2170_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2170
Betring på arbeidsmarknaden
statistikk
2004-03-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Betring på arbeidsmarknaden

Sidan juni i fjor har talet på arbeidslause gradvis minka, og januar i år viste ein nedgang på 4 000 frå månaden før. Også sysselsettinga har gradvis betra seg i same perioden, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Sidan juni (tremånadsperioden mai-juli) i fjor har trenden vore ein nedgang i arbeidsløysa. Det siste talet for januar (desember-februar) syner ein nedgang på 4 000 frå månaden før (november-januar). Reduksjonen er om lag på storleik med feilmarginen i AKU, og forsterkar dermed inntrykket om at arbeidsløysa er på veg nedover. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste ein litt svakare nedgang frå desember i fjor til januar i år.

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auke etter ein lengre periode med nedgang. I januar i år auka talet på sysselsette berre med 2 000 frå månaden før, noko som er innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU.

Lågare arbeidsløyse i USA og OECD

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, januar 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1000

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i januar 2004, mot 4,5 prosent i oktober i fjor. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU-landa uendra på 8,0 prosent, medan for OECD-landa samla gjekk arbeidsløysa ned frå 7,1 til 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,6 prosent i januar, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå oktober. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 5,9 til 6,0 prosent, i Danmark frå 5,9 til 6,1 prosent, og i Finland frå 8,9 til 9,0 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Tyskland og Frankrike om lag uendra. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Nedgang i vekeverkstala

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Frå oktober til januar minka talet på utførte vekeverk med 34 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen. Noko av nedgangen kan kome av at ekstra mange sysselsette tok fri i arbeidsdagane rundt nyttår.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for januar gjennomsnittet av overslaga for desember, januar og februar.

Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterar no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver pga. feriar eller rørlege heilagdagar enten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerar me hovudsakeleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa reknas det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: