU er rundt 8600 personar i 2017. Variasjonskoeffisienten for sysselsettingstala blir då på rundt 0,29 prosent. Fleire berekningar vil seinare bli publisert i Statistikkbanken.

Det er uvisse i samband med sjølve sesongjusteringa. Sesongjusteringsprogrammet gir modellbaserte framskrivingar av data som blir nytta i utrekningane av dei sesongjusterte tala og trenden. Det er modelluvisse i samband med framskrivingane, noko som gir uvisse i dei sesongjusterte tala og trenden mot slutten av tidsserien, spesielt det siste året. Før sesongjustering blir seriane prekorrigerte ved hjelp av regresjonsmodellar i X12ARIMA, der vi har spesifisert forklaringsvariablane. Seriane blir prekorrigerte for ulike brot, ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sistnemnde effektane er mest aktuelle for sesongjustering av tal for utførte vekeverk. Det er uvisse i samband med regresjonsestimata over. Eventuell feilspesifikasjon av effektane over kan gi upresise tal.

 

Revisjon

Tala blir reviderte som følgje av sesongjusteringar. Sjå arkfana Om sesongjustering for meir informasjon om revisjonsrutinane.

Om sesongjustering

Generelt om sesongjustering

For måneds- og kvartalstall er det ofte betydelige sesongvariasjoner som vanskeliggjør en direkte tolkning av utviklingen fra periode til periode. For å lette tolkningen av slike tidsserier, sesongjusteres mange tallserier ved bruk av X-13-ARIMA-SEATS.

For mer generell informasjon om sesongjustering og begrepene knyttet til det, se Generelt om sesongjustering (pdf).

Merk spesielt at i forbindelse med koronautbruddet (mars 2020) er det gjort noen endringer i sesongjusteringen:

  • additive utliggere (AO) og nivåskift (LS) er innarbeidet i prekorrigeringen.
  • det månedlige trendtallet for siste observasjon erstattes med det sesongjusterte tallet, siden vi ikke kan spesifisere nivåskift i siste observasjon og punktekstremverdi (AO)
  • Nav-tallene prekorrigeres for gradvis brudd knyttet til endret saksbehandlingssysstem, spesifisert som kvadratisk avtagende gradvis brudd (QD2018.10-2019.1) 

Kvifor blir denne statistikken sesongjustert?

På grunn av bevegelige helligdager og ferieavvikling i juli og desember varierer utførte ukeverk gjennom året. Også antall sysselsatte og arbeidsledige, særlig for unge, viser noe variasjon gjennom året, bl.a. på grunn av ferievikarer og sommerjobbing av elever og studenter eller forsøk på å skaffe seg sommerjobb. Dette vanskeliggjør en direkte sammenligning fra en måned til den neste. For å justere for disse forhold sesongjusteres AKU, slik at man kan analysere den underliggende aktivitetsutviklingen som sier noe om konjunkturforløpet fra måned til måned.

Serier som sesongjusteres

Sysselsatte personer og arbeidsledige sesongjusteres fordelt på alder over/under 24 år.
For utførte ukeverk sesongjusterer vi følgende 3 serier for hver for seg, og summerer deretter for å få totalen:

  • Personer 24 år og under
  • Menn over 24 år
  • Kvinner over 24 år

I tillegg til AKU, sesongjusterer vi tall for registrerte helt ledige hos NAV og registrerte helt ledige hos NAV + personer på ordinære arbeidsmarkedstiltak som et supplement, i og med at disse tallene ikke er heftet med utvalgsusikkerhet. For disse NAV-seriene sesongjusterer vi 4 serier fordelt på kjønn kryssklassifisert med alder over/under 24 år hver for seg.

 

Prekorrigering

Prekorrigeringsrutiner i bruk

Prekorrigering er korrigering av rådata for kalendereffekter og ekstremverdier før det blir gjennomført en sesongjustering.

Det gjennomføres en detaljert prekorrigering av rådata. Med detaljert prekorrigering menes bruk av spesialtilpassede modeller for å prekorrigere rådata, som ikke finnes som standardopsjoner i sesongjusteringsverktøyet.

Kalenderjustering

Kalenderjusteringer innebærer både å justere for virkedager og for bevegelige helligdager. Virkedagskorrigering betyr at vi justerer rådata for at både antall arbeidsdager og sammensetningen av dem kan variere fra periode til periode.

Det gjennomføres kalenderjustering på alle serier som viser signifikant og plausibel kalendereffekt innenfor en robust statistisk tilnærming, som regresjon eller RegARIMA-prosedyre. (en regresjonsmodell der restleddet er modellert ved en ARIMA-modell).

Metode for justering for virkedager

Det korrigeres ikke for virkedager.

Kommentar : AKU kartlegger befolkningens tilknytning til arbeidsmarkedet i hele referanseuker. Referanseukene deles ikke for å følge klanderens inndeling av måneder. Dermed inneholder alle månedene like mange mandager som tirsdager, onsdager, torsdager osv. Månedsfilene inneholder enten 4 eller 5 uker, og oppblåsningsfaktorene justerer for dette. Derfor påvirkes virkedagene kun av faste- og bevegelige høytids- og helligdager.

Justering for bevegelige helligdager

Det justeres ved hjelp av estimering av varigheten for effekten av de bevegelige helligdagene, spesielt tilpasset norske forhold.

Kommentar :

De sesongjusterte seriene for utførte ukeverk prekorrigeres dersom påskeuka havner i mars.

Utførte ukeverk er også sensitive for enkeltstående fridager, og prekorrigeres derfor også for: 1. mai og 17. mai på ukedager, 2. påskedag, 2. pinsedag og Kristi Himmelfartsdag. Vi tar også høyde for at Kristi Himmelfartsdag kan havne på en og samme dato som faste fridager (f. eks. Kristi Himmelfartsdag på 17. mai i 2007 og 2012 og på 1. mai i 2008). I tillegg korrigerer vi for antall offentlige fridager på ukedager i desember og antall normalarbeidsdager i romjula i desember/januar i AKU, fordi vi i AKU aldri deler referanseuker (mandag-søndag) mellom måneder, slik kalenderen gjør.

Alle prekorrigeringsviablene er regnet som avvik fra respektive månedsgjennomsnitt.

I tillegg er variablene justert med en ukemultiplikator1 for å bedre justere for at noen måneder i AKU har 5 referanseuker mens andre har 4 referanseuker. Årsaken er at kalendereffektene blir litt ”utvannet” når vektene på månedsfilen er tilpasset 5 ukesutvalg, i og med at det da er kun er rundt en 1/5 som er intervjuet om en referanseuke med en spesiell hendelse, for eksempel påskeuka. Tilsvarende blir kalendereffektene litt kraftigere enn gjennomsnittet når vektene på månedsfilen er tilpasset 4 ukesutvalg. (Gjennomsnittlig antall uker pr. måned er på lang sikt ca. 4,348. Ukemultiplikatoren for 4 ukersmåneder er da 4,348/4=1,087, og for 5 ukersmåneder 4,348/5=0,870.)

Nasjonal og EU/euroområde-kalender

En kalender basert på norske høytids- og helligdager benyttes.

Kommentar : Kalender basert på norske høytids- og helligdager benyttes. Vi tar også høyde for månedsinndelingen i AKU, hvor referanseukene (mandag – sønddag) ikke deles.

Behandling av ekstreme verdier

Ekstreme verdier, også kalt utliggere, er unormale verdier i serien.

Seriene kontrolleres for ekstreme verdier, og identifiserte ekstremer blir forklart/modellert med bruk av all tilgjengelig informasjon. Når det foreligger en klar tolkning av årsaken til de ekstreme verdiene (f.eks. streik eller konsekvenser forårsaket av endringer i politikken m.m.) blir de inkludert som regressorer i modellen.

Ekstreme verdier identifiseres automatisk i sesongjusteringsverktøyet, og blir fjernet før sesongjustering gjennomføres. De ekstreme verdiene inkluderes i etterkant i de sesongjusterte tall.

Kommentar : Kun additive (punkt) utliggere identifiseres og fjernes automatisk.

 

Håndtering av koronakrisen (mars 2020):

Koronakrisen modelleres konsekvent for alle tidsserier med spesifisering av punktekstremverdi for siste observasjon (etter mars 2020), og framover med nivåskift (LS) for hver måned fra og med mars 2020 bortsett fra siste observasjon. Eksempelvis innebærer det med tall tom. mars, prekorrigeres med spesifikasjonen AO2020.3. Senere med tal tom. mai vil bli prekorrigert med spesifikasjonen: LS2020.3 LS2020.4 og AO2020.5. Prekorrigerte effekter legges tilbake i de sesongjusterte tallene etter at sesongkomponent er beregnet. Vanlige trendtall for siste observasjon blir misvisende siden den ikke påvirkes av siste punktekstremverdi, kun av nivåskift. Vi erstatter nå derfor trendtallet for siste måned med sesongjustert tall for siste måned. Det er vårt beste anslag for siste observasjon. I statistikkbanken presenteres tidsserier som er glattet med 3 måneders glidende gjennomsnitt i etterkant, både for sesongjusterte tall og trend.

 

Modellering av brudd i tidsseriene fra NAV

Tidsserier for registrerte ledige hos NAV og registrerte ledige + ordinære tiltaksdeltakere hos NAV prekorrigeres for Koronakrisen (se avsnitt over) og i tillegg to ulike brudd omtalt på www.nav.no. Det

Tidsseriene fra NAV er konsekvent prekorrigert for gradvis brudd knyttet til endret saksbehandlingssystem i november 2018. Det er spesifisert som kvadratisk avtagende gradvis brudd (QD2018.10-2019.1) i tråd med informasjon på fra NAV. I tillegg er tidsseriene fra NAV konsekvent prekorrigert med ett nivåskift (LS2018.7), siden NAV startet med påminnelse på SMS fra juli 2018 til registrerte ledige om å sende meldekort om de fortsatt ønsket å være registrert som arbeidssøkere.

 

 

Valg av modell

For å prekorrigere er det nødvendig å velge en ARIMA-modell, samt avgjøre om data bør log-transformeres eller ikke

Modell velges automatisk etter etablerte rutiner i sesongjusteringsverktøyet.

Kommentar : Prosedyren pickmdl i Versjon 0.3 av X-12-ARIMA benyttes, med standard metode (=first) i den årlige identifiseringen av ARIMA-modellene, før de automatisk valgte ARIMA-modellene hardkodes i egen prosedyre. I listen over ARIMA-modeller som evt. sjekkes i pickmdl prosedyren, har vi for AKU-seriene lagt til 3 ekstra modeller mot slutten, som skulle være spesielt egnet til å modellere tidsserier med en datafangst der personene intervjues hver 3. måned (over 2 år). De ekstra ARIMA-modellene er:

(0,1,[1,3])(0,1,1)12
(0,1,3)(0,1,1) 12
(0,1,1)1(0,0,1)3(0,1,1)12

Dekomponeringsrutiner

Dekomponeringsrutinen spesifiserer hvordan trend-, sesong og irregulær komponent blir dekomponert. De mest vanligste dekomponeringene er additiv, multiplikativ og log additiv

Automatisk valg av dekomponeringsrutine.

Kommentar : Automatiske valg foretas ved årlig gjennomgang. Valgte dekomponeringmetoder hardkodes.

 

Sesongjustering

Valg av sesongjusteringsmetode

X13-ARIMA-SEATS

Konsistens mellom rådata og sesongjusterte tall

I enkelte serier er det ønskelig at f.eks. sum (gjennomsnitt) av sesongjusterte tall for et år skal være identisk med sum (gjennomsnitt) i den opprinnelige råserien.

Tvinger likhet over året mellom sesongjusterte data og rådata (gjennomsnitt).

Kommentar : Siden årsgjennomsnittene først er klare ved publiseringen av 4. kvartal, benyttes foreløpige justeringsfaktorer fra året før inntil de nye er klare. Hele året blir derfor nivåjustert ved publiseringen av 4. kvartal.

Konsistens mellom aggregat/definisjoner for sesongjusterte tall

I enkelte serier pålegges det konsistens mellom sesongjusterte totaler og underaggregater. I tillegg er det for enkelte tidsserier et forhold mellom de ulike seriene, for eksempel bruttoprodukt som er lik produksjon minus produktinnsats.

Tvinger likhet mellom sesongjusterte under- og overaggregater.

Kommentar : Likheten framkommer gjennom indirekte metode, se under. Arbeidsstyrken sesongjusteres ikke. Arbeidsstyrken, sesongjustert, er definert lik summen av sysselsatte, sesongjustert, og arbeidsledige, sesongjustert.

Direkte eller indirekte metode

En direkte metode er anvendt dersom tidsserier for en total og tilhørende underaggregater alle er sesongjustert hver for seg. En indirekte metode er anvendt for total dersom tidsserier for de tilhørende underaggregater er sesongjustert direkte og det deretter er foretatt en aggregering til totalnivå.

Indirekte metode anvendes, der komponentene sesongjusteres direkte med samme tilnærming og programvare. Totalene blir beregnet ved å aggregere de sesongjusterte komponentene.

Tidshorisont for estimering av modell og beregning av korrigeringsfaktorer

Når sesongjusteringen skal gjennomføres er det mulig å velge hvilken periode som skal brukes i estimeringen og beregningen av korrigeringsfaktorene. Med korrigeringsfaktorer menes faktorer for å prekorrigere og sesongjustere tidsserien.

Hele tidsserien brukes for å beregne modell og korrigeringsfaktorer.

Revisjonsrutiner

Revisjonsrutiner i bruk

Sesongjusteringen kan bli endret ved at det kommer til nye observasjoner eller rådata endres. Dette kalles revisjon, og det finnes flere måter å håndtere revisjonen på i offentliggjøringen av statistikken.

Sesongjusterte data revideres i overensstemmelse med veldefinerte og offentlig tilgjengelige revisjonsrutiner og frigivingskalender.

Kommentar :
Revisjon ved kvartalets andre måned; den første månedsfilen i kvartalet er foreløpig, og blir supplert med intervjuer som SSB ikke rakk å få med innen den foreløpig tidsfristen. Datamaterialet blir reestimert samtidig med estimeringen av tall for kvartalets andre måned. Til reesetimeringen benyttes også mer oppdatert hjelpeinformasjon om hele populasjonen fra Arbeidstakerregisteret og Folkeregisteret.

Kvartalsvis revisjon; de 2 første månedsfilene i kvartalet er foreløpige, og blir supplert med intervjuer ved kvartalsslutt, som SSB ikke rakk å få med innen de foreløpige tidsfristene. Til reesetimeringen benyttes også mer oppdatert hjelpeinformasjon om hele populasjonen fra Arbeidstakerregisteret Til estimeringen for 4. kvartal benyttes også mer oppdatert hjelpeinformasjon om hele populasjonen fra det årlige Ligningsregisteret.

Årlig revisjon ; Etter sesongkorrigering blir nivået på seriene justert slik at årsgjennomsnittene av de sesongkorrigerte tallene er lik tilsvarende ukorrigerte tall fra AKU. Siden årsgjennomsnittene først er klare ved publiseringen av 4. kvartal, benyttes foreløpige justeringsfaktorer fra året før inntil de nye er klare. Hele året blir derfor nivåjustert ved publiseringen av 4. kvartal.

Løpende eller faste valg i sesongjusteringen

Delvis løpende korrigering, der modellene, inkl. evt. log-transformering, sesong- og trendfiltre og kalender-regressorene kun identifiseres årlig, mens respektive regresjonsparametere og faktorer reestimeres løpende hver gang nye eller reviderte rådata er tilgjengelige. Punkt-ekstremverdier reidentifiseres og estimeres imidlertid løpende hver gang nye rådata er tilgjengelige.

Tidshorisont for publisering av reviderte tall

Hele serien revideres når sesongfaktorene reestimeres.

Kvalitet på sesongjustering

Evaluering av sesongjusterte tall

Det evalueres kontinuerlig/periodevis de forskjellige kvalitative indikatorer som sesongjusteringsverktøyet produserer.

Kvalitetsindikatorer

For å behandle de fleste serier brukes et begrenset utvalg av diagnostikk og grafiske muligheter som sesongjusteringsverktøyet produserer.

Tabellen nedenfor viser enkelte indikatorer på kvalitet på sesongjusterte tall: kvalitetsindikatorer

Forklaringen på indikatorene i tabellen kan finnes her: SSBs Metadata - Statistiske metoder - Sesongjustering

 

Spesielle tilfeller

Sesongjustering av korte tidsserie

Alle seriene er lange nok for å gjennomføre sesongkorrigeringsrutiner på en optimal måte

Kommentar : I 2006 var det en omlegging av AKU, hvor vi bl.a. begynte å kartlegge arbeidsmarkedssituasjonen også for 15-åringer. For å unngå brudd lar vi tidsseriene nå starte i 2006.

Behandling av vanskelig tidsserier

Problematiske serier behandles på en spesiell måte kun når de er relevante. Øvrige serier behandles i følge vanlige rutiner.

Kommentar : Stor tilfeldig variasjon (utvalgsusikkerhet) og liten sesongvariasjon gjør at vi ikke sesongjusterer alle variablene kjønnsfordelt. Dette gjelder arbeidsledige, sysselsatte og utførte ukeverk for personer 24 år og under. Etter sesongkorrigering og nivåjustering brytes evt. de aldersfordelte tallene ned på kjønn ved hjelp av månedlige fordelingsnøkler. Fordelingsnøklene er laget av uoffisielle trend tall fra ekstrakjøringer av X12-ARIMA basert på AKU.

Publiseringsrutiner

Tilgjengelighet

Både 3 måneders glidende sentrerte gjennomsnitt av sesongjusterte serier og trend er tilgjengelige.

Alle metadata relatert til hver enkelte serie er tilgjengelige.

Historiske sesongjusterte data er tilgjengelige i statistikkens arkiv med hensyn til gjennomføring av revisjonsanalyse.

Sesongjusterte AKU-tall er også tilgjengelig som åpne data med Application Programming Interface ( API ).

Kommentar : Se tidligere publisert for tabeller med historiske sesongjusterte data.

Formidling

3 måneders glidende sentrerte gjennomsnitt av sesong- og kalenderjusterte serier og trend formidles.

For hver serie formidles enkelte indikatorer som viser kvaliteten på sesongjusteringsrutinene.

Kommentar : Kun 3 måneders glidende sentrerte gjennomsnitt av sesong- og kalenderjusterte tall publiseres for å redusere usikkerheten, i tillegg til trenden. For eksempel er tallet for september gjennomsnittet av anslagene for august – oktober.

Kontakt