2140_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2140
Små endringar på arbeidsmarknaden
statistikk
2005-06-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar på arbeidsmarknaden

Arbeidsløysa var i april uendra frå månaden før. Talet på sysselsette var óg stabilt, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Talet på arbeidslause i april (tremånadsperioden mars-mai) var uendra frå månaden før (februar-april). Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar viste ein liten nedgang i same perioden (frå månaden før).

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Sidan våren 2004 har arbeidsløysa hatt ei noko ulik utvikling når ein samanliknar AKU og registertala frå Aetat. Personar registerte på arbeidsmarknadstiltak eller som yrkeshemma i Aetat vert haldne utanfor statistikken over registrerte arbeidslause, medan dette ikkje treng å vera tilfelle for AKU sine tal over arbeidslause. Gjennom 2004 og fram til byrjinga av 2005 har det vore ein sterk vekst i talet på yrkeshemma i Aetat. Dette har truleg medverka til at AKU har synt ei auke i arbeidsløysa over den same perioden, medan Aetat sine tal på registrerte arbeidslause har vist ei nedgang. Meir om dette kan du lese i ein eigen artikkel.

Etter ein periode med negativ utvikling frå våren 2002, har sysselsetjinga sidan sommaren 2003 auka meir eller mindre kontinuerleg. I april i år minka talet på sysselsette med 1 000 frå januar, noko som er klårt innanfor feilmarginen i AKU. Sysselsetjinga, slik AKU måler den, har haldt seg stabil i 2005.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, april 2005. I prosent av arbeidsstyrken.

Auka arbeidsløyse i Tyskland

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,6 prosent i april, mot 4,4 prosent i januar. Tala for EU- og OECD-landa var om lag uendra på respektive 8,1 og 6,7 prosent. Også i USA var arbeidsløysa uendra, på 5,2 prosent. I Danmark gjekk talet ned frå 5,0 til 4,9 prosent, og i Finland frå 8,8 til 8,6 prosent. Frå januar til april gjekk arbeidsløysa i Frankrike opp frå 9,7 til 9,8 prosent, og i Tyskland frå 9,6 til 10,0 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Vekeverkstalet opp

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) viste ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå januar til april i år gjekk talet på utførte vekeverk opp med 4 000, noko som er klårt innanfor feilmarginen i AKU. Men i samband med julehøgtida i 2004 var det få ekstra fridagar, noko som gjorde at vekeverkstalet for januar (tremånadsperioden desember-februar) var unormalt høgt. Difor er auken i vekeverka truleg større enn det tala gjer uttrykk for.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1000

Dekkjer AKU all sysselsetjing?

AKU måler berre sysselsetjing blant dei som er registrerte som busett i Folkeregisteret. Dette er personar som ein trur vil bu i landet i minst seks månader. Utlendingar som arbeider i Noreg i kortare tidsperiodar kjem difor ikkje med i AKU-tala. På den andre sida har ein med dei som er registrerte som busett i Noreg, men arbeider i utlandet. AKU følgjer her den avgrensinga som internasjonale organ rår til at ein nytter i personstatistikken. Statistisk sentralbyrå har nyleg publisert nokre tal for dei som ikkje er registrerte som busett .

I nasjonalrekneskapet og økonomisk statistikk er dei internasjonale føresegnene noko annleis. Her rår ein til å måle sysselsetjing i alle bedriftene som "høyrer heime i landet", utan omsyn til om dei sysselsette er registerte som busett eller ikkje. Men då ein krev at ei bedrift skal ha verksemd i landet i omlag eit år for å verta definert som at den høyrer heime i landet, vil det også her vere nokre som arbeider i landet som ikkje blir talt med som sysselsette. I nasjonalrekneskapen skal produksjon i bedrifter med kort produksjonstid i landet klassifiserast som import.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for april gjennomsnittet av overslaga for mars, april og mai.

Tabeller: