Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sysselsetjinga aukar framleis
Talet på sysselsette held fram med å auke, og er nesten på nivå med rekorden frå våren 2002. Frå juli til oktober 2004 var auken på 10 000 personar, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.
Etter ein periode med nedgang i sysselsetjinga frå våren 2002, snudde utviklinga sommaren 2003. Fram til oktober (tremånadersperioden september-november) 2004 har sysselsetjinga stege med i alt 25 000 personar. Samanlikna med juli (juni-august) 2004 var auken på 10 000, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vere inne i ein aukande trend, og nærmar seg stadig rekordnivået frå våren 2002.
Talet på arbeidslause i oktober var uendra samanlikna med månaden før. Arbeidsløysa har dessutan ikkje minka særleg frå oktober året før, og ser framleis ut til å halda seg på eit stabilt nivå. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har minka noko det siste året (oktober 2003-oktober 2004).
Små endringar internasjonalt
Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i oktober 2004, mot 4,5 prosent i juli. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,0 og 6,8 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,5 prosent i oktober, det same som i juli. Også i Sverige var talet uendra på 6,3 prosent, medan Finland hadde ein nedgang frå 8,9 til 8,7 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,5 og 9,9 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .
Uendra vekeverkstal
Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå juli til oktober 2004 auka talet på utførte vekeverk med 3 000, noko som er klårt innanfor feilmarginen for endringstala i AKU.
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for oktober gjennomsnittet av overslaga for september, oktober og november.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62