2128_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2128
Lågare arbeidsløyse
statistikk
2005-12-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare arbeidsløyse

Talet på arbeidslause i oktober var 7 000 lågare enn i juli, syner nye sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Ei endring i arbeidsløysa på 7 000 frå juli (tremånadersperioden juni-august) til oktober (september-november) er utanfor feilmarginen i AKU. Det vil seie at det har vore ein nedgang, men storleiken på nedgangen er uviss. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat synte i same periode ein nedgang på 3 000 personar.

Talet på sysselsette personar synte ein vekst på 5 000 personar frå juli til oktober, ifølgje AKU. Dette er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med den aukande trenden vi har hatt sidan sommaren 2003.

Lågare arbeidsløyse i EU

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,6 prosent i oktober, mot 4,9 prosent i juli. I EU15-landa var det ein nedgang frå 7,8 til 7,6 prosent, og i OECD-landa frå 6,5 til 6,4 prosent. I same periode var arbeidsløysa i USA uendra på 5,0 prosent. Frå juli til oktober gjekk arbeidsløysa ned frå 8,2 til 8,1 prosent i Finland, frå 9,3 til 9,1 prosent i Tyskland, og frå 9,5 til 9,3 prosent i Frankrike, syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, oktober 2005. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Frå juli til oktober auka talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) med 67 000, noko som isolert sett er klårt utanfor feilmarginen i AKU. Men ei endring i ferieavviklingsmønsteret i 2005 jamført med tidlegare år, gjer at sesongjusteringsmetoden for tida har vanskar med å justere vekeverkstala for verknaden av feriefråvær. Tidlegare i 2005 har AKU synt sterk nedgang, medan vi no har ein sterk vekst. Om ein ser året så langt under eit jamnar dette seg ut.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for oktober gjennomsnittet av overslaga for september, oktober og november. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd.

Tabeller: