2146_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2146
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2005-04-01T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

Medan talet på sysselsette er aukande, held arbeidsløysa seg framleis stabil, syner nye sesongjusterte tal for januar frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Talet på arbeidslause i januar (tremånadersperioden desember-februar) var det same som i oktober (september-november) i fjor. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar minka noko i same perioden (frå oktober til januar).

Etter ein periode med negativ utvikling frå våren 2002, har sysselsetjinga sidan sommaren 2003 auka meir eller mindre kontinuerleg. I januar i år auka talet på sysselsette med 2 000 frå oktober i fjor, noko som er klårt innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vera inne i ein aukande trend.

Arbeidsløysa ned i USA og OECD-landa

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, januar 2005. I prosent av arbeidsstyrken

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i januar, uendra frå oktober i fjor. Også i EU-landa var talet uendra, på 8,0 prosent. I same perioden gjekk arbeidsløysa i OECD-landa ned frå 6,8 til 6,6 prosent, og i USA frå 5,5 til 5,2 prosent. Frå oktober i fjor til januar i år minka arbeidsløysa i Sverige frå 6,2 til 6,1 prosent, medan Finland hadde ein auke frå 8,8 til 8,9 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,7 og 9,6 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Auke i vekeverkstalet

Utførde vekeverk (à 37,5 timar) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har tala halde seg på eit ganske stabilt nivå. Frå oktober i fjor til januar i år auka talet på utførde vekeverk med 39 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen for endringstala i AKU. Men heile eller delar av oppgangen kjem av at det var få ekstra fridagar i samband med julehøgtida i 2004, noko som påverkar talet for januar (tremånadersperioden desember-februar).

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for januar gjennomsnittet av overslaga for desember, januar og februar.

Tabeller: