Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar på arbeidsmarknaden
Arbeidsløysa og sysselsetjinga var om lag uendra frå august til november 2003. Også vekeverkstala viste små endringar, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU).
Sidan juni (tremånadsperioden mai-juli) har trenden vore ein nedgang i arbeidsløysa. Det siste talet frå november (oktober-desember) syner ein oppgang på 1 000 frå månaden før. Oppgangen er likevel klårt innanfor feilmarginen i AKU og kan ikkje tolkast som eit brot på trenden. Sesongjusterte tal på registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste ein svak nedgang frå oktober til november.
Sidan sommaren 2003 har talet på sysselsette auka i alle tremånadsperiodane. Frå oktober til november 2003 minka talet på sysselsette med 9 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU.
Auka arbeidsløyse i Sverige
Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,6 prosent i november 2003, det same som i august. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU-landa uendra på 8,0 prosent, medan for OECD-landa samla gjekk arbeidsløysa ned frå 7,1 til 7,0 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,9 prosent i november, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå august. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 5,6 til 6,0 prosent, medan ho i Finland gjekk ned frå 9,0 til 8,9 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Tyskland og Frankrike om lag uendra. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .
Ingen nedgang i vekeverkstala
Utførde vekeverk (à 37,5 timar) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Frå august (juli-september) til november (oktober-desember) auka talet på utførde vekeverk med 2 000, noko som er innanfor feilmarginen.
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for november gjennomsnittet av overslaga for oktober, november og desember.
Ny metode for sesongjustering av AKU
SSB sesongjusterer no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Trendseriar vil også snart bli publiserte.
Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførde vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.
Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråvere pga. feriar eller rørlege helgedagar anten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerar me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.
Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa blir det rekna tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62