Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Små endringar på arbeidsmarknaden
Talet på arbeidslause for juni var uendra frå månaden før, og om lag like høgt som i juni i fjor. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.
Det siste talet på arbeidslause for juni (tremånadersperioden mai-juli) var uendra frå månaden før (april-juni). Arbeidsløysa har ikkje minka særleg samanlikna med juni i fjor. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har vore meir eller mindre uendra siste året, og om lag på same nivå som AKU sitt tal på arbeidslause.
I juni 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I juni i år var talet uendra frå månaden før. Sysselsetjinga ser likevel ut til å vera inne i ein aukande trend.
Lågare arbeidsløyse i Finland
Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i juni 2004, mot 4,3 prosent i mars. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,1 og 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,6 prosent i juni, mot 5,7 prosent i mars. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,3 til 6,6 prosent, medan ho gjekk ned i Finland frå 9,0 til 8,8 prosent. I same periode var tala for Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,5 og 9,8 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .
Uendra vekeverkstal
Utførte vekeverk (à 37,5 timar) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå mars til juni i år var talet på utførte vekeverk om lag uendra.
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for juni gjennomsnittet av overslaga for mai, juni og juli.
Ny metode for sesongjustering av AKU
SSB sesongjusterar no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.
Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.
Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke pr. månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver pga. feriar eller rørlege heilagdagar enten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerar me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.
Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa reknas det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august - oktober.
|
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62