Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Arbeidsløysa uendra
Arbeidsløysa i juni var uendra frå månaden før, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.
Arbeidsløysa i juni (tremånadersperioden mai-juli) var uendra frå månaden før og har no lege flatt sidan mars (februar-april). Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat har i same periode synt ein nedgang på 4 000 personar. Når ein legg til dei på ordinære arbeidsmarknadstiltak, var nedgangen 5 000.
Det er skilnad i utviklinga av arbeidsløysa når ein måler med AKU-tala og registertala frå Aetat. Skilnaden var særleg stor i perioden våren 2004 til byrjinga av 2005. AKU synte då ein auke i arbeidsløysa, medan Aetat sine tal viste ein klår nedgang. Det er kan vere fleire årsaker til den ulike utviklinga. I AKU kan personar bli definerte som arbeidslause, som hos Aetat per definisjon ikkje kjem med i talet på registrerte arbeidslause. Det gjeld dei som ikkje søkjer arbeid gjennom Aetat og dei som vert klassifiserte som yrkeshemma eller på arbeidsmarknadstiltak i Aetat. Tidlegare analysar har også synt at ikkje alle dei som er registrert arbeidslause ved Aetat vert definerte som arbeidslause i AKU.
Lågare arbeidsløyse internasjonalt
Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,7 prosent i juni, det same som i mars. I EU-landa gjekk talet ned frå 8,1 til 8,0 prosent, medan OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,7 til 6,5 prosent. Også i USA var det reduksjon i arbeidsløysa, frå 5,2 til 5,0 prosent. Frå mars til juni var det dessutan ein nedgang i Danmark frå 4,9 til 4,8 prosent, i Finland frå 8,5 til 8,2 prosent, i Frankrike frå 9,8 til 9,7 prosent, og i Tyskland frå 9,7 til 9,5 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .
Etter ein periode med negativ utvikling frå våren 2002, har sysselsetjinga frå sommaren 2003 til utgangen av 2004 auka meir eller mindre heile tida. Sjølv om talet på sysselsette i juni ikkje synte nokon signifikant auke frå mars, styrker tala for juni likevel inntrykket av at auken held fram.
Nedgang i vekeverkstala
Utførte vekeverk (à 37,5 timar) viste ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå mars til juni i år minka likevel talet på utførte vekeverk med 18 000, noko som er på storleik med feilmarginen til AKU-tala.
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for juni gjennomsnittet av overslaga for mai, juni og juli.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62