2172_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2172
Uendra sysselsetjing og arbeidsløyse
statistikk
2004-02-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra sysselsetjing og arbeidsløyse

Arbeidsløysa og sysselsetjinga var om lag uendra frå september til desember 2003. Vekeverkstala gjekk samstundes ned, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2003. 1 000

Sidan juni (tremånadsperioden mai-juli) har trenden vore ein svak nedgang i arbeidsløysa. Det siste talet for desember (november-januar) syner ein oppgang på 1 000 frå månaden før, slik òg talet for november gjorde. Oppgangen er likevel klårt innanfor feilmarginen i AKU og kan ikkje tolkast som eit brot på trenden. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste òg ein svak oppgang frå november til desember.

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. Men frå oktober (september-november) til desember (november-januar) minka talet på sysselsette med 10 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU. Nedgangen kan difor ikkje tolkast som eit brot på trenden.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Desember 2003. I prosent av arbeidsstyrken

Lågare arbeidsløyse i USA og OECD

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,6 prosent i desember 2003, det same som i september. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU-landa uendra på 8,0 prosent, medan for OECD-landa samla gjekk arbeidsløysa ned frå 7,1 til 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,7 prosent i desember, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå september. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 5,6 til 6,0 prosent, i Danmark frå 5,9 til 6,1 prosent, medan ho i Finland var uendra på 9,0 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Tyskland og Frankrike om lag uendra. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Nedgang i vekeverkstala

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Frå september til desember minka talet på utførte vekeverk med 27 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen. Noko av nedgangen kan kome av at mange sysselsette tok fri i arbeidsdagane rundt nyttår.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånads glidande gjennomsnitt. 1999-2003. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånads glidande gjennomsnitt. 1999-2003. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for desember gjennomsnittet av overslaga for november, desember og januar.

Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterer no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Trendseriar vil også snart bli publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførde vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråvere pga. feriar eller rørlege helgedagar anten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerar me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa blir det rekna tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: