2144_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2144
Stabilt på arbeidsmarknaden
statistikk
2005-05-04T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabilt på arbeidsmarknaden

Tala på arbeidslause og sysselsette i februar var om lag uendra frå november i fjor, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Talet på arbeidslause i februar (tremånadersperioden januar-mars) gjekk opp med 1 000 frå november (oktober-desember) i fjor, men dette er klårt innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar minka noko i same perioden (frå november til februar).

Etter ein periode med negativ utvikling frå våren 2002, har sysselsetjinga sidan sommaren 2003 auka meir eller mindre kontinuerleg. I februar i år auka talet på sysselsette med 1 000 frå november i fjor, noko som óg er klårt innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga kan framleis vera inne i ein aukande trend, men biletet er ikkje like tydeleg som det har vore tidlegare.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, februar 2005. I prosent av arbeidsstyrken.

Små endringar internasjonalt

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i februar, mot 4,4 prosent i november i fjor. I EU- og OECD-landa var arbeidsløysa om lag uendra, på respektive 8,1 og 6,7 prosent. I same perioden var talet for USA uendra på 5,4 prosent. Frå november i fjor til februar i år auka arbeidsløysa i Sverige frå 6,4 til 6,5 prosent, og i Finland frå 8,8 til 9,0 prosent. I same perioden gjekk arbeidsløysa i Frankrike og Tyskland opp med 0,2 prosentpoeng, og enda på respektive 9,8 og 9,7 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Auke i vekeverkstalet

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå november i fjor til februar i år auka talet på utførte vekeverk med 7 000, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Men i samband med julehøgtida i 2004 var det få ekstra fridagar, noko som gjorde at vekeverkstalet for november (tremånadersperioden oktober-desember) var unormalt høgt. Difor er auken i vekeverka truleg større enn det tala gjer uttrykk for.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars.

Tabeller: