Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil arbeidsløyse
Både arbeidsløysa og sysselsetjinga endra seg lite frå perioden mai-juli til august-oktober, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.
Etter ein vekst frå 2004 og inn i starten på 2005, har arbeidsløysa ifølgje AKU halde seg stabil siste tremånadersperioden, når ein tek omsyn til feilmarginen. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat har i same periode (frå mai-juli til august-oktober) synt ein nedgang på 2 000 personar.
Talet på sysselsette personar synte ein vekst på 4 000 personar siste tremånadersperioden, ifølgje AKU. Dette er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med den aukande trenden vi har hatt sidan sommaren 2003.
Arbeidsløysa ned i Tyskland
Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,7 prosent i september, uendra frå i juni. I EU15-landa var det ein nedgang frå 7,9 til 7,7 prosent, medan talet for OECD-landa var uendra på 6,5 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,1 prosent i september, mot 5,0 prosent i juni. I same periode gjekk arbeidsløysa ned frå 4,9 til 4,7 prosent i Danmark, medan talet for Finland var uendra på 8,3 prosent. Frå juni til september var det ein nedgang i Tyskland frå 9,5 til 8,7 prosent, og i Frankrike frå 9,6 til 9,4 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .
Frå juni (perioden mai-juli) til september (august-oktober) i år minka talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar) med 11 000, men dette er innanfor feilmarginen i AKU. Den seinaste utviklinga i vekeverkstala må ein sjå i samanheng med ein uvanleg sterk vekst i talet på personar med ferie i sommarmånadene juni, juli og august i år (særleg juli og august), samanlikna med dei to førre åra. Dette gjer at sesongjusteringsmetoden for tida har vanskar med å måle kor stor del av dei observerte endringstala som kjem av vanlege sesongvariasjonar.
Uvisse ved dei sesongjusterte tala
Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje talet på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august, september og oktober. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i " Om statistikken", pkt. 5.3 .
Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd.
Tabeller:
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.
Kontakt
-
Arbeidsmarked og lønn
E-post: arbeidsmarked@ssb.no
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 93 08 68 62