2164_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2164
Stabil arbeidsmarknad
statistikk
2004-06-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsmarknad

Talet på arbeidslause og sysselsette var i april om lag uendra frå månaden før. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Det siste talet på arbeidslause for april (tremånadersperioden mars-mai) syner ein auke på 2 000 personar frå månaden før (februar-april). Den avtakande trenden vi har hatt for arbeidsløysa sidan juni (mai-juli) i fjor, har med dette svekka seg noko, men endringa er klårt innanfor feilmarginen i AKU. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste om lag same utvikling frå mars til april.

I juni 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I april i år var talet uendra frå månaden før. Sysselsetjinga ser likevel ut til å vera inne i ein aukande trend.

Stadig høgare arbeidsløyse i Tyskland

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,3 prosent i april 2004, samanlikna med 4,4 prosent i januar. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,1 og 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,6 prosent i april, det same som i januar. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,0 til 6,3 prosent, og i Finland frå 9,0 til 9,1 prosent. I same periode var det ein auke frå 9,6 til 9,8 prosent i Tyskland, medan Frankrike hadde ein nedgang frå 9,5 til 9,4 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, april 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Vekst i vekeverkstala

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Men frå januar til april auka talet på utførte vekeverk med 39 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen. Auken må likevel sjåast i samanheng med at ekstra mange sysselsette tok fri i arbeidsdagane rundt nyttår, noko som gjorde at talet for januar (tremånadersperioden desember-februar) var uvanleg lågt.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for april gjennomsnittet av overslaga for mars, april og mai.


Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1000


Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterar no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke pr. månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver pga. feriar eller rørlege heilagdagar enten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerar me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa reknas det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august - oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: